Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ufrivillig barnløshet utgreiing

Årsak til ufrivillig barnløyse kan vere mange. For par som ønsker barn, kan det vere aktuelt å gå gjennom undersøkingar og få ei fagleg vurdering på kva behandlingstilbod som kan vere aktuelle.

Infertilitet er definert som manglande graviditet etter minst eitt år med regelmessig samleie utan bruk av prevensjonsmiddel. Mellom 10 -15 % av par i fruktbar alder er ufrivillig barnlause. 

Hos om lag ein tredel ligg årsaka hos kvinna, til dømes på grunn av tette eggleiarar eller låg eggreserve. Hos ein tredel ligg årsaka hos mannen, ofte på grunn av nedsett sædkvalitet. Hos om lag ein tredel av para viser utgreiinga ikkje nokon klar årsak til barnløysa. 

Tilvising og vurdering

Fastlege / lege i kan tilvise par til utgreiing

Gi informasjon om:

  • Namn og fødselsnummer
  • Namn og fødselsnummer på eventuell partnar
  • Sivilstatus (gift, sambuar, einsleg)
  • Behov for tolk (viss ja, kva språk)
  • Høgde og vekt
  • Bruk av stimultania (snus, røyk, alkohol)
  • Faste medisinar
  • Allergiar
  • Psykisk eller somatisk sjukdom
  • Tidlegare operasjonar

For kvinner ønsker vi i tillegg informasjon om:

  • Menstruasjon
    • Menarche
    • Regelmessig/uregelmessig
    • Sykluslengde og antal dagar med bløding
    • Er det gjort ovulasjonstesting?
    • Siste menstruasjonsdato
    • CervixCyt, år og resultat
  • Gravida/Para
  • PID/Residiverende UVI/endometriose/SOS

For menn ønsker vi i tillegg informasjon om:

  • Ret testis
  • Kusma som voksen
  • SOS
  • Genital skade
  • Steroidbruk
  • Opphav til tidlegare graviditetar


Tilvisinga kan med fordel innehalde informasjon om både kvinna og mannen. Det gir oss moglegheit til å koordinere dei nødvendige undersøkingane av paret frå starten av. 

Einslege kvinner og lesbiske par kan få utgreiing hos oss. Per dags dato kan kvinner og lesbiske par ikkje få behandling hos oss. Men dei kan tilvisast for behandling til andre offentlege klinikkar som har operativ sædbank: Oslo universitetssykehus, St. Olavs hospital og Sykehuset Telemark. Einslege menn kan utgreiast med tanke på sædkvalitet eller hormonforstyrringar. 

Rekvirer følgende blodprøver som kvinnen skal ta  i tidsrommet  2. til 4. dag av menstruasjonen:

LH

FSH

Prolaktin

Testosteron

SHBG

Østradiol

TSH

Thy.Perox.antis.

AMH

Før

Når tilvisinga frå legen er vurdert, vil paret få kvar sitt brev frå oss. Brevet inneheld konkrete oppgåver som paret må gjere i forkant, før dei blir kalla inn til time hos oss. 

  • Kvinna må ta blodprøver på 2. - 4. menstruasjonsdag.  Blodprøvane er bestilt elektronisk. Dersom du ønsker å ta blodprøver andre stadar enn på sjukehuset må du kontakte oss for å få rekvisisjon til det.
  • Mannen må levere sædprøve. Han får ein timeavtale for å levere prøven på fertilitetssenteret. Dersom han ønskjer å ta sædprøve andre stader, må dei sende svaret til fertilitetssenteret.
  • Begge Paret må fylle ut eit eigenerklæringsskjema før timen på sjukehuset. Skjemaet blir sendt til begge på Helsenorge.no.

Dersom vi berre mottar tilvising på kvinna, vil ho få et brev med oppmoding om at partner må kontakte avdelinga før tilvisinga kan godkjennast. 

Paret vil få innkalling til time når vi har svar på alle blodprøvar og sædprøve, og eigenerklæringsskjema er levert til oss via helsenorge.no. 

Slik tar du sædprøve:

Under

Tiltak som paret kan starte med sjølve

  • Kvinner som prøver å bli gravid blir anbefalte å ta tilskot av folat på 0,4 mg dagleg. Du bør også fortsette å ta folat dei tre første månadane etter positiv graviditetstest.
  • Både overvekt og undervekt hos kvinna kan spele inn på sjansen til å bli gravid ved å gi ubalanse i hormonsystemet. Dette kan påverke menstruasjonssyklusen, den naturlege utviklinga av egg, og eggløysing. 
  • Overvekt hos menn kan føre til nedsett sædkvalitet. For dei det gjeld anbefaler vi å gå ned i vekt.

Før behandling med assistert befruktning

Før behandling med assistert befruktning er det fleire tiltak som vil krevje litt tid og innsats. Vi anbefaler at de startar med følgande tiltak alléreie no:

  • Det er ei forutsetning at du ikkje røykar eller snusar. Behandlinga kan tidlegast starte 3 månader etter du har slutta å røyke/snuse.  
  • Du bør halde deg til eit moderat inntak av koffein. Meir enn 1,5 liter med koffeinhaldig drikke er definert som stort forbruk og kan vere med på å redusere sjansen for å oppnå graviditet. For å betre sjansane for vellukka behandling er det anbefalt å redusere inntaket av koffeinhaldig drikke til under 0,5 liter dagleg.   
  • Kroppsmasseindeksen til kvinna (KMI) bør vera mellom 19 og 30 før ein kan starte hormonbehandling.
  • Begge må søke om barneomsorgsattest hos politiet. Attestane kan gjerne søkast om i utgreiingsperioden. Det blir ikkje sett i verk aktuell behandling før sjukehuset har tatt imot desse attestane.

Første time

Innkalling til første time skjer etter at testar og skjema er klare.

Både mann og kvinne må møte til den første timen. Vi går gjennom opplysningar i tilvisinga frå lege, eigenerklæringsskjema som er sendt på førehand, og resultata på blodprøvane- og sædprøve. Alt blir vurdert og diskutert, og timen kan vare omlag 60 minuttar.

  • Kvinna skal gjennom ei gynekologisk undersøking
  • Mannen må levere ei ny sædprøve i samband med timen. Nokre gonger blir testiklane til mannen undersøkte med ultralyd.

Etter

Paret vi få eit behandlingstilbod som er tilpassa det som kjem fram i utgreiinga:

  • Dersom vi kjem fram til at årsaka kanskje kan skuldast tilstandar som krev operasjon, blir dei tilviste vidare til kirurg på sjukehuset for vurdering. 
  • Ved manglande sædceller hos mannen blir han tilvist til testisbiopsi (TESA) for å sjå om det er sædceller i testiklane.

I nokre tilfelle er ytterlegare utgreiing eller livsstils endring (for eksempel korreksjon av vekt og røykeslutt) nødvendig før dei kan få tilbod om assistert befruktning.

Når utgreiinga er ferdig, vil paret få time til forsamtale. Her vil vi oppsummere og planlegge vidare behandling. Det vil også bli gitt opplæring i å sette hormonsprøyter.

Sist faglig oppdatert 11.02.2026

Kontakt

Marie Joys' hus Fertilitetssenteret

Kontakt Fertilitetssenteret
En moderne murbygning

Marie Joys' hus

Jonas Lies vei 81

5021 Bergen