Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
In vitro fertilisering
Assistert befruktning
Assistert befrukting, også kalla In vitro fertilisering eller prøverøyrsbehandling, er behandling der befruktinga skjer utanfor kroppen til kvinna. Behandlinga blir tilboden par og einslege kvinner som opplever ufrivillig barnløyse.
Denne sida omhandlar uttak av egg, befrukting og innsetjing av egg.
Tilvising og vurdering
Fertilitetssenteret ved Haukeland universitetssjukehus tilbyr assistert befruktning til par med ønske om barn. Det er tilbod om assistert befruktning til fleire grupper andre stader i landet, sjå meir informasjon under "tilvisingsrutiner for helsepersonell".
Spesialistar i kvinnehelse / gynekologar kan tilvise til assistert befruktning. Fastlegar kan tilvise til utgreiing.
Søknadsskjema for assistert befruktning må fyllast ut:
Kriterier og prioriteringer for å bli akseptert til behandling
Bioteknologiloven krev at det skal gjerast ei vurdering av paret med tanke på om dei er eigna medisinsk og psykososialt.
Paret må vere gift eller sambuare i ekteskapsliknande forhold
Kvinna bør ikkje være fyllt 39 år ved søknadstidspunkt, og mannen bør ikkje være eldre enn 55 år. I følgje Helsedirektoratet sin prioriteringsrettleiar for kvinnesjukdomar har kvinna ikkje rett til assistert befruktning i spesialisthelsetenesta etter 40 år.
Paret må vere psykososialt eigna til å ha barn og det må fremlegges barneomsorgsattest
Kvinner med kroniske sjukdommar som kan bli verre ved eit svangerskap, eller der svangerskap kan føre med seg alvorlege komplikasjonar, vil bli særskild vurdert
Kvinna bør ved søknadstidspunkt ha Body Mass Index (BMI) <32. Ved behandlingsstart bør kvinna ha BMI <30.
Paret må væra pliktig medlem i norsk folketrygd.
Hos par der mannen er sterilisert, anbefaler vi først at man prøver rekanalisiering/reversering av inngrepet. Dersom paret framleis ikkje oppnår graviditet kan dei tilvisast til utgreiing på lik linje med andre par.
Ved påvist kromosomfeil eller arvelege tilstander hjå ein av partane, skal behandling berre aksepterast etter genetisk rettleiing og ubetydelig auka sjanse for at avkom vil få misdanningar på genetisk grunnlag.
Einslege kvinner og lesbiske par kan få utgreiing hos oss. Per dags dato kan kvinner og lesbiske par ikkje få behandling hos oss. Men dei kan tilvisast for behandling til andre offentlege klinikkar som har operativ sædbank: Oslo universitetssykehus, St. Olavs hospital og Sykehuset Telemark.
Prioriteringar:
Der både mann og kvinne er utan barn.
Dersom ein av partane ikkje har barn (uavhengig av kor mange barn partnaren har).
Dersom paret har eit felles barn frå før.
Søskenforsøk hos par som tidlegare har fått eit barn ved assistert befruktning. Kvinna bør være < 40år og ha FSH og AMH i normalområdet.
Alle som søkar om assistert befruktning må framlegge barneomsorgsattest (politiattest). For par må begge søke om attest. Tilvisinga vil bli avvist om ikkje barneomsorgsattest kan visast fram.
Når utgreiinga er ferdig, vil de få time til forundersøking.Vi veit at dei som kjem til oss, har eit stort behov for informasjon og vårt ønske er at de opplever å bli godt ivaretatt. Vi legg vekt på å ha ein god dialog gjennom heile behandlingsprosessen. Skriv gjerne ned spørsmål som dere sitter med, og ta det opp med oss når vi møtast så skal vi gjere vårt beste for å svare. Forundersøkinga tar omlag to timar totalt. Vær venleg å les nøye gjennom informasjonen de har fått før de møter i avdelinga. Rekvirerte blodprøver må tas i god tid slik at prøvesvara er tilgjengelig ved oppmøte.
