Personleg visuell profil for barn og unge i sjukehus

Kvart barn eller ungdom lagar eller tek med seg sin eigen avatar/figur som følgjer barnet eller ungdomen som ein raud tråd gjennom heile sjukehusopphaldet.

ein gruppe grafisk framstilte personar

​Dette er eit innovasjonsprosjekt ved Haukeland universitetssjukehus. Tiltaket er ikkje ein del av det ordinære behandlingstilbodet ved sjukehuset. Prosjektet fekk sist midlar i 2018. Last ned einsidar (pdf)

Prosjektet

Barn og unge som kjem i kontakt med sjukehuset skal få mulighet til å lage seg ein eigen visuell profil, ein avatar/figur. Avataren kan plasserast inn i informasjonssvideresende kriv som handlar om; medisinske prosedyrar  (blodprøvar, legeundersøkelse, fysioterapi mm), trening (styrke, ballspel, klatring mm.), møtar og tiltak som posten og energisenteret tilbyr, samt i sjukhusskolen. Avataren/figuren kan bli sett inn i teikneseriar med ulike situasjonar for bearbeiding av vegring hos barnet eller ungdomen og vil gjera det tryggare i møte med sjukehuset.

Løysinga

Utvikling av programvare, og design av informasjon som avatarane/figura skal plasserast inn i.

Nytte

Informasjon tilpassa barn og unge. Nyttig for barn og unge med sårbarhet i forhold til språk (utviklingshemminger, lærevansker, autisme). Ein kan oppnå effektivisering i behandlinga og bearbeide frykt knytt til behandling og prosedyrar. Barn og unge vil kunne få større eierskap til eigen behandling.

Fakta om prosjektet

Finansiering

Tildelt kr. 100 000,- i innovasjonsmidler frå Helse Vest.


Samarbeidspartnarar

Helse Vest IKT

Kontakt

Paul Joachim Bloch Thorsen, seksjonsoverlege, Barneposten, Psykisk helsevern for barn og unge.
e-post: pact@ihelse.net




Har du ein god idé?

lyspærer i papirfly på vei til idemottaket
Klikk for å sende idéer til idémottaket

Sist oppdatert 01.09.2021