Habilitering – autismespekterforstyrringar hos vaksne
Autisme er ei utviklingsforstyrring og omfattar fleire kategoriar av ulike diagnosar. Autisme er ein medfødd tilstand som påverkar nevroutviklinga, ofte omtalt som autismespekterforstyrringar.
Personar med autisme strevar ofte med det sosiale samspelet og å kommunisere med andre. Personen har gjerne gjentakande åtferd, og avgrensa interesseområde som kan vere altoppslukande. Kor alvorleg symptoma er og kor mykje dei påverkar funksjonsevna, varierer sterkt frå person til person. Det er også viktig å vere merksam på at funksjonsnivået som regel ikkje samsvarer med målt IQ. Det er nokså vanleg å ha andre lidingar i tillegg (komorbide tilstandar).
Tilvising og vurdering
For å få hjelp frå habiliteringsavdelinga må vi få tilvising frå spesialisthelsetenesta, lege eller andre med tilvisingsrett.
Før
For å kunne avklare ein diagnose innanfor autismespekteret må vurderinga bygge på ei grundig utgreiing.
Både pasient og nærpersonar som kjenner pasienten godt deltar i utgreiingsarbeidet, når dette er mogleg. Utgreiinga består av intervju og bruk av ulike kartleggingsskjema.
Før første time sender vi ofte ut et brev til pasient med spørsmål om samtykke til å innhente opplysninger fra andre instanser pasienten har vært i kontakt med tidligere. Aktuelle steder kan være PPT, sykehus og skoler.
Utredning kan foregå både i våre lokaler i Olav Bjordalsveg 29 i Bergen og ambulant i pasientens nærmiljø. Både pasient og nærpersoner som kjenner pasienten godt deltar i utredningsarbeidet. Utredningen består av intervju og ulike kartleggingsskjema. For noen er det også aktuelt med observasjoner på skole, arbeidsplass eller lignende.
Under
Når kartlegginga er ferdig, vil habiliteringstenesta anbefale ulike tiltak for pasient, pårørande og eventuelt det kommunale hjelpeapparatet og andre som hjelper pasienten. Aktuelle tiltak vil vere råd og rettleiing om tilrettelegging av omgivnadene dine, strukturering av samhandling og kommunikasjon.
For deg som får diagnosen innanfor autismespekteret vil informasjon og opplæring i autismespekterforstyrringa vere ein del av behandlinga. Undervisninga kan vere individuell eller gå føre seg i grupper.
Vi kallar deg og eventuelle nære personar inn til eit møte. Der vil vi gå gjennom resultatet av kartlegginga og legge fram dei tiltaka som vi anbefaler.
Vi kan tilby rettleiing/rådgiving til pårørande, tilsette i kommunehelsetenesta, bustadpersonell, NAV, skole, arbeidsplass og liknande.
I nokre tilfelle er det er det aktuelt å samarbeide med og/eller tilvise tilleggsproblematikk til andre avdelingar i spesialisthelsetenesta.
Informasjon om resultatet frå utgreiinga og aktuelle tiltak blir samanfatta i ein rapport. Rapporten blir sendt til tilviser og andre som du eller verje samtykker til at den skal sendast til.
Etter
Mange med diagnose innanfor autismespekteret har behov for samansette tenester og rett til ein individuell plan (IP). IP beskriv mål og satsingsområde for hjelp, støtte og tiltak som skal bidra til betra funksjon og livskvalitet. IP skal også klargjere ansvarsforhold. Om du ikkje allereie har IP, har spesialisthelsetenesta ansvar for å initiere det og bidra saman med kommunal koordinator slik at du blir sikra tenester frå nødvendige instansar.
Hos pasienter med en autismediagnose vil behandling og oppfølging variere. Habiliteringsavdelinga kan bidra til kompetanseheving hos det lokale hjelpeapparatet, slik at pasienten får tilpasset hjelp og støtte ut i fra sine behov.
Behovet for spesialisthelsetjenester varierer mye. I noen situasjoner har pasient, familien og kommunale tjenesteytere behov for noen få veiledningstimer for å få hjelp med konkrete problemstillinger knyttet til autismetilstanden. I andre tilfelle kan hjelpebehovet strekke seg over lengre tid.
Når pasienten er godt nok ivaretatt i nærmiljøet skal spesialisthelsetjenesten avslutte behandling og oppfølging. Det skal alltid skje skriftlig med en oppsummerende rapport som sendes til pasient og henviser (vanligvis fastlege). Dersom det oppstår nye problemstillinger som krever bistand fra spesialisthelsetjenesten kan pasienten henvises på nytt.
Kontakt
Olav Bjordals veg 29, Breistein
Habiliteringsavdelinga for vaksne
Oppmøtestad
Utredning vil foregå i Habiliteringsavdelinga for vaksne sine lokaler i Hetleveien 7D i Bergen og/eller ambulant i Helse Bergen sitt foretaksområde.
Olav Bjordals veg 29, Breistein
Olav Bjordals veg 29
5111 Breistein