Ta med:
Legitimasjon
Sædprøve
Forundersøkinga består av ein samtale med lege og sjukepleiar for begge to. Som hovedregel foregår legeundersøkelsen først og sykepleiersamtalen nærmest mulig behandlingsstart.
Forsamtale med lege
Forundersøkinga kan vare inntil 60 minutter, og både mann og kvinne må møte. Det er viktig at de informerer legen om eventuell medisinbruk og allergiar. Opplysningar som kommer frem i henvisningsbrev, blodprøve- og sædprøvesvar blir vurdert og diskutert.
Undersøking av kvinna
Kvinna skal gjennom ei gynekologisk undersøking.
Ved ultralyd ser vi på eggstokker og livmor. Dersom ultralyd gir mistanke om at ikkje oppnådd graviditet skuldast tilstandar som krev operasjon vil de bli henvist vidare til operasjonsavdeling på sjukehuset. Les meir om vaginal ultralyd
Undersøking av mannen
Mannen skal levere en sædprøve. Enkelte ganger undersøkes mannens testikler også med ultralyd. Ved manglande sædceller hjå mannen vil det bli vurdert om han kan bli stimulert med hormonar. Då vil det ta noko tid før ein kan sjå eventuell respons. I nokre tilfeller kan han bli vurdert for å gjennomgå testisbiopsi (TESA) for å sjå om det finns sædceller i testikkelen.
Mannen kan velje om han vil avleggje sædprøven heime og levere den når de kjem til avdelinga, eller ta den på eit eige rom knytt til avdelinga. Om sædprøven blir tatt heime, bør det ikkje gå meir enn ein time før den blir levert på avdelinga, og den må fraktast inntil kroppen for å halde på temperaturen. Før sædprøven blir tatt, bør det ikkje vere meir enn to til tre dagar sidan førre sædavgang. Les meir om sædprøve
Funn ved undersøkingane, og hormonsvar bestemmer kva behandling som blir valgt.
Forsamtale med sjukepleiar
Dersom behandlinga er planlagt eit stykke fram i tid, vil samtalen med sjukepleiar skje nærast mogeleg behandlingsstart. Sjukepleiar vil fortelje om rutinane på avdelinga og kva som er vanleg behandlingsløp ved assistert befrukting. Under samtalen med sjukepleiaren må de signere «Avtale om assistert befruktning», og vise gyldig legitimasjon i samband med signeringa.
Sjukepleiar vil gå gjennom din personlige behandlingsplan steg for steg. Paret vil også få informasjon om korleis sette hormonsprøyter sjølve under behandlinga. Hormonbehandling gis alltid til kvinna og i noen tilfeller til mannen. Oppstart av hormonbehandling vil være avhengig av kapasitet ved avdelinga og kvinnas menstruasjonssyklus.
Sjå sprøyteopplæringskurset på nettsida vår, her vil du/de få opplæring i bruk av sprøyter som de sjølv skal sette under behandlinga.
Om alle prøvesvar føreligg og alle kriterier er oppfylt, blir det lagt ein plan for behandlingsstart. Funn ved undersøkingane, og hormonsvar bestemmer kva behandling som blir valgt. Tidspunkt for start av behandling vil blant anna være avhengig av kapasitet ved avdelinga og kvinnas menstruasjonssyklus..
Assistert befruktning
Paret har no vore gjennom utgreiing og forundersøking, og har fått ein behandlingsplan. I behandlingsplanen har kvinna fått oppgitt ein cirka dato for oppstart ut i frå berekna menstruasjon.
For dei aller fleste er det ei psykisk belastning å gå gjennom behandling med assistert befruktning. Det er det greitt å vere førebudd på. Vi har erfart at ei optimistisk haldning er viktig for å meistre behandlinga, men samstundes må ein vere realistisk og vite at dessverre ikkje alle lukkast. Det er viktig at dei viser kvarandre forståing for eventuelle ulike reaksjonar. Ein bør prøve å leve så normalt som mogleg sjølv om behandlinga skal og vil få mykje fokus.
