Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Muskelknutar på livmora, Voss

Livmorknutar (myomer) er vanlegvis ufarlege og gir ofte få symptom. Hos nokon kan dei forårsake smertefulle eller store menstruasjonsblødingar, men plagene blir vanlegvis betre etter overgangsalderen. Det finst effektiv behandling for livmorknutar.

Livmorknutar er vanlegvis ikkje farleg og gir som oftast ingen symptom. Hos enkelte kan dei likevel gi smertefulle eller kraftige menstruasjonsblødingar eller trykksymptom i nedre del av magen.

Livmorknutar er kuler som veks i veggen på livmora. Dei er laga av ein type muskelceller og bindevev. Knutane skaper vanlegvis ikkje problem og er svært vanlege. Om lag åtte av ti kvinner vil utvikle livmorknutar i løpet av livet. Dei kan vere små, omtrent på storleiken med eit nålehovud, men kan òg vekse og bli store, nokon gonger så store som ein ballong.

Vi veit ikkje sikkert kvifor kvinner får livmorknutar, men hormona østrogen og progesteron ser ut til å få dei til å vekse.

I overgangsalderen blir produksjonen av desse to hormona redusert, og livmorknutane begynner å krympe. Det er likevel ikkje slik at dess meir østrogen du har, dess meir veks livmorknutane. For eksempel veks ikkje livmorknutar særleg mykje i svangerskapet, sjølv om nivået av østrogen stig.

Les meir på helsenorge.no

Symptom

Mindre enn halvparten av alle kvinner med livmorknutar får symptom. Men sit livmorknutane spesielle stader i livmorveggen, eller blir store, kan dei forårsake problem som:

  • store blødingar eller menstruasjonssmerter
  • smerter eller trykkjensle i magen
  • at kvinna ofte må på toalettet
  • smerter under samleie
  • problem med å bli gravid (sjeldan)
  • spontanabortar

 

Tilvising og vurdering

Det er fastlegen eller den private gynekologen din som tilviser deg til utgreiing ved mistanke om muskelknutar på livmora.

Utgreiing

Det er fleire faktorar som avgjer kor lang tid ein utgreiingsfase vil vare. Om du har store plager og blødingar, kan utgreiingsfasen bli kortare fordi du vil prioriterast framfor andre pasientar med mindre plager. Blir det nødvendig med fleire undersøkingar som eit ledd i utgreiinga di, vil dette gjere at utgreiingsfasen blir lengre. Til tider kan det vere mange pasientar som ventar på same behandling, dette kan også påverke ventetida.

Undersøkingar

Det er vanleg å få innkalling til ei undersøking på sjukehuset før eventuell behandling startar. Du vil bli undersøkt av ein lege som utfører ei gynekologisk undersøking og tar vaginal ultralyd. Andre tilleggsundersøkingar kan vere nødvendige for å bestemme kva slags behandling som vil vere best for deg.

Før du kjem til undersøking

  • Tenk igjennom kva plager du har og korleis dei hemmar deg i kvardagen.
  • Dersom du er plaga med vaginale blødingar er det fint om du kvar dag kan telje talet på bind du bruker og beskrive kor mykje du blør.
  • Dersom du har smerter, er det nyttig for oss å vite om du tar smertestillande og eventuelt kor mykje.
  • Ta gjerne med ei oversikt over dei faste medisinane dine og informer om eventuelle allergiar.

Følgande undersøkingar kan vere ein del av utgreiinga:

Behandling

Medisinar som behandling

Av og til kan livmorknutar bli behandla med medisinar. Det er fornuftig å prøve ut ulike medisinar for å sjå om det kan hjelpe før operasjon blir eit alternativ. Om livmorknutane dine skal behandlast med medisin, er det  ikkje nødvendig å vere innlagd på sjukehus. Du vil da bli følgt opp  med legetime på poliklinikken for å sjå om medisinane har ønskt og tilstrekkeleg effekt.

