Når du møter til timen blir du tatt imot av ein radiograf. Radiografen vil som regel starte med å ta mammografi av deg. Radiografen jobbar tett på deg, og legg klem på brystet ditt mellom to plater i nokre sekund. Ein pressar brystet saman for å få fram detaljer i blidene. Nokon synes dette er litt ubehageleg, men for dei aller fleste går det heilt fint.
Dersom ein er under 35 år startar vi oftast med ein ultralydundersøking av brystene.
Dersom du går i eit kontrollopplegg med regelmessige mammografi-undersøkingar er du ferdig etter at mammografi er tatt.
Dersom du er tilvist av lege eller skal til vidare undersøkingar etter screening vil ein lege vurdere mammografi-bileta mens du ventar. Nokre gonger treng legen meir informasjon, og radiografen tek i så fall fleire mammografi-bileter av deg. Dette er heilt vanleg.
Etterpå utfører legen ein ultralydundersøking av brystet. Dersom det er behov for å ta ein vevsprøve eller celleprøve gjer vi dette som oftast same dag. Du får med eit informasjonsskriv med kontaktinformasjon dersom det vert tatt prøve. Om du har spørsmål kan du ringe og snakke med koordinator ved avdelinga.