Menstruasjon
Når du får menstruasjonen rundt planlagt tidspunkt, skal du starte med hormonbehandlinga di på avtalt blødingsdag. Du skal også melde frå til oss om dato for 1. blødingsdag.
Du kontaktar oss på helsenorge.no slik:
Logg deg inn på helsenorge.no og vel «Helsekontakter». Der finn du «Ass.Befruktning» og kan velje «Skriv melding» for å skrive inn beskjed og sende direkte til seksjonen.Vi sjekker meldingar på helsenorge alle virkedagar.
Alternativt kan du melde i frå per telefon til Fertilitetssenteret på 55 97 42 00.
Vi kontaktar deg første arbeidsdag for å avtale ultralydkontroll og vidare forløp.
Samtykke til behandling
Før kvar behandling må de signere eit samtykkeskjema. Ha derfor alltid med legitimasjon når de kjem til oss.
Behandlingsalternativ
Det finst ulike behandlingsprotokollar i samband med assistert befruktning. Vi skil mellom lang- og kort protokoll. Behandlinga vert tilpassa kvar enkelt kvinne og par.
Kort protokoll
Stimulering av eggstokkane blir gitt i form av sprøyter som blir sette dagleg i magen i ca 10 dagar. Dette gjer du sjølv. Stimuleringa startar vanlegvis 2. menstruasjonsdag i den aktuelle syklusen.
Lang protokoll
Denne protokollen inneber nedregulering av eggstokkane før du startar med hormonstimulering, som ved kort protokoll. Nedreguleringa blir brukt dagleg under heile behandlinga.
Individuell behandlingsplan
Du vil få ein individuell behandlingsplan, med informasjon om kva veke oppstarten av behandlinga skal skje. Planen finn du som eit sjukepleienotat i pasientjournalen din på Helsenorge.no.
Reseptar
Reseptane blir sendt elektronisk, og kan hentast ut på alle apotek i Noreg. Reseptane blir aktivert ved personleg frammøte og identifikasjon må visast. Haukeland Sjukehusapotek har inne dei ulike medikamenta som brukast i behandlinga. På andre apotek må medisinane bestillast minimum 1 veike før start av behandling. Dersom du vil sjekke om e-reseptane er send til deg, eller kva medisin legen har rekvirert, kan du gå inn på www.helsenorge.no Ring oss dersom noko er uklart.
Biverknader
Medisinar som brukast i behandling med assistert befruktning gir ei kontrollert overstimulering av eggstokkane og overstyrer din eigen syklus. Alle medisinar har omtale av moglege biverknader i pakningsvedlegget. Vi kjenner til at dei mest vanlege biverknadene er:
Nedregulering: Hovudverk, heitetokter, nattesveitte og humørsvingingar
Hormonstimuleringa: Smerter, kvalme, oppblåst mage, tyngdefornemming og stikking i underlivet, lett vektauke og auka mengde utflod.
Ultralyd
Vi følgjer med på utvikling og vekst av folliklane/eggposane ved hjelp av ultralydundersøkingar. Ut i frå desse undersøkingane vurderer legen kor lenge hormonbehandlinga skal vare. Hormonstimuleringen kan ha ulik varighet og det vil være behov for noen ultralydkontroller underveis.
Eggløysingssprøyte
På ultralydundersøkinga kan legen sjå når folliklane har nådd ønska storleik, og då får du beskjed om tidspunkt for når du skal sette eggløysingssprøyta. Det er svært viktig at du tar eggløysingssprøyta til rett tid; om kvelden 1,5 døgn før egguthenting.
IVF In Vitro Fertilisering
In vitro betyr utanfor kroppen og fertilisering betyr befruktning. Denne behandlinga inneber at vi tek ut egg frå eggstokkane og befruktar desse med sædceller frå partnaren. Befruktninga skjer i laboratoriet på avdelinga. Denne metoden nyttast oftast når mannen har ein normal sædprøve.
