Kognitiv miljøterapi
Kognitiv miljøterapi er ei behandlingsform som handlar om å starte ein endringsprosess av fastlåste tankemønster hos personar som er innlagt, der ein saman med miljøpersonalet finn nye og meir nyttige måtar å meistre kvardagen på.
Når menneske får psykiske problem, er det vanleg at måten ein tenker på, endrar seg. Dette kan føre til at kvardagen blir opplevd vanskelegare å meistre. Endring av tenkemåte kan føre til at ein fungerer betre.
Før
Det kan som pasient vere lurt å tenke gjennom kva du ønsker behandling for, og allereie når du blir søkt inn, begynne å tenke over mål for behandlinga, og om du klarer å gjere nokre små endringar i ventetida, er det verdifullt.
Under
I kognitiv miljøterapi blir det brukt følgande innlæringsprinsipp i behandlinga:
- Bak alle handlingar ligg bestemte tankar og følelsar.
- Tankar og følelsar utløyser bestemte handlingar. Nokre gonger kan desse bli eit fast mønster.
- Ved at du og behandlarane/miljøkontaktane dine saman studerer tankane dine og åtferda di i forskjellige situasjonar, finn de fram til ei forståing av problemet.
- Du skal vere ein aktiv problemløysar og medarbeidar i behandlinga.
- Dialogen mellom deg og behandlarane/miljøkontaktane dine skal vere open og føregå i eit likeverdig samarbeid.
- Du kan endre tankane dine og betydninga av ei hending ved å endre måten du tenker om den aktuelle hendinga.
Etter
Det er viktig at du bruker det du har lært i behandling. Strategiar for å hindre tilbakefall vil også vere tema i slutten av ein terapi.
Kontakt
Glasblokkene
Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU)
Oppmøtestad
Våre einingar held til på forskjellige plassar. Sjå din oppmøtestad ved å klikke på lenka til eininga i oversikta underliggande einingar.
Klinikken sin administrasjon held til i Glasblokkene, blokk 1, 3. etasje.
Glasblokkene
Haukelandsbakken 1
5021 Bergen