Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Mottaksmodellen

Mottaksmodellen er ein nasjonal og internasjonal tenesteinnovasjon for ein heilt ny måte å organisere mottak av akutt sjuke pasientar på. Så langt vi er kjent med, er det ingen andre sjukehus i verda som har gjort så gjennomgripande endringar i pasientstraumen som Haukeland universitetssjukehus.

En gruppe mennesker på et sykehus

Dette er eit innovasjonsprosjekt ved Haukeland universitetssjukehus. Tiltaket er ikkje ein del av det ordinære behandlingstilbodet ved sjukehuset. Prosjektet fekk midlar i 2017. Last ned pdf.

Lokalsjukehus i det høgspesialiserte sjukehuset

Det er bygd opp ein mottaksklinikk der akutt sjuke pasientar med uklåre eller samansette sjukdomsbilde straks blir tatt hand om av tverrfaglege team. Pasientane får no raskare og betre behandling enn før. Målet har vore å optimalisere pasientstraumen gjennom akuttmottak og prosesser for vidare fordeling i sjukehuset. Mottaksklinikken skal kunne ta imot eit bredt spekter av pasientar som ikkje klart høyrer til gitte kliniske einingar i sjukehuset

Resultat første år

Mottaksmodellen er heilt avgjerande i framtidas utvikling av tenestetilbodet. Tala frå 2017 viser at modellen gir dei resultat ein håpte på. Pasientane møter sjukepleiar og lege med breiddekompetanse raskare , og det er ein høgare del av akuttpasientane som har fått utført radiologi innan tre timar. Eitt år etter opning viser tala at 70–80 prosent av pasientane blir skrivne direkte ut frå Mottaksklinikken, ofte same dag. Berre 20–30 prosent blir sendt vidare til ei spesialavdeling. Pyramiden er snudd på hovudet i forhold til korleis situasjonen var før mottaksmodellen.

Relatert informasjon

Forankring

Eit samla sjukehus har stått bak mottaksmodellen som har vore godt forankra i både styredokument og prosjektstruktur. Eit viktig grep er oppbygginga av Mottaksklinikken. Denne klinikken består av Akuttmottaket, Korttidsposten, Utgreiings- mottaket, Diagnostisk senter og Akuttposten på Bergen legevakt. Utgreiingsmottak 2 sto klart hausten 2017 og Mottaksklinikken vart offisielt opna 28.desember 2017

Kontakt

Prosjektleiar for Mottaksklinikken, Johannes Kolnes

epost: Johannes.Kolnes@helse-bergen.no

Klinikkdirektør, Anne Taule, anne.taule@helse-bergen.no 



Har du ein god idé?

lyspærer i papirfly på vei til idemottaket
Klikk for å sende idéer til idémottaket



Sist oppdatert 04.05.2018