Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Rehabilitering - amputasjon av arm/hånd/finger, behandling av fantom- og stumpsmerter

Etter amputasjon av arm, hand eller finger kan ein oppleve fantomsmerter (smerter i den delen av armen som er amputert) eller stumpsmerter (smerter i den delen som er att av armen).

Smertebehandling

Rett etter amputasjonen får du smertestillande behandling som ved alle operasjonar. Dette blir ikkje omtalt nærare her. Dersom du får meir langvarige smerter, kan det vere aktuelt med andre typar smertebehandling. Behandlinga kan vere medikamentell/farmakologisk eller ikkje-medikamentell/ikkje-farmakologisk.

Medikamentell/farmakologisk inneber ulike tablettar, kremar eller injeksjonar, mens ikkje-medikamentell/ikkje-farmakologisk inneber andre former for behandling, slik som spegelbehandling og transkutan elektrisk nervestimulering (TENS). Kva behandling som eignar seg best for deg, avheng blant anna av korleis smertene artar seg, og om du har andre sjukdommar som du får behandling for.

Tilvising og vurdering

Ei vurdering av smerter og smertebehandling inngår i tilbodet ved dei regionale tverrfaglege armamputasjonsteama, som beskrive under. Det finst fem slike regionale armamputasjonsteam i Noreg. Sjå oversikt under «Sjekkliste for tilvising».

Tilvisinga bør innehalde informasjon om kva behandling som er freista, kor lenge, kva dosar (for medikamentell behandling) og med kva effekt, eventuelt med kva biverknader.

Det er også viktig å gi ei så god beskriving av smertene som mogleg (fantom- og/eller stumpsmerter, eventuelt utstråling, intensitet, eventuelle utløysande eller lindrande faktorar, variasjon gjennom døgnet, forløp over tid). I tillegg trengst informasjon om andre sjukdommar og medikament i bruk, og dessutan eventuelle allergiar.

Tilvising blir send til det regionale armamputasjonsteamet til pasienten:

Sykehuset Innlandet

Avdeling for Fysikalsk medisin og rehabilitering, Ottestad
Dysmeli- og armamputasjonsteamet
Jørgen Jensens vei
2312 Ottestad

Telefon: 62 55 84 00

Oslo universitetssykehus Rikshospitalet, Oslo

Dysmeli- og armamputasjonsteamet
OUS Rikshospitalet
Postboks 4950 Nydalen
0424 Oslo

Telefon: 23 07 29 00 (voksne) eller 23 07 22 81 (barn)

Haukeland universitetssjukehus, Bergen

Seksjon for ortopedisk rehabilitering
Dysmeli- og armamputasjonsteamet
Postboks 1400
5021 Bergen

Telefon: 55 97 70 40

St. Olavs Hospital, Trondheim

Armklinikken
Trøndelag Ortopediske Verksted AS
Elgeseter gate 10
7006 Trondheim

Telefon: 73 84 56 30

Universitetssykehuset Nord-Norge, Tromsø

Dysmeli- og armamputasjonsteamet
Fysioterapitjenesten ved koordinator Kari Lofthus
Postboks 12
9038 Tromsø

Telefon: 77 62 63 90

Henvisningen bør inneholde informasjon om hvilken behandling som er forsøkt, hvor lenge, hvilke doser (for medikamentell behandling) og med hvilken effekt, eventuelt med hvilke bivirkninger.

Det er også viktig å gi en så god beskrivelse av smertene som mulig (fantom- og/eller stumpsmerter, eventuelt utstråling, intensitet, eventuelle utløsende eller lindrende faktorer, variasjon gjennom døgnet, forløp over tid). I tillegg behøves informasjon om andre sykdommer og medikamenter i bruk, samt eventuelle allergier.   

Henvisning sendes til:

Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus
Dysmeli- og amputasjonsteamet
Postboks 1400
5021 Bergen

Før

Som regel er det legen i akuttavdelinga (kirurgisk avdeling) som set i gang medikamentell behandling etter amputasjonen, for å lindre eventuelle akutte fantom- og stumpsmerter. Deretter vil fastlegen ha hovudansvar for å følge deg opp og gjere nødvendige justeringar.

Ei vurdering av smerter og smertebehandling inngår også i tilbodet ved dei regionale tverrfaglege armamputasjonsteama. Som arm-, hand- eller finger-amputert, enten du har smerter eller ikkje, får du tilbod om tilvising til «ditt» team allereie før du blir skriven ut frå akuttavdelinga.

