BergenLys-humane vekstfaktorar til stamcelleterapi
Stamcelleterapi gir nye moglegheiter for behandling av ei rekke tilstandar, som til dømes diabetes, kreft, ulike nervesjukdommar og vevsregenerasjon. Millionar av pasientar vil dra fordelar av behandling med stamceller
Dette er eit innovasjonsprosjekt ved Haukeland universitetssjukehus. Tiltaket er ikkje ein del av det ordinære behandlingstilbodet ved sjukehuset. Prosjektet fekk midlar i 2018. Last ned einsidar (pdf)
Løysinga
Dyrking av humane celler til stamcelleterapi og regenerativ medisin krev høg kvalitet. Mediet som cellene veks i treng ekstra vekstfaktorar. Idéen er å bruke utdaterte blodplatekonsentrat frå blodbanken for framstilling av platelysat; BergenLys, som inneheld vekstfaktorar som cellene treng. Framstillingsmetoden inneber nye tilnærmingar til kjende produksjonsmetodar.
Pilot
Det er utført to pilotstudiar for å finne optimal produksjons-prosess og for å teste kvaliteten på produktet. Resultata syner betre vekst ved dyrking av humane stamceller samanlikna med kommersielt tilgjengelege produkt som inneheld vekstfaktorar frå dyr.
Nytte
Stamcellebehandling vil kunne betre livstilhøvet for mange pasientar. Bruk av platelysat gjer: betre cellevekst, mindre fare for overføring av allergen og mikroorganismar, betre dyrevelferd og optimal ressursbruk.
Fakta om prosjektet
Finansiering
Tildelt kr. 400 000,- i midlar frå Helse Vest 2017.Tildelt kr. 200 000,- i midlar frå Helse Bergen 2018.
Samarbeidspartnarar
Bergen Stem Cell Consortium (BSCC), Helse Bergen.Institutt for klinisk odontologi, UiB.
Bergen Teknologioverføring (BTO).
Kontakt
Tor Hervig, overlege/professor, Avdeling for Immunologi og Tranfusjonsmedisin, Laboratorieklinikken, Haukeland universitetssjukehus.e-post: tor.audun.hervig@helse-bergen.no
Har du ein god idé?
Sist oppdatert 01.09.2021