bds_ultralyd

Brystdiagnostisk senter

Ved Brystdiagnostisk senter undersøker vi pasientar som har symptom i brystet og/eller armhola. Utgreiinga skjer i våre lokale på Haraldsplass Diakonale Sykehus. Vi har også ansvar for det offentlege mammografiprogrammet i Hordaland. Mammografiscreeninga skjer i våre lokaler ved Danmarksplass.

Avdelinga undersøker om lag 9000 pasientar i året, både kvinner og menn ved Brystdiagnostisk senter på Haraldsplass. Her undersøker vi pasientar som har symptom i brystet og /eller armhola. Pasientane er tilvist av lege eller innkalla til vidare undersøkingar etter å ha møtt i Mammografiprogrammet

I tillegg er det pasientar som går til årleg mammografi etter brystkreft-behandling eller på grunn av auka risiko for brystkreft.

Vi har også ansvar for det offentlege mammografiprogrammet i Hordaland i regi av Kreftregisteret. Omlag 27.000 kvinner vert invitert til mammografiscreening årleg. Dette er eit offentleg tilbod til alle kvinner mellom 50–69 år.

Meir informasjon om oppmøte og mammografiscreening på Danmarksplass

 

Kontakt

Telefon

Resepsjon

55 97 40 00
Måndag-fredag kl. 08.00-15.00

Screening

55 97 40 01
Telefonen blir besvart måndag-fredag kl. 09.00-11.00 og kl. 12.00-14.30

Bytting av time etter tilvising frå lege

55 97 58 67
Måndag-fredag kl. 08.00-15.00

Postadresse

Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus
Radiologisk avdeling, Brystdiagnostisk senter
Postboks 1400
5021 Bergen

Logg inn for å endre time

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Brystdiagnostisk senter held til i det nye sjukehusbygget på Haraldsplass Diakonale Sykehus. 

Mammografiscreening skjer i våre lokaler ved Danmarksplass, medan klinisk mammografi skjer i våre lokale på Haraldsplass Diakonale Sykehus. 

Brystdiagnostisk senter på Haukeland universitetssjukehus lokalisert på Haraldsplass

Ulriksdal 8

​Linjene 5, 6 og 16E passerer alle Haraldsplass Diakonale Sykehus. Det er haldeplassen «Statsarkivet» i Årstadveien som er nærmast sjukehuset, og det er gangbru frå busstoppet i Årstadveien bort til Haraldsplass.

​Kjem du med drosje eller med følgjeperson kan du bli køyrt heilt bort til det nye sjukehusbygget. Følg skilt til Hovudinngang. Ved hovudinngangen er det av- og påstigning og snuareal. Det er ingen parkeringsmoglegheit ved hovudinngangen.

​Haraldsplass har parkeringshus i fjellhall. Følg skilt til P-anlegg. Har du løyve for parkering på handikap-plass, er det eigne oppmerka plassar for «HC-parkering» i parkeringshuset.
Frå parkeringshuset er det gangtunnel til U2 i nybygget, der en kan ta heis til 5. etasje i nybygget.

Les meir på Haraldsplass sine sider

Praktisk informasjon

​Nærmaste apotek er i 1. etasje i Ulriksdal. Det er eit Apotek 1-utsal. Gratis parkering i 30 minutter. Begrenset antall plasser.

Finn Apotek 1 Ulriksdal på kartet (ekstern lenke).

Telefon: 55207240 
Telefaks: 55207241 
E-post: apotek1.ulriksdalen@apotek1.no

Besøk apotekets hjemmeside.​

​Vi svarer ikkje på førespurnader som gjeld resultat av radiologiske undersøkingar. Desse skal tilvisande lege gå gjennom, med tanke på vidare medisinsk behandling. Du finn prøvesvaret under pasientjournal på helsenorge.no.​ 

​​​Pasienter og pårørende er hjertelig velkomne til å bruke kantinen i 7. etasje. Sykehuset har også Narvesen kiosk i plan U2 i nybygget, der du kan få kjøpt noe mat, i tillegg til vanlige kioskvarer, blomster og kort.

Les meir på Haraldsplass sine sider

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

​​Vardesenteret er ein fristad for deg som er kreftramma og dine pårørande. Her kan du ta ein pause, utveksle erfaringar med andre, og få råd og hjelp. 

Senteret er eit samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus og Kreftforeningen, og du finn senteret i Ibsens gate 118, i ein gamal trevilla like nedanfor Pasienthotellet på Haukeland.

Les meir om Vardesenteret

Tilvising til mammografi og ultralyd av bryst

Brystdiagnostisk senter ved Radiologisk avdeling har ansvar for å vurdere tilvisingane til brystdiagnostikk ved Haukeland universitetssjukehus. Dette gjeld alle tilvisingar til mammografi eller ultralyd av bryst.
Tilvising til oss
mammografi.foto

Mammografiscreening

Alle kvinner i aldersgruppa 50-69 år vil få ein invitasjon til mammografiundersøking annakvart år.
Les meir om mammografi
mammografi.foto