ICSI Microinjeksjon
Denne metoden nyttast ved nedsett sædkvalitet eller om ein ikkje har lukkast med fertilisering ved hjelp av IVF. På same måte som ved IVF, hentar vi ut egg frå eggstokkane, men ved ICSI tek vi ei sædcelle og fører den direkte inn i egget ved hjelp av ei tynn glaspipette. Ein er ikkje garantert befruktning ved bruk av denne metoden, sjølv om ein har injisert ein sædcelle i egget.
AIH/IUI Inseminasjon
Inseminasjon er en enkel metode for assistert befruktning der befruktningen skjer inne i kvinnens kropp på naturlig vis. Sæden føres direkte inn i livmoren med et tynt kateter. På denne måten får sædcellene hjelp et stykke på veien til eggcellen på det tidspunktet eggløsningen foregår.
Inseminering med bruk av egen sæd kan være egnet hos par der årsaken til barnløshet ikke kan forklares etter utredning, der mannen har lett nedsatt sædkvalitet eller om det er vanskelig eller ikke mulig å gjennomføre samleie.Før inseminering bli sædprøven renset og konsentrert, slik at man får økt antall gode, bevegelige sædceller.
CRYO Nedfrysing
Om det er overskot av befrukta egg med god kvalitet etter egguthenting, kan desse bli frose ned og lagra til seinare bruk. De vil få ein melding på helsenorge.no i etterkant av egguthentinga om talet på egg som eventuelt er frose ned, samt ei kort forklaring på korleis ein skal gå fram for å nytta desse ved seinare behandling. Egga kan, etter norsk lov, lagrast til kvinna fyller 46 år.
Tinte egg kan bli satt tilbake i naturleg eller hormonstyrt syklus, avhengig om kvinna har regelmessig menstruasjon med eggløysing eller ikkje. Dei lagra egga vil bli nytta før vi eventuelt må utføre ei ny egguthenting hjå kvinna.
Dagen for egguthenting skal de møte opp ved Fertilitetssenteret på morgonen til avtalt tid. Her må beggje to signere avtale om behandling og vise fram legitimasjon. De får kort informasjon av sjukepleiar, og kvinna får tildelt ei kvilestol.
Førebuingar
Kvinna
Et ein lett frukost utan kaffi
Ta smertestillande tablettar 1 time før oppmøte. Desse får du utdelt på ultralydkontrollen der egguthentingsdagen blir bestemt. Dersom de har tatt ultralyd utanbys, kan medisinen hentast ved avdelinga dagen før egguthentinga, eller takast her på avdelinga ved oppmøte. Du kan ikkje køyre bil denne dagen!
Mannen
Lever sædprøve, anten som du tar heime eller som du avlegg når du kjem på avdelinga
Vi anbefaler å ha hyppig sædavgang veka før egguthenting. Det er viktig å ha sædavgang 1-2 dagar før du leverer prøven som skal brukast i behandlinga.
Vi fraråder samleie etter dag 8 i hormonstimuleringa.
Dette skjer under egguthentinga
Kvinna blir følgd på toalettet like før inngrepet
Du får lokalbedøving i skjeden som blir gitt av legen rett før egguthentinga startar.
Sjølve egguthentinga tar 15-20 min.
Grad av smerte ved egguttak varierer frå kvinne til kvinne, men dei fleste beskriv smerten som menstruasjonsliknande smerte som strålar bak i korsryggen.
Etter egguthentinga
Du må ligge til observasjon i ½-1 time hjå oss før du får reise heim frå sjukehuset etter egguthentinga.
Nokon opplever smerter i magen same ettermiddag / kveld, men det er som regel nok lindring i Paracet og varmeflaske. Du skal ikkje bruke Ibux eller Voltaren på grunn av auka fare for bløding.
