Utgreiing ved brystdiagnostisk senter
Ved Brystdiagnostisk senter undersøker vi pasientar som har symptom i brystet og/eller armhola.
Dei fleste som vert undersøkte ved Brystdiagnostisk senter har ikkje brystkreft, men det er viktig med ei grundig undersøking for å fastslå dette.
Vi har som mål å gjere alle undersøkingar som er naudsynte same dag, det hender derfor at det kan bli ein del venting når ein har time ved Brystdiagnostisk senter. Sett av god tid når du skal til oss – gjerne 2 timer.
Tilvising og vurdering
Pasientane er tilvist av lege eller innkalla til vidare undersøkingar etter å ha møtt i Mammografiprogrammet.
Utredning
Når du møter til timen blir du tatt imot av ein radiograf. Radiografen vil som regel starte med å ta mammografi av deg. Radiografen jobbar tett på deg, og legg klem på brystet ditt mellom to plater i nokre sekund. Ein pressar brystet saman for å få fram detaljer i blidene. Nokon synes dette er litt ubehageleg, men for dei aller fleste går det heilt fint.
Dersom ein er under 35 år startar vi oftast med ein ultralydundersøking av brystene.
Dersom du går i eit kontrollopplegg med regelmessige mammografi-undersøkingar er du ferdig etter at mammografi er tatt.
Dersom du er tilvist av lege eller skal til vidare undersøkingar etter screening vil ein lege vurdere mammografi-bileta mens du ventar. Nokre gonger treng legen meir informasjon, og radiografen tek i så fall fleire mammografi-bileter av deg. Dette er heilt vanleg.
Etterpå utfører legen ein ultralydundersøking av brystet. Dersom det er behov for å ta ein vevsprøve eller celleprøve gjer vi dette som oftast same dag. Du får med eit informasjonsskriv med kontaktinformasjon dersom det vert tatt prøve. Om du har spørsmål kan du ringe og snakke med koordinator ved avdelinga.
Behandling
Dersom det er nødvendig å ta biopsi, eller det er behov for fleire undersøkingar, kan det ta 1-3 veker å få resultatet. Dersom det ikkje er behov for biopsi og ein ikkje finn noko å undersøke vidare, får du svaret same dag som du har time ved BDS. Resultatet av undersøkingane vil vere førande for eventuell vidare behandling.
Kontakt
Brystdiagnostisk senter på Haukeland universitetssjukehus lokalisert på Haraldsplass
Brystdiagnostisk senter
Oppmøtestad
Brystdiagnostisk senter held til i det nye sjukehusbygget på Haraldsplass Diakonale Sykehus.
Mammografiscreening skjer i våre lokaler ved Danmarksplass, medan klinisk mammografi skjer i våre lokale på Haraldsplass Diakonale Sykehus.
Brystdiagnostisk senter på Haukeland universitetssjukehus lokalisert på Haraldsplass
Ulriksdal 8