Operasjon som behandling

Dersom operasjon er den rette behandlinga for deg, vil du bli kalla inn på nytt til operasjonsførebuingar. Du vil da få snakke med tilsette som er involvert i behandlinga du skal gjennom; det kan vere sjukepleiar, lege, anestesilege eller fysioterapeut. Du vil få både skriftleg og munnleg informasjon om inngrepet, og du kan stille spørsmål.

Det finst ulike typar operasjonar som kan hjelpe. Nokre operasjonar blir gjorde som dagbehandling, og du kan reise heim same dag som operasjonen. Andre operasjonar krev innlegging og overnatting på sjukehus i 1–3 dagar etter operasjonen.

Ulike typar operasjonar

Ein operasjon der ein berre fjernar  muskelknutar på livmora heiter myomektomi. Da beheld  du livmora og du kan framleis få barn. Ikkje alle livmorknutar (myomer) er eigna for denne typen operasjon. Av og til  kan muskelknutar ligge slik til at det ikkje er mogleg å fjerne berre muskelknuten. Da er andre operasjonsmetodar aktuelle:

  • kikhòlskirurgi (laparoskopi)
  • open kirurgi (laparotomi)
  • reduksjon av livmorslimhinna (endometrieseksjon)
  • embolisering

Samval

Når du har blitt sjuk eller har eit helseproblem, finst det ofte fleire ulike moglegheiter for både undersøkingar og behandling.

Her finn du samvalsverktøy som kan hjelpe deg til å ta valet.

  • Du skal ikkje utføre intimbarbering 6 veker før operasjonen. Dette for å unngå at du lagar små sår i huda som kan auke faren for infeksjon etter operasjonen.

  • Før du drar heimanfrå, må du dusje (same morgon eller kvelden før) med vanleg såpe. Vask deg godt i navlen. Du må gjerne vaske håret, men det må vere tørt før operasjonen startar for å unngå at du frys.

  • Ikkje ta på deg body lotion / hudkrem eller sminke etter du har dusja.

  • Fjern all naglelakk, smykkar, ringar og piercingar.

  • Ta med deg dei faste medisinane dine. Legen vurderer om det er nokre av dei du skal ta på operasjonsdagen.

  • Du må faste før operasjonen.

​​Faste

Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.

De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.

Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før

Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om. 

Når du kjem til sjukehuset for å bli operert, blir du møtt av ein sjukepleiar som gjer deg klar til operasjon. Du får tildelt pasienttøy og ei seng å ligge i mens du ventar på å bli operert. Sjukepleiaren vil fjerne kjønnshåra slik at det ikkje er hår på operasjonsområdet. Du vil også bli stilt nokre spørsmål for å kvalitetssikre at alle førebuingane er gjorde rett. Avhengig av kva slags operasjon du skal gjennom, vil du få narkose eller ryggbedøving (spinal anestesi) før operasjonen begynner.

Kikholsoperasjon (laparoskopi)

Ein fordel med kikholsoperasjon er at du vil komme deg mykje fortare etter operasjonen enn om det blir gjort med open kirurgi. Eit laparoskop er eit tynt kamera som blir ført inn via ein 10 mm opning i navlen. Instrument med diameter på 5 og 10 mm blir handterte via små snitt i huda. Dei indre organa blir vurderte gjennom laparoskopet. Kirurgen opererer muskelknuten/-eine laus frå livmora, og tar dei ut i ein pose gjennom ein av dei  småopningane i huda, som blir utvida til 3–4 cm. Operasjonen blir utført i full narkose, og inngrepet tar 1–2 timar. Det er vanleg å reise heim same dag, eller dagen etter operasjonen.