Vi kan gi deg sjukemelding i tre til fire dagar etter egguthentinga.
Kvinna må ha følgje heim etter at ho har vore gjennom uthentinga. I tillegg skal ho ikkje vere aleine dei første timane etter at de kjem heim, sidan ho har fått ulike smertestillande medisin.
Dagen etter egguthentinga vil laboratoriet sende deg en melding for å gi beskjed om kor mange egg som har blitt befrukta.
Vi anbefaler ikkje å ha samleie dei siste dagane før, og i to veker etter egguthenting. Kvinna skal heller ikkje bruke tampong eller bade i basseng, badekar eller sjø dei to første vekene etter egguthentinga. På grunn av dei forstørra eggstokkane tilrår ein redusert fysisk aktivitet i same periode.
Etterbehandling
Vi gir etterbehandling med progesteron etter egguthentinga. Progesteron er eit hormon som byggjer opp livmorslimhinna og førebur livmora på å ta i mot eit befrukta egg. Behandlinga startar egguthentingsdagen og vert brukt fram til graviditetstest.
Progesteron finnes både som sprøyter og som vagitorier.
Ved bruk av vagitorier er det vanleg med auka utflod og at rester av medisinen kjem ut igjen. På egginnsettingsdagen må medisinen tas minimum 2 timar før egginnsetting, eventuelt like etterpå.
På dag 3 til 5 etter egguthentinga, sett vi tilbake eit befrukta egg:
Kvinna ligg på ein vanleg gynekologisk undersøkingsbenk
Vi fører eit tynt kateter gjennom skjeden og inn i livmora, der egget blir plassert.
Normalt tar dette omlag 15 min.
Dette er ikkje ein smertefull prosedyre, så vi gir ikkje smertestillande i samband med egginnsettinga.
Ett eller to embryo?
Tvillingsvangerskap er assosiert med auka risiko for fosterdød, for tidleg fødsel og låg fødselsvekt. Mange alvorlege komplikasjonar opptrer hyppigare i tvillingsvangerskap enn ved vanlege svangerskap, for eksempel svangerskapsforgifting og -diabetes.
Vårt mål er å gi barnlause par eit friskt barn til termin.
Det betyr at vi fortrinnsvis set inn eitt embryo per behandling.
Du skal ta ei blodprøve 14 dagar etter egginnsetting.
Blodprøven skal takast også om du har fått bløding. Nokre kvinner opplever menstruasjonsliknande smerter og sporblødingar i løpet av desse to vekene, men kan likevel vere gravide.
Etter

Om du kjem til ei av Helse Bergen sine prøvetakingsstasjoner for å ta blodprøven kl. 8.00, får du svar same dag. Om du tar prøven hjå fastlegen eller andre stader, føreligg svar tidlegast neste dag. (Lenke: Poliklinikk for blodprøvetaking - Helse Bergen HF)
Ein sjukepleiar vil sende deg ei melding med svaret på testen.
Positiv graviditetstest
Om graviditetstesten er positiv, får du time til vaginal ultralyd om lag fem veker etter egginnsettinga fann stad.
Om dei ikkje bur i Bergen, kan du ta vaginal ultralyd hos gynekolog der du bur. Då er det viktig at du og / eller gynekologen meldar frå til oss om resultatet frå ultralyden, enten per telefon eller brev. All vidare oppfølging blir no gjort av fastlegen din.
Negativ graviditetstest
Dersom blodprøva er negativ må dei ta stilling til om dei ønsker vidare behandling hos oss.
Ny behandling / nytt forsøk
Det må gå 2-3 menstruasjonar / syklusar før vi kan starte eit nytt forsøk avhengig av kva type behandling du nettopp har gått gjennom, kva type behandling du no skal inn i, og kapasiteten ved Fertilitetssenteret.
Dersom du har hatt lang protokoll og skal inn i ein ny lang protokoll, kan vi bruke din 2. syklus.
