Dei siste dagane før testen skal du UNNGÅ følgande medisinar:
- Korttidsverkande medisin for astma-anfall – ikkje ta disse mandag.
- Langtidsverkande medisin og/eller kombinasjonsprodukter for astma-anfall – ikkje ta disse laurdag, søndag, mandag.
- Allergitablettar – ikkje ta disse den siste veka før du kjem til oss.
Om du er sjuk, eller har hatt ein luftvegsinfeksjon dei siste to vekene før planlagt utgreiing er det viktig at du tar kontakt så vi kan vurdere om vi må utsetje testen.
Det vil vere aktuelt at du tar med produkter fra din arbeidsplass som du trur du reagerar på. Vi vil i så tilfelle ta kontakt med deg i god tid før utgreiing.
Hos oss er alle inneliggande pasientar (dagpasientar). Det vil si at du er innskrevet som pasient på sjukehuset i behandlingsperioden og får servert lunsj. Om du er frå Bergen og omegn sover du heime, mens tilreisande bur på Haukeland hotell (pasienthotellet) som ligger på sjukehusområdet.