Trygg legemiddelutdeling og sikker administrering av blodprodukt

Å kvalitetssikre administrering av legemidlar og blodprodukt heilt fram til pasienten er viktig for å unngå feil og ivareta pasientsikkerheten. Innføring av elektronisk  kontroll vil medføre auka tryggheit og sikkerheit for pasientar og helsepersonell.

Grafisk brukergrensesnitt

Dette er eit innovasjonsprosjekt ved Haukeland universitetssjukehus. Tiltaket er ikkje ein del av det ordinære behandlingstilbodet ved sjukehuset. Prosjektet fekk midlar i 2016. Last ned pdf.

Løysinga

Løysinga/«appene» vil endra, effektivisera og gjera prosessane med trygg legemiddelutdeling og sikker infusjon av blodprodukt sikrare enn det som er dagens løysingar. «Appene» er tilpassa handhelde nettbrett med skannar som kan nyttast av helsepersonell (sjukepleiar) der dei hjelpar til med følgjande:

  • Identifiserer sjukepleiar og sjekkar fullmakter
  • Velje mellom Legemiddel administrering eller Blod administrering
  • Identifiserer rekvirerande lege
  • Identifiserer riktig pasient og viser nødvendige data om pasient. - Dokumenterer transfusjon/legemiddel administrering
  • Sender informasjon og data til lagring i dei forskjellige systema. 
  • Same løysing/teknologi kan nyttast til å utvikla andre «apper»/løysingar til bruk i pasientretta arbeid.

Nytte/effekt

  • Forenkla prosessane og auke pasientsikkerheit ved transfusjon av blodprodukt og administrering av legemidlar til pasientar
  • Auke pasientsikkerheit ved at lover, forskrifter og retningslinjer er innarbeidt i løysninga.
  • Færre feil ved at riktig pasient får riktig legemiddel/produkt.

Fakta om prosjektet