Open kirurgi (laparostomi)

Ved open kirurgi blir det enten laga eit tverrsnitt nedst på magen («bikinisnitt») eller på langs frå under navlen og nedover. Det er legen som avgjer kva type snittar du får. Kirurgen som opererer deg løyser  muskelknuten/-eine frå livmora, og fjernar henne gjennom snittet på magen. Operasjonen blir utført i full narkose, og inngrepet tar 1–2 timar. Det er vanleg å bli på sjukehuset i 2–3 dagar etter operasjonen.

Reduksjon av livmorslimhinna (endometriereseksjon)

Inngrepet blir utført via eit instrument som blir ført inn i livmora via skjeden, og så blir muskelknuten/-eine fjerna eller brunne bort. Om ein berre fjernar  ein muskelknute, vil du framleis ha menstruasjonar og ha moglegheita for å bli gravid. Om heile livmorslimhinna blir fjerna, er moglegheitene for å bli gravid sterkt redusert. Operasjonen blir enten utført i full narkose eller med ryggbedøving, inngrepet tar 5–15 minutt. Reduksjon av livmorslimhinna blir oftast utført som dagkirurgi, du kan reise heim same dag.

Embolisering

Dette er eit inngrep som blir utført på Radiologisk avdeling. Små partiklar blir injiserte i blodkar som forsyner muskelknuten/-eine i livmora, og lagar ein kunstig blodpropp. Knutane får ikkje blodtilførsel og vil krympe. Inngrepet blir utført med bedøving og smertestillande. Smertene kan variere i styrke i etterkant av inngrepet.

Etter operasjonen blir du liggande på oppvakningsavdelinga i nokre timar. Legen vil informere deg om korleis operasjonen har gått. Når du er vaken og narkosen eller ryggbedøvinga har gått ut, blir du enten flytta over til sengepost eller kan reise heim, avhengig av kva slags operasjon du har gått gjennom. Du kan oppleve å vere svimmel og kvalm i starten, og du vil få tilbod om kvalmestillande. Du vil også få smertestillande etter behov.

Det er viktig å komme seg raskt på beina igjen etter operasjonen. Du bør ha følge første gong du skal opp av senga etter operasjonen. Dette kan sjukepleiarane hjelpe deg med.

Før kikhòlsoperasjon og open kirurgi vil det bli lagt inn eit blærekateter og eventuelt eit dren under operasjonen. Desse blir som oftast fjerna same dag eller dagen etter.

Alvorlege komplikasjonar er sjeldne, men det kan skje:

  • bløding under eller etter inngrepet
  • infeksjon i blæren, såra eller djupare i magen
  • skade på urinleiar, blære eller tarm (sjeldan)
  • nerveskadar som gir endringar i kjensla i huda (sjeldan)
  • blodpropp (sjeldan)
  • problem med bedøvinga (svært sjeldan)

Oppfølging

Kva behandling du får, vil avgjere behovet ditt for oppfølging etter behandlinga. Ofte er det tilstrekkeleg å bli følgt opp  av fastlegen eller den private gynekologen din. Andre gonger vil du få ei innkalling til time på sjukehuset for å bli sett på av ein spesialist. Legen som behandlar deg, vil bestemme korleis du skal følgast opp etter avslutta behandling.

I tida etter operasjonen er det viktig at du tilpassar aktiviteten etter korleis kroppen fungerer. Her får du ei oversikt over omsyn ein må ta etter dei ulike operasjonane:  

  • Du kan forvente smerter etter operasjonen. Kor sterke smerter er avhengig av kva slags operasjon du har hatt. Du vil få smertestillande jamleg gjennom heile døgnet når du er på sjukehuset, og ein resept på smertestillande du kan bruke når du kjem heim.

  • Ved dagkirurgi, det vil seie at du reiser heim same dag som operasjonen, er det vanlegvis lite smerter. Du må likevel ha smertestillande (Paracetamol, Naproxen eller Ibuprofen) heime, slik at du har smertestillande tilgjengeleg ved behov. Dette får du kjøpt reseptfritt på apoteket.

