Habilitering – autismespekterforstyrringar hos vaksne
Autismespekteret er breitt og omfattar fleire ulike diagnosar som er i slekt med kvarandre. Barneautisme, atypisk autisme og Asperger syndrom høyrer til i ei diagnosegruppe kalla gjennomgripande utviklingsforstyrring eller autismespekterforstyrringar.
Autismespekterforstyrringar er ei funksjonsnedsetting forårsaka av ei medfødd gjennomgripande utviklingsforstyrring og blir kjenneteikna av vanskar med gjensidig kommunikasjon, sosialt samspel og einsidig og gjentakande repertoar i åtferd, interesser og aktivitetar. Det mentale evnenivået til personen varierer.
Avvika blir vurderte i forhold til det mentale modningsnivået til personen. Symptombildet vil vere ulikt avhengig av alder, kjønn og nærvær av tilleggsvanskar. Det er viktig å vere merksam på store individuelle forskjellar hos menneske med ein diagnose innanfor autismespekteret.
Tilvising og vurdering
For å få hjelp frå Habiliteringsavdelinga må vi få tilvising frå spesialisthelsetenesta, lege eller andre med tilvisingsrett.
Les meir i Prioriteringsrettleiar – Habilitering av vaksne i spesialisthelsetjenesten (Helsedirektoratet)
Før
For å kunne avklare ein diagnose innanfor autismespekteret må vurderinga bygge på ei grundig utgreiing. Vi har behov for informasjon om medisinske forhold, evnenivå, ferdigheiter i kommunikasjon, sosialt samspel og fungering i det daglege, og korleis utviklinga har vore gjennom oppveksten. Dette inneber kontakt med pårørande.
Vanleg utgreiingstid er frå 2 til 6 månader, i nokre tilfelle lengre. Dersom det kjem fram tilleggsproblematikk, kan det vere aktuelt med ytterlegare observasjon og utgreiing.
Før første time sender vi ofte ut et brev til pasient med spørsmål om samtykke til å innhente opplysninger fra andre instanser pasienten har vært i kontakt med tidligere. Aktuelle steder kan være PPT, sykehus og skoler.
Utredning kan foregå både i våre lokaler i Olav Bjordalsveg 29 i Bergen og ambulant i pasientens nærmiljø. Både pasient og nærpersoner som kjenner pasienten godt deltar i utredningsarbeidet. Utredningen består av intervju og ulike kartleggingsskjema. For noen er det også aktuelt med observasjoner på skole, arbeidsplass eller lignende.
Under
Behandlinga Habiliteringstjenesten gir for denne tilstanden er å gi råd om anbefalte tiltak til pasienten, pårørande og eventuelt det kommunale hjelpeapparatet/andre som hjelper pasienten. Aktuelle tiltak er råd og rettleiing om tilrettelegging av pasienten sine omgivnader, strukturering av samhandling og kommunikasjon.
For pasientar som får diagnosen innanfor autismespekteret er individuell eller gruppebasert informasjon/opplæring om autismespekterforstyrringa ein del av behandlingsforløpet.
Informasjon om resultat frå utgreiing blir samanfatta i ein rapport. Pasienten og eventuelle nærpersonar får vanlegvis informasjon om resultatet og råd om tilrettelegging gjennom eit tilbakemeldingsmøte. Det kan gjerast avtale om rettleiing/rådgiving til pårørande og tilsette i kommunehelsetenesta, bustadpersonell, NAV, skole, arbeidsplass og liknande.
Rapport frå utgreiing blir send til tilvisar og andre som pasient eller verje samtykker til at han skal sendast til.
I nokre tilfelle er det er det aktuelt å samarbeide med og/eller tilvise tilleggsproblematikk til andre avdelingar i spesialisthelsetenesta.
Etter
Personar med diagnose innanfor autismespekteret har ofte behov for samansette tenester og rett til ein individuell plan (IP). IP beskriv målsettingar og satsingsområde for hjelp, støtte og tiltak som skal bidra til betra funksjon og livskvalitet. IP skal også klargjere ansvarsforhold. Dersom personen ikkje allereie har IP, har spesialisthelsetenesta ansvar for å initiere det og bidra saman med kommunal koordinator slik at personen blir sikra tenester frå nødvendige instansar.
Hos pasienter med en autismediagnose vil behandling og oppfølging variere. Habiliteringsavdelinga kan bidra til kompetanseheving hos det lokale hjelpeapparatet, slik at pasienten får tilpasset hjelp og støtte ut i fra sine behov.
Behovet for spesialisthelsetjenester varierer mye. I noen situasjoner har pasient, familien og kommunale tjenesteytere behov for noen få veiledningstimer for å få hjelp med konkrete problemstillinger knyttet til autismetilstanden. I andre tilfelle kan hjelpebehovet strekke seg over lengre tid.
Når pasienten er godt nok ivaretatt i nærmiljøet skal spesialisthelsetjenesten avslutte behandling og oppfølging. Det skal alltid skje skriftlig med en oppsummerende rapport som sendes til pasient og henviser (vanligvis fastlege). Dersom det oppstår nye problemstillinger som krever bistand fra spesialisthelsetjenesten kan pasienten henvises på nytt.
Kontakt
Olav Bjordals veg 29, Breistein
Habiliteringsavdelinga for vaksne
Oppmøtestad
Utredning vil foregå i Habiliteringsavdelinga for vaksne sine lokaler i Hetleveien 7D i Bergen og/eller ambulant i Helse Bergen sitt foretaksområde.Olav Bjordals veg 29, Breistein
Olav Bjordals veg 29
5111 Breistein