Diagnose
Urinsyregikt
Urinsyregikt er ein sjukdom som skuldast opphoping av urinsyrekrystallar i leddvæske med påfølgande betennelse i ledd. Urinsyregikt i grunnleddet i stortåa vert til tider kalla podagra eller kaptein Voms sjukdom.
Utbreiing og årsak
Urinsyregikt er den vanlegaste giktsjukdomen hos vaksne, og ein antar at ca. 1-1,5 % av den vaksne befolkninga er ramma. Førekomsten aukar med aukande alder, og generelt er sjukdommen blitt hyppigare siste 50 år. Dette skuldast mest sannsynleg auka levealder, auka overleving og behandling av annan sjukdom som f.eks. nyresjukdomar; samt endring i levesett og matvanar. Ved urinsyregikt ser ein forhøgja urinsyrenivå i blodet, anten på grunn av auka produksjon eller på grunn av nedsett utskiljing av urinsyre i nyrene. Overskot av urinsyre kan verte omdanna til urinsyrekrystallar i leddvæske. Kroppen reagerer vidare på urinsyrekrystallane med å lage ein betennelsesreaksjon i leddet. Det vert danna flest urinsyrekrystallar i vev med låg temperatur, eller vev som tidlegare har vore utsett for skade. Stortåa sitt grunnledd er eit typisk slikt ledd.
Symptom og sjukdomsteikn
Eit typisk anfall av urinsyregikt gjev sterke smerter, raudne, varmeauking, heving og nedsett funksjon i ledd som vert ramma. Anfallet er oftast verst etter 12-24 timar, men det går ofte fleire dagar eller veker før leddet kjennes heilt fint igjen. Smertene startar helst om natta eller tidleg om morgonen, og er hyppigast i ledd i underekstremitetar. Aller vanlegast er urinsyregikt i grunnleddet i storetå. I starten av sjukdomen er 80 % av anfalla lokalisert til eit enkelt ledd. Ved seinare anfall ser ein oftare at fleire ledd vert ramma samstundes. Nokre vil etter lang tids sjukdom oppleve å få utfellingar av krystallar òg i omliggande vev, såkalla tofi. Desse utfellingane kjem ofte til syne i vev nær ledda, i senestrukturar og i slimposar.
Utgreiing
Fastsetting av diagnose
Diagnosen vert fastsett på bakgrunn av typiske symptom, samt ved funn av urinsyrekrystallar i leddvæske. Det kan av og til vere vanskeleg å få leddvæske frå små ledd, som til dømes grunnleddet i storetåa. Om ein er i tvil om diagnosen vert det til tider derfor utført ei spesiell CT undersøking (Dual energy CT) som òg kan avdekkje urinsyreavleiringar.
Behandling
Auka inntak av alkohol, sukkerhaldig drikke, raudt kjøtt og innmat aukar risikoen for anfall med urinsyregikt. Det same gjer medikament som inneheld salisylsyre, som Albyl-E og vanndrivande medisinar.
Akutte anfall med urinsyregikt vert ofte behandla effektivt med betennelsesdempande medisin i form av NSAIDs (for eksempel Naproxen eller Voltaren). Medisinen Kolkisin kan vere effektivt om ein startar behandling heilt tidleg i anfallet. Prednisolon vert nytta, særleg om ein ikkje toler behandling med NSAIDs. Kortisoninjeksjonar i vonde ledd er aktuelt særleg ved affeksjon av eitt eller få ledd. Dette er ei behandling dei fleste tolererer godt.
Om ein har fleire enn to anfall med urinsyregikt i året, eller om ein har urinsyregikt med tofi, kan det vere aktuelt med førebyggande behandling for å hindre nye anfall. Slik behandling har som mål å redusere urinsyrenivået i blodet. Eksempel på slike medikament er Allopur, Zyloric og Probenecid. Dei første 6-12 månadene etter oppstart av urinsyresenkande behandling kan ein oppleve auka risiko for akutte anfall med urinsyregikt. Ein nyttar derfor ofte Kolkisin som tilleggsbehandling desse månadene.
Oppfølging
Dei fleste som har urinsyregikt kan følgjast av fastlege. Ved sjukdom som er vanskeleg å behandle eller ved hyppige anfall blir ein gjerne tilvist revmatolog for vurdering.
Kontakt
Gamle hovedbygg
Revmatologisk avdeling
Oppmøtestad
3. etasje i Gamle hovedbygg på HaukelandGamle hovedbygg
Jonas Lies vei 71
5053 Bergen
Transport
Praktisk informasjon
Nyheiter
Kurs
- Dato kjem