  • Ved kikhòlsoperasjon kan det oppstå smerter i skuldrer og i mellomgolvet på grunn av CO2-gassen som blir brukt til å «blåse» opp magen under operasjonen. Å vere i rørsle hjelper mot luftsmerter.

  • Det er viktig at du gir beskjed om du får smerter som ikkje lèt seg lindre av dei smertestillande du får. Det er individuelt kor sterke smerter ein har etter operasjon, og ein vil derfor ha individuelle behov for smertestillande tablettar.  

Ved open kirurgi vil operasjonssåra enten bli sydd igjen med tråd som løyser seg  opp av seg sjølv, eller såret vil bli stifta igjen.

Vi legg bandasje over såra som berre skal skiftast om det kjem blod gjennom. Dei fleste bandasjane som blir brukte, toler vatn og du kan dusje utan å måtte skifte bandasje etterpå. Bandasjen og eventuelle stiftar skal fjernast etter 10–12 dagar. Om det er brukt stiftar under operasjonen, skal du bestille time hos fastlegen din for å få fjerna desse.

  • Om du må hoste eller kaste opp dei første dagane etter operasjonen, er det viktig å halde handflata eller ei pute mot såret. Dette skånar såret fordi sårflatene blir pressa saman.

  • Du bør unngå fysisk trening av magemusklane og tunge løft i 4–6 veker etter operasjonen. Unngå å løfte tunge bereposar, golvvask, snømoking, støvsuging og liknande. Det du klarer å løfte med strak arm, er greitt.

  • Har du små barn og er avhengig av å løfte dei, tenk over kva musklar du bruker. Det går greitt å løfte barnet opp på fanga i sittande stilling med armmusklane. Bruk lårmusklane når du skal plukke opp noko frå golvet.

  • Ved kikhòlskirurgi vil operasjonen etterlate seg fire små arr som er cirka 1–2 cm lange, det eine er i navlen.

I navlen og i midtlinja over skambeinet blir det sett eit sting med tråd som løyser seg  opp av seg sjølv. Dei minste sårflatene blir som oftast trekt saman med  «strips», og det blir lagt ein vernande bandasje over.

Bandasjen skal ikkje skiftast, men om den ikkje har losna etter ei veke, kan du sjølv fjerne henne. Bandasjen skal berre skiftast om det kjem blod gjennom eller han har blitt våt etter dusj eller liknande.

Infeksjon

Av og til  kan det oppstå infeksjon i operasjonssåra. Om såret væskar, må du reinse det. Utstyr til dette kan du kjøpe på apoteket. Om infeksjonen ikkje går over etter ei veke med behandling, eller infeksjonen blir verre, bør du ta kontakt med sjukehuset.

  • Du kan få bløding frå skjeden dei  førstedagane, dette er normalt. Du skal da bruke bind og ikkje tampong.

  • Ved reduksjon av livmorslimhinna (endometrieseksjon) minkar blødingen i stor grad dei  førstedagane. Det er vanleg med utflod som kan vare i 4–6 veker. Utfloda er brunleg på farge og kan lukte litt. Unngå samleie og bruk av tampongar i 4–6 veker etter inngrepet eller til utfloda er normal. 

Du kan dusje etter eit døgn. Karbad og basseng bør du unngå til såra har grodd.
 

Dersom du røyker eller snusar, må du vere merksam på at det ikkje gjer deg uvel etter operasjonen på grunn av narkosen. Du bør derfor vente med å røyke eller snuse til du kjem heim.

Det som blir fjerna under inngrepet blir sendt til mikroskopisk undersøking. Svaret er vanlegvis klart etter nokre veker. Du blir kontakta per telefon eller brev. Fastlegen og gynekologen ved lokalsjukehuset ditt får kopi av svaret og brev om inngrepet.

Som oftast er det  ikkje nødvendig med kontroll etter at du har fjerna livmora. Om det er nødvendig, vil legen informere deg om dette før du reiser heim.