Dersom du går frå lang- eller kort protokoll til kort protokoll, kan vi bruke din 3. syklus. Dersom du har egg på frys, varierer tidspunktet for tilbakesetting om du skal bruke naturlegen din syklus (3. bløding), eller styre syklusen din med østrogen-tablettar (2. bløding).
Kva type behandling vi vel avheng av om du har regelmessig syklus med eggløysning eller ikkje.
Det er ikkje noko i vegen for å ta ein lengre pause mellom behandlingane dersom ikkje alder eller hormonprøver tilseier noko anna. Det er viktig for resultatet at dei er motiverte og mentalt klare for ei ny behandling.
Kontroll
Blodprøve 14 dagar etter egginnsetting.
Du skal ta blodprøven også om du har fått bløding. Nokre kvinner opplever menstruasjonsliknande smerter og sporblødingar i løpet av desse to vekene, men kan likevel vere gravide. Ein sjukepleiar vil sende deg ei melding med svaret på blodprøven.
Ver merksam
Blødning
Bløding i bukhola i samband med egguthenting kan skje i sjeldne tilfelle, og det er derfor vi vil ha deg til observasjon på avdelinga i ½- 1 time etter egguthentinga.
Infeksjon
Ein sjeldan gang kan det oppstå infeksjon etter egguthentinga. Symptom på infeksjon kjem innan tre dagar etter egguthenting og vil vere vedvarande og aukande magesmerte, i tillegg til feber. Då skal du ta kontakt med lege snarast.
Allergiske reaksjoner
I sjeldne tilfelle kan vi sjå allergiske reaksjonar på medisin som blir gitt i behandlinga. Kontakt avdelinga dersom det skjer.
Overstimuleringssyndrom
Nokre kvinner kan reagere uventa kraftig på hormonstimuleringa og det blir danna for mange folliklar. Då kan det vere at behandlinga må avbrytast. Det inneber at vi anten kansellerer egguthentinga eller at vi frys ned alle dei befrukta egga og gjennomfører egginnsetting i ein seinare syklus.
Overstimuleringssyndrom kan oppstå frå du sett eggløysingssprøyta og innan ei veke etter egginnsetting. Ta kontakt med oss dersom du får symptom som: oppblåst og smerte i underlivet, kvalme, oppkast, diare og ev. tungpust. I dei mest alvorlege tilfella, krev det innlegging på sjukehuset.
Ved symptom på overstimuleringssyndrom må du ringe Kvinneklinikken eller næraste sjukehus.
Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
Busstoppa rundt Haukeland:
Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
Ibsensgate - arbeidsruter
Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset.
Taxi til Marie Joys' hus På forplassen foran Marie Joys' hus er det mulig å kjøre inn og slippe av og/eller hente pasienter. Innkjøring til Parken er ved Haukeland hotell. Parkering tillates ikke på forplassen.
Parkering ved Marie Joys' hus De nærmeste parkeringsområdene for besøkende til Marie Joys hus er Parken og Sentralblokken. Innkjøring er ved Haukeland hotell.
I Parken kan man parkere i parkeringshuset (3 etasjer), under Haukeland hotell eller på utendørs parkeringsplasser som befinner seg innover området. Det er også flere parkeringsplasser utenfor MJH. I Parken er det ca. 180 parkeringsplasser.
I Sentralblokken er det 300+ parkeringsplasser innendørs. Parkerer man i Sentralblokken kan man gå innendørs via tunnelsystemet til MJH. Det er også mulig å gå utendørs gjennom sykehusparken.
Det er parkeringssystemet Sesam Sesam som brukes i Parken og Sentralblokken. Det er stor knapphet på parkeringsplasser på dagtid.
Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offentleg transport. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland.
For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.
Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.
Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.
Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.
Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.
Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.
Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:
Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.
På grunn av mellom anna liten plass, allergiar, nyopererte pasientar og fare for oppvekst av bakterier i blomsterjord og blomstervann er det ikkje lov med avskorne blomstrar eller potteplantar til inneliggande pasientar.