Du kan også få ei tilvising til det regionale armamputasjonsteamet dersom:

  • det trengst ei ny vurdering på eit seinare tidspunkt.
  • det er snakk om utprøving av ulike typar ikkje-medikamentell smertebehandling, slik som spegelbehandling og transkutan elektrisk nervestimulering (TENS).

Under

Vurderinga i det tverrfaglege armamputasjonsteamet inneber ein samtale med deg om smertene dine. Du blir blant anna spurd om kor smertene er lokalisert (fantom- og/eller stumpsmerter, eventuelt med utstråling), kor intense smertene er og korleis dei eventuelt varierer gjennom døgnet. Du blir også spurd om kva som eventuelt forverrar eller betrar dei, kva behandlingar du har prøvd og korleis dei har fungert.

Samtalen vil i tillegg kartlegge om du har andre sjukdommar og om du bruker smertestillande eller andre medisinar fast eller ved behov.

Du blir også undersøkt klinisk, med ei vurdering av både amputasjonsstumpen og resten av armen, skuldra og nakken. Legen og dei andre faggruppene kan gjere andre testar og undersøkingar dersom det er relevant. For eksempel kan det bli aktuelt å undersøke amputasjonsstumpen med ultralyd, dersom ein mistenker at stumpsmertene kjem av ein nerveknute (nevrom).

Basert på sjukehistoria og den kliniske undersøkinga foreslår teamet ein behandlingsplan for smertene dine. Ofte inneber det at du prøver ut eit medikament eller eit anna behandlingstiltak over litt tid. Råda baserer seg på den nasjonale retningslinja.

Nasjonal fagleg retningslinje

Utgangspunktet til teama for rehabilitering etter arm-, hand- og fingeramputasjon kan lesast i den nasjonale faglege retningslinja for rehabilitering etter erverva overekstremitetsamputasjon.

Du kan lese meir om dei ulike alternativa for behandling av amputasjonsrelaterte smerter i kapittel 9 (Farmakologisk behandling av langvarig fantomsmerter og stumpsmerter), i kapittel 10 (Ikke-farmakologisk behandling av langvarige fantomsmerter og stumpsmerter) og i kapittel 11 (Spesifikke smerter).

Kunnskapsbasert fagleg retningslinje for rehabilitering etter erverva overekstremitetsamputasjon i Noreg.

Etter

Oppfølging etter vurdering og eventuelt igangsett behandling skjer i hovudsak hos fastlegen. Dersom du har starta utprøving av transkutan elektrisk nervestimulering (TENS), skjer oppfølginga som hovudregel hos lokal fysioterapeut.

Sist faglig oppdatert 07.01.2025

Kontakt

  • Kontakt Fysikalsk medisin og rehabilitering

    Oppmøtestad

    Nordåsgrenda 4
    5235 Rådal

    Logg inn for å endre time

    Nordåsgrenda 4

    Nordåsgrenda 4, 5235 Rådal

    Transport

    Buss nummer 67 går frå Bergen sentrum til Nordås. Du går av på buss-stoppet «Nordåsgrenda». Du kan også ta buss 67 frå Lagunen.

    Til Lagunen går det bybane fra Flesland og fra Bergen sentrum. Vil du spasere tar det ca. 20 minutt frå Lagunen bybanestopp.

    ​​Det er gratis parkering for pasientar og pårørande utanfor bygget. 

    There is free parking for patients and relatives outside the building.

    Praktisk informasjon

    ​​Har du mobiltelefon er det fint om du har denne på lydlaus medan du oppheld seg i felles areal. Hugs at du ikkje må ta bilder av medpasientar eller tilsette utan deira samtykke.

    ​​Vi ønsker at sjukehusområde vårt skal være røykfritt. Om du skal røyke ber vi deg gjøre dette på oppmerka område. Treng du hjelp til å komme ut for å røyke må du avtale dette med personalet. Vi ber om forståelse for at vi ikkje alltid kan prioritere dette.​

    Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

    Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

    1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
    2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
    3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

    Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

    Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
    Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
     
    Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

    ​​Sjukehuset har ikkje forsikringsordninger som dekker tap av verdisaker. Du må derfor oppbevare desse på eige ansvar. Safe på rommet kan nyttast​.

  • Kontakt Fysikalsk medisin og rehabilitering - sengepostar

    Oppmøtestad

    Nordåsgrenda 4
    5235 Nordås