Hugs at du som er nyoperert treng ro og kvile. Trening som aerobic og liknande bør du vente med i minst 6 veker, og helst lenger ved open kirurgi.

  • Det er smerteterskelen som styrer kor fysisk aktiv du klarer å vere i tida etter operasjonen. Du skal ikkje gjere noko som gjer vondt.
  • Unngå samleie 8 veker etter kikhòlsoperasjon og open kirurgi, 4–6 veker etter reduksjon av livmorslimhinna.

Lengda på sjukmeldinga er avhengig av kva slags operasjon du har gått gjennom. Ved reduksjon av livmorslimhinna er det vanleg med 3–7 dagar, ved kikhòlsoperasjon 14 dagar etter operasjon og ved open kirurgi er det vanleg med rundt 4 veker sjukmelding avhengig av kor fysisk krevjande arbeid du har.

 

Ver merksam

Ved kikhòlsoperasjon eller open kirurgi:

Ta direkte kontakt med sjukehuset på avdelinga som opererte deg dersom:

  • du har feber over 38 grader
  • operasjonssåra ser raudt og hovent ut
  • du har smerter som ikkje lèt seg lindre av smertestillande medisin
  • du får smerter/hevelse i beina eller svært tung pust
  • det blør gjennom fleire gonger om dagen

Ved reduksjon av livmorslimhinna:

Ta kontakt med lege dersom du får utflod kombinert med sterke smerter og feber over 38 grader.

Kontakt

Voss sjukehus Medisinsk, kirurgisk og gynekologisk poliklinikk Voss
Ventetid: 14 - 38 uker

Ventetid: 14 - 38 uker

Kontakt Medisinsk, kirurgisk og gynekologisk poliklinikk Voss

Oppmøtestad

Kirurgisk poliklinikk ligg på oppsida av sjukehuset ved akuttmottak, der kan du gå rett inn frå gateplan. Går du inn hovedinngangen i 1. et, ligg poliklinkken i 3. et. Følg skilting og raud/svart stripe i golvet.

Medisinsk poliklinikk i ligg i 1. et, der du går inn hovedinngangen. Sjå også informasjon i innkallingsbrevet om kor du skal møte.


Gynekologisk poliklinikk ligg på oppsida av sjukehuset (vis a vis legevakt/poliklinikk), sjå eige skilt.
 
Ein kan ikkje lenger betale med kort på poliklinikken. Etter konsultasjonen får du tilsendt link på telefonen med tilbod om å betale med Vipps eller faktura.
Dersom du vil betale kontant, kan du få utført det i resepsjonen i 1.et/hovedinngang, i åpningstida.

Voss sjukehus

Sjukehusvegen 16

5704 Voss

Transport

Reisetid til Voss frå:

  • Bergen med bil, ca. 1 t 30 min.
  • Flesland med bil, ca. 1 t 45 min.
  • Stavanger med bil, ca 6 t 30 min.
  • Oslo med bil, ca 6t 30min

​​Kjem du frå Hardanger eller Sogn, er buss ein alternativ reisemåte:

Det går buss frå sentrum til sjukehuset. Rute 965 stoggar ved sjukehuset og Rute 964 stoggar i Ringheimsvegen, nokre minutt gåtid frå sjukehuset. For nærare informasjon om rutetider, sjå Skyss sin ruteplanleggar  for rutene 964 Ringebuss Skjerpe/Sivlevegen og 965 Sentrumsringen. 

​​Det er parkeringsavgift på sjukehusområdet måndag – fredag mellom kl 09.00-17.00.

Prisar 

Kr 15 ,- pr. time og kr 40,- pr. døgn. Langtidsparkering inntil 7 døgn er mogleg. 
Du kan betale med kort, kontant eller mobil.

Sjukehuset har ikkje tilbod om lading av el-bilar for pasientar. Ladestasjonar finn ein i sentrum og ved Tinghuset, i parkeringshuset Vossapark og i Strandavegen .  

