InnovasjonsCamp

InnovasjonsCamp er et verktøy som skal fremme k­reativitet­ og­ nyskapning ­i­ Helse­Bergen. ­Innhald­ og vertskap ­varierer­ frå ­år­ til ­år, ­men­ det ­står ­alltid ­rettleiarar og ekspertar­ klare ­for ­å ­hjelpe ­fram­ nye ­idear ­til det ­beste ­for ­tilsette ­og ­pasientar.­

Diagram

​Dette er eit innovasjonsprosjekt ved Haukeland universitetssjukehus. Tiltaket er ikkje ein del av det ordinære behandlingstilbodet ved sjukehuset. Prosjektet fekk midlar i 2016. Last ned pdf

Tverrfagleg­samarbeid­

Campen skal gje motivasjon og vere ein ramme for tverrfagleg og tverrorganisatorisk samarbeid, ein føresetnad for å lykkast med  innovasjon. Difor vert næringsliv, gründerar og utdanningsinstitusjonar inviterte til å bli med på ein kreativ prosess for å utvikle nye og nyttige helsetenester. Arrangementet er basert på dugnadsarbeid og eigeninnsats. Dei tre beste kandidatane får presentere sine idéar på KlinIKT­konferansen.

Innovative helsetenester

Målet er å fremje innovasjonskultur og skape nye innovative helsetenester. Skal vi lykkast er vi avhengige av samarbeid med pasientar, næringsliv, studentar og gründerar. Her vert det spennande moglegheiter for alle interesserte!

Har du ein idé?

Følg med på sidene våre på helse­bergen.no, eller følg Idémottaket på Facebook for oppdateringar.

Fakta om prosjektet

Finansiering
Prosjektet har fått finansiert planleggingsfasen. Campen vil bli finansiert gjennom innovasjonsmidlar
og strategisk samarbeid med designklyngen. Design Region Bergen har ansvar for den faglege prosessen. Prosjektet ynskjer å tilby vinnarkandidat(ar) fordelaktige insentivordningar. Meir informasjon vil du få om dette når vi går ut med Call for Proposal i januar 2017.

Kontakt
Prosjektleiar Synnøve Olset,
Seksjon for e-helse,
Forskings- og utviklingsavdelinga.
Telefon 954 09 463



Har du ein god idé?

lyspærer i papirfly på vei til idemottaket
Klikk for å sende idéer til idémottaket


Sist oppdatert 04.05.2018