Diagnose

Spillavhengighet

Ein definisjon på spelavhengigheit er at du har mista kontrollen på spelinga og at det dominerer både tankar, kjensler og åtferd. Behandlinga kan hjelpe deg til å akseptere problemet, ta kontroll over spelinga og lære deg å handtere risikosituasjonar.

Her finn du fareteikna på speleavhengnad, og informasjon om korleis ein kan få hjelp.

Om lag 55 000 personar i Noreg har truleg problem med gambling og pengespel. Risikoen for å vere problemspelar er størst hos:

  • menn
  • personar med låg utdanning
  • personar som får ei form for offentleg stønad
  • personar med fødestad utanfor Noreg

Om pengespel i Noreg

Om lag 60 prosent av befolkninga i alderen 16–74 år speler pengespel kvart år. Dei mest populære spela er talspel og skrapelodd.

Speleautomatar på nett er dei spela som flest personar slit med å kontrollere.

Nye typar pengespel, plattformer og kanalar blir stadig utvikla, og tilbodet av fjernspel, blant anna via internett, veks. Ein stor del førespurnader til Hjelpelinjen for spilleavhengige og til behandlingsstader skriv seg frå spel frå utlandet.

Les meir på helsenorge.no

Behandlinga vil bestå av motiverande intervju og kognitiv åtferdsterapi. I behandlinga ønsker vi å gjere deg bevisst på samspelet mellom tankar, kjensler og handlingsmønster, slik at du kan bli betre i stand til å meistre avhengigheiten din.

Med yngre pasientar kan behandlingsprosessen òg inkludere foreldre/pårørande. Skule, fastlege og NAV kan involverast etter behov og ønske.

Tilvising og vurdering

Fastlege, barnevernsteneste eller konsulent på ditt lokale NAV-kontor kan tilvise til spesialisthelsetenesta for behandling av spelavhengigheit. 

Kor lang tid vil det ta før du kan kome i behandling /utgreiing?
For deg som er under 23 år skal behandlinga starte innan fire veker. For andre er det gitt ein rettleiande frist på 12 veker. Merk deg at ventetid kan variere avhengig av kor alvorleg tilstanden er.

Utgreiing

Før behandlinga startar vil behandlaren din saman med deg, basert på opplysningane i tilvisninga, danne seg eit bilete av kor alvorlege speleproblema dine er. Det vil deretter bli stilt diagnose og utarbeidd ein behandlingsplan.

Behandling

Behandlinga vil bestå av polikliniske samtalar individuelt, i gruppe, eller med ein kombinasjon av desse. I desse samtalane vil vi snakke om følgjande:

  • forholdet ditt til spel/speling
  • forsøke  å forstå kvifor du speler
  • undersøke kva funksjon spelinga har for deg
  • undersøke korleis spelinga påverkar kvardagslivet ditt
  • snakke om motivasjonen din for å gjere endringar med tanke på spelinga di
Det kan variere kor ofte du møter til samtalar. Det er vanleg med ein gang i veka.

Oppfølging

Du vil bli følgt opp vidare av førstelinetenesta (t.d. fastlegen din) etter behandlinga.

Det finst òg sjølvhjelpsgrupper som kan vere aktuelle. 


Kontakt

Østre Murallmenningen 7 Rusmedisin AFR

Kontakt Rusmedisin AFR

Oppmøtestad

Du finner oss i Østre Murallmenningen 7, Bergen

Østre Murallmenningen 7

Østre Murallmenningen 7

5012 Bergen

Transport

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

Seksjonane Ambulant, Poliklinikk Kanalveien og KoRus er samlokalisert i Kanalveien 5

 

 

Praktisk informasjon

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.