​​Voss Taxi
Telefon ​56 51 13 40​

Bergensbanen ved Voss sentrum, og det går hyppig tog mellom Voss og Bergen. 

Reisetid til Voss frå: 

  • Bergen med tog, ca 1t og 20 min​
  • Oslo med tog, ca. 5 t 30 min.

Informasjon om togtider finn du på Vy sine nettsider​

Ventetid

14 uker til dagbehandling (38 totalt)

24 uker til utredning

Praktisk informasjon

Kontakt personalet dersom du kjem utanom visittid eller vedkommande pasient er isolert. Nokre viktige hugsereglar:

  • Ta ikkje med potteplantar til pasientar.
  • Unngå å sitje på sengekanten, bruk stol.
  • Vær nøye med hygiene, vi tilrår vask av hendene etter besøk hjå inneliggjande pasientar.

​​​Generell besøkstid
​15.00 - 16.00 og 18.00 - 19.00

Intensivavdeling
​Vend dykk i vaktrommet for avtale om besøk​

Føde-/barselavdelinga

Gje mor, partnar og dei nyfødde borna ro

Dei aller fyrste dagane med den nyfødde er det viktig at familien får mest mogleg ro og kvile. Dette for å bli godt kjend med kvarandre samt at mor skal får nok ro og tid til å kome godt i gang med amminga. Me anbefalar også at den fyrste tida heime vert avgrensa til dei aller nærmaste.
Partner/ ledsager / den eine nærmaste pårørande er velkomen til barselavdelinga på dagtid mellom 09 og 20. Dersom mor ligg på rom saman med ei anna barselkvinne er det fint at dei vert einige seg i mellom i forhold til besøk slik at det også vert rom for ro og kvile.

For andre besøkande tillet me kun besøk av den nyfødde sine sysken mellom 17.00-18.30.

Her finn du litt informasjon om kven du vil møte, og litt om kva reglar som gjeld for deg som pasient når du er innlagt på sjukehus.

​​Pasientar som blir innlagt for øyeblikkeleg hjelp har ikkje moglegheit til å planlegge sjukehusopphaldet. Men dersom du mottar innkalling på førehand, kan det vere greit å førebu seg litt.

Personalet har namneskilt med tittel, slik at du skal kunne sjå kva yrkesgruppe kvar enkelt tilhøyrer. Du kan sjølvsagt også spørje vedkomande direkte viss du er i tvil om kven du møter. Her er ei liste over dei yrkesgruppene du vanlegvis vil møte på sjukehuset:
​​​

  • Lege ​og sjukepleiar har hovudansvaret for deg når du er innlagt på sjukehus​
  • ​Bioingeniør kjem til avdelinga kvar morgon for å ta blodprøvar eller andre prøvar
  • Radiograf førebur og utfører CT-, MR- og røntgenundersøkingar av deg på Radiologisk avdeling.
  • Fysioterapeut hjelper deg med å førebygge funksjonsvanskar som følge av for eksempel operasjonar. Kan også hjelpe deg med å få tilbake tapt bevegelsesevne, eller til å lære deg å leve vidare med endra funksjonsnivå.
  • Ergoterapeut hjelper deg med å fungere best mogleg i dagleglivet etter skade og sjukdom, og legg til rette praktisk hjelp.
  • Sosionom gir deg informasjon om forskjellige hjelpetiltak og kan formidle kontakt med aktuelle instansar, for eksempel helse- og sosialetaten eller pasientombodet.
  • Klinisk ernæringsfysiolog hjelper deg å leggje om kosthaldet dersom nødvendig.
  • ​Studentar og spesialistkandidatar. Voss sjukehus er ein del av Haukeland universitetssjukehus, som årleg utdannar eit par tusen helsearbeidarar. Det betyr at studentar og spesialistkandidatar av og til er med i samband med undersøkingar, pleie og behandling under opphaldet. Dette ber vi deg vere merksam på og ha forståing for.

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.