Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Logo der det står MMIV

Mohn Medical Imaging and Visualization Centre (MMIV)

Mohn-senteret for medisinsk bildebehandling og visualisering (MMIV) er eit forskingssenter etablert gjennom eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen og Haukeland universitetssjukehus, med støtte frå Trond Mohn forskingsstifting. Målet er å samle forskarar frå ulike fagområde for å utvikle nye metodar innan medisinsk bildebehandling, kunstig intelligens og visualisering til bruk i forsking og pasientbehandling.

Eit leiande miljø for medisinsk bildebehandling

Sidan oppstarten har MMIV vore leiande innan medisinsk bildebehandling og nytta avansert teknologi for å styrkje forsking og pasientbehandling. Senteret samlar ekspertar på tvers av fagmiljø og institusjonar for å utvikle nye metodar innan diagnostikk og behandling. Ved å kombinere bildebehandling, visualisering, informatikk og kunstig intelligens ønskjer MMIV å drive fram framtidas persontilpassa medisin.

Sist oppdatert 18.11.2026