Når du har fått innkalling til første samtale er det fint om du førebur deg, gjerne i samarbeid med tilviser eller pårørande. Det kan vere ting du vil utdjupe og spørsmål du har, eller du ønsker å legge til opplysningar som ikkje er beskrivne i tilvisinga. Notar gjerne ned på ei liste såg du hugsar alt.
Vanedannande legemiddel, rus- og avhengighetsbehandling
Bruken av vanedannande legemiddel kan medføre avhengnad. Langvarig bruk gir auka risiko. Gjennom behandling får du hjelp til å få kontroll over trongen til å bruke legemidla – uansett årsak. Dette kan skje ved poliklinisk behandling, eventuelt i kombinasjon med døgninnlegging.
Tilvising og vurdering
Du må ha tilvising for å få eit tilbod innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB).
Tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) omfattar tilbod om døgnbehandling, dagbehandling, ambulantbehandling og polikliniske tenester. Tilvising til TSB kan komme frå ei rekke instansar, både frå sosialtenesta og frå helsepersonell med rett til å tilvise til spesialisthelsetenesta.
Det er ein fordel om du sjølv deltar når tilvisinga blir skriven, slik at du får med rette opplysningar om deg, situasjonen din og kva du ønsker å oppnå med behandlinga. Tilvisinga blir vurdert, og du får beskjed innan ti dagar om du får eit tilbod i TSB. Dei fleste får først ein time på ein ruspoliklinikk.
Før
Under
På poliklinikken startar vi kartlegging og utgreiing i samarbeid med deg for å avklare behova dine for behandling og kva mål du har. Vi snakkar både om rusmiddelbruk og om psykisk og fysisk helse. Vi ønsker eit godt bilde av situasjonen din og korleis du har det i kvardagen med skole, jobb, økonomi og familieforhold. Denne informasjonen dannar grunnlag for behandlingsplanen din.
Det kan vere aktuelt at pårørande dine blir involvert, føresett at du ønsker det. Vi ønsker også å etablere eit godt samarbeid med aktuelle hjelpeinstansar i kommunen/bydelen din.
Eit poliklinisk behandlingstilbod består av individuelle samtalar og eventuelt par- og familiesamtalar.
Behandlaren din vil som regel ha ansvaret for å legge til rette for ei eventuell døgninnlegging. Ved behov for døgnbehandling vil du bli tilvist vidare til ein døgninstitusjon som tar imot pasientar til behandling for alkoholavhengnad. Nokon har behov for opphald på ei avrusingseining i forkant av behandlinga.
Under ei døgninnlegging oppheld du deg på institusjonen. Det er mange ulike avdelingar og institusjonar, noko du kan lese meir på Helsenorge.no og på nettsida til den aktuelle institusjonen. Personalet er tverrfagleg samansett, og du får oppfølging av miljøterapeutar, psykologar og legar.
Tilbodet kan blant anna bestå av miljøterapi, individuelle samtalar og deltaking i grupper, medikamentell behandling og fysisk aktivitet. Behandlinga bli lagd til rette ut frå behova dine. Etter døgnopphaldet er det vanleg å få tilbod om poliklinisk oppfølging ein periode.
For å få ei heilskapleg og trygg oppfølging, får du tilbod om ein individuell plan og ei ansvarsgruppe gjennom heile behandlingsforløpet og etter at du er skrive ut frå spesialisthelsetenesta. Både ved poliklinisk behandlingstilbod og ved døgninnlegging er det ein eigen barneansvarleg som eit tilbod og ein ressurs for barn som er involverte.
Etter
Etter ei behandling ved ein poliklinikk eller eit opphald i ein døgninstitusjon, overtar det lokale hjelpeapparatet, det vil seie fastlege og kommune. Det er møte og samtaler mellom sjukehuset og det lokale hjelpeapparatet ditt før du blir skriven ut frå døgnbehandling. Ved utskriving får du og behandlaren din eit avslutningsbrev med ei oppsummering av opphaldet og ei oppfordring av tiltak vidare.
Kontakt
Østre Murallmenningen 7
Rusmedisin AFR
Ventetid: 4 uker
Ventetid: 4 uker
Kontakt Rusmedisin AFROppmøtestad
Vi har fleire einingar med ulike behandlingstilbod. Sjå fleire behandlingsstader og kontaktinformasjon

Østre Murallmenningen 7
Østre Murallmenningen 7
5012 Bergen

Engenhuset
Håkonsgaten 1
5015 Bergen