Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Brystundersøking

Mammografi

Mammografi er ei røntgenundersøking av brysta som viser brystvevet for å oppdage eventuelle forandringar.

Mammografiprogrammet

Kvinner i alderen 50 - 69 år blir i tillegg automatisk invitert til mammografiscreening i regi av Mammografiprogrammet kvart andre år. Hensikta her er å oppdage brystkreft i eit tidleg stadium.

Sjølv om Mammografiprogrammet har aldersgruppen 50-69 år som målgruppe, er det verdt å merke seg at nokre kvinner kan være 51- 53 år før dei får sin første invitasjon til Mammografiprogrammet, men alle får 10 invitasjoner.

Om mammografiprogrammet

Tilvising og vurdering

Det er fastlegen din som henviser til mammografi.

Innkalling til time 

Etter at vi har mottatt en henvisning, vil du få informasjon om time til undersøkelse, eventuelt informasjon om avvising av henvisningen.

 

Undersøkingar ved vår kliniske verksemd skjer kun etter tilvising frå lege. Mammografi etter tilvising frå lege

Vi har tre hovedkategoriar av pasientar:

  1. Tilvisingar grunna nye forandringar i brysta. Dette kan vere forandringar pasienten har merka sjølv, eller som er oppdaga av lege.
  2. Kontrollundersøking av pasientar som tidlegare har gjennomgått behandling for brystkreft.
  3. Kontrollundersøking av kvinner som har auka risiko for brystkreft grunna mange brystkrefttilfelle i nær familie. Desse er kvinner som har blitt anbefalt regelmessig kontroll av Senter for medisinsk genetikk og molekylærmedisin.

I tillegg kjem dei kvinnene som er etterinnkalla frå mammografiscreening. 

Alle tilvisingar til klinisk mammografi blir vurdert individuelt. Vi tar utgangspunkt i dei opplysningane som står på tilvisinga. Der det er stor mistanke om kreft blir ventetida kort, ofte kun få dagar. 

Om det ikkje kjem fram opplysningar i tilvisinga som gjer at ein mistenker kreft, kan ventetida bli nokre veker. Andre omsyn som familiehistorie og alder kan også vektleggast ved vurdering av tilvising.

Tilvisingar kan bli avvist dersom det ikkje føreligg god nok grunn til å gjere undersøkinga med offentleg refusjon. Då kan privat helseteneste nyttast.
 

Innkalling til time

Etter at vi har mottatt ei tilvising, vil ein få tilsendt eit brev. Her vil det stå informasjon om time til undersøking, evt. informasjon om avvising av tilvisinga .

Les meir om tilvising til mammografi og brystkreft

 

Sjekkliste for henvising – elektiv mammografi

Før

Du bør ikkje bruke deodorant, parfyme, pudder eller krem av noko slag i armhola eller på/under brysta den dagen du skal til undersøking. Dette kan påverke bileta og gjere vurderinga av bileta vanskeleg.

Sett av god tid undersøkingsdagen. Det er vårt mål å få gjort alle nødvendige undersøkingar på same dag og dette kan ta inntil 2–3 timar.

For mammografiprogrammet

Ein radiograf vil stille deg nokre spørsmål før sjølve undersøkinga og sjå etter forandringar i huda på brysta som kan bli synlege på mammografibileta. Dette er informasjon som røntgenlegen bruker når han granskar bileta.

 

Sett av god tid undersøkingsdagen. Det er vårt mål å få gjort alle nødvendige undersøkingar på same dag og dette kan ta inntil 2–3 timar. 

Under

Undersøkinga inneber røntgenbilder og / eller ultralyd av brysta, eventuelt også ei klinisk undersøking. Nokre gongar er også celle- og / eller vevsprøve nødvendig. Dersom du har tatt prøve vil du få med deg opplysningar om korleis du vil motta svar på prøven. 


Etter

Vi har eit tett samarbeid med Avdeling for bryst- og endokrinkirurgi. Dersom vi oppdagar forandringar hos deg som treng behandling, vil du bli tilvist vidare til denne avdelinga. I nokre tilfelle vil du få ein samtale med ein sjukepleiar same dag som du er til undersøkinga.

Kontakt

Brystdiagnostisk senter på Haukeland universitetssjukehus lokalisert på Haraldsplass Brystdiagnostisk senter

Kontakt Brystdiagnostisk senter

Oppmøtestad

Dei som skal til klinisk mammografi etter tilvisning frå lege, skal til undersøking i våre lokale i det nye sjukehusbygget på Haraldsplass. 

Brystdiagnostisk senter på Haukeland universitetssjukehus lokalisert på Haraldsplass

Ulriksdal 8

Transport

​Linjene 5, 6 og 16E passerer alle Haraldsplass Diakonale Sykehus. Det er haldeplassen «Statsarkivet» i Årstadveien som er nærmast sjukehuset, og det er gangbru frå busstoppet i Årstadveien bort til Haraldsplass.

​Kjem du med drosje eller med følgjeperson kan du bli køyrt heilt bort til det nye sjukehusbygget. Følg skilt til Hovudinngang. Ved hovudinngangen er det av- og påstigning og snuareal. Det er ingen parkeringsmoglegheit ved hovudinngangen.

​Haraldsplass har parkeringshus i fjellhall. Følg skilt til P-anlegg. Har du løyve for parkering på handikap-plass, er det eigne oppmerka plassar for «HC-parkering» i parkeringshuset.
Frå parkeringshuset er det gangtunnel til U2 i nybygget, der en kan ta heis til 5. etasje i nybygget.

Les meir på Haraldsplass sine sider

Praktisk informasjon

​Nærmaste apotek er i 1. etasje i Ulriksdal. Det er eit Apotek 1-utsal. Gratis parkering i 30 minutter. Begrenset antall plasser.

Finn Apotek 1 Ulriksdal på kartet (ekstern lenke).

Telefon: 55207240 
Telefaks: 55207241 
E-post: apotek1.ulriksdalen@apotek1.no

Besøk apotekets hjemmeside.​

​​​Pasienter og pårørende er hjertelig velkomne til å bruke kantinen i 7. etasje. Sykehuset har også Narvesen kiosk i plan U2 i nybygget, der du kan få kjøpt noe mat, i tillegg til vanlige kioskvarer, blomster og kort.

Les meir på Haraldsplass sine sider

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.