Takk for at du ikkje bruker parfyme. Parfymelukt kan gi pasientar problem med pusten, hudirritasjonar og forverra sjukdomssymptom. Tusen takk for at du tar omsyn og unngår å bruke parfyme og parfymerte produkt på sjukehuset.
I 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland ligger det to stillerom. På dei to stilleromma kan du vere for deg sjølv med tankane og bønene dine. Romma er alltid ope, og er opne for alle.
Vi ønsker at sjukehusområdet vårt skal vere røykfritt. Dei aller fleste pasientar og pårørande trivst best i eit røykfritt miljø. Mange blir også direkte plaga om dei blir utsette for passiv røyking.
Det er ei utfordring at mange røyker utanfor inngangspartia på sjukehuset.
Om du skal røyke når du oppheld deg på sjukehusområdet, ber vi deg om å gjere dette på dei stadene vi har sett av til dette. Dette gjeld også bruk av e-sigarettar.
Vi har lagt til rette for røyking følgande stader:
Røykerom ved inngangen frå parkeringsdekket på austsida av Foajéen i Sentralblokka, utgang til høgre for Deli de Luca
Røykeskur framfor Gamle hovudbygg
Røykeskur framfor Augebygget
Vi håpar du respekterer røykeforbodet vårt av omsyn til andre pasientar.
Tilsette har ikkje lov til å røyke på sjukehusområdet.
Haukeland Hotell ligg like ved sjukehuset, ring: 55976800.
Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.
Vi råder deg til å la verdisakane ligge att heime då sjukehuset ikkje har forsikringsordningar som dekker tap av personlege ting. Fleire pasientar blir sendt direkte til sjukehuset og vi bruker verdiposar til oppbevaring av kontantar, bankkort og mobiltelefon for dei som har behov for det.
Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
Busstoppa rundt Haukeland:
Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
Ibsensgate - arbeidsruter
Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset.
I Glasblokkene 5-8 er det ein hovudresepsjon i 1. etasje som betener alle pasientar, pårørande og besøkande til Glasblokkene. Hovudresepsjonen er betent alle dagar frå kl. 07.00 - 21.00. Helg og heilagdager er resepsjonen betent frå 07.30 - 21.00. Her kan du få hjelp til innsjekk, å finne fram, bestille tolk, transport og mykje meir.
I tillegg til hovudresepsjonen er det ein ekspedisjon i tilknyting til mottaket i U1. Denne har ope alle kvardagar kl. 07.00 - 22.30, og frå 08.00 til 22.30 i helg/heilagdagar
Resepsjonen i blokk 1-4 er gjort om til base for vektarar frå hospitaldrift, og er bemanna med vektar 24/7. Her er vektar tilgjengeleg for pasientar og besøkande for enklare førespurnadar og spørsmål.
I innkallingsbrevet ditt står det kor du skal møte på sjukehuset. Dei aller fleste får også ein SMS for ankomstregistrering same dag som timen er. Du kan velge å velge å sjekke inn via SMS på mobilen, eller på sjølvbetjeningsautomat i Glasblokkene.
Dei pasientene som treng eller ønsker det, får hjelp hjelp i resepsjonen.
Når pasienten har sjekka inn, enten via mobil eller på automat, får du SMS med referansekode som viser kva ventesone de tilhører. Du vil alltid få ein SMS for innkalling til rom/sted.
Når timen er over og oppgjøret tatt, får pasientene mulighet til å betale egenandel mm. via Vipps, eller å få tilsendt regning i posten eller nettbanken.
I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.
Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.
Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.
Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.
Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.
Du treng ikkje å sitte utanfor behandlingsrommet å vente. Både vaksne og barn kan vente både ute og inne. I inngangsetasjen er det leikerom, lounge, kafé og fleire opphaldsareal. Det er også eit stort leikerom til venstre for den store trappa i U1.
Ventesonene nær behandlingromma er godt merka. Du vil få SMS om å gå til ventesona når det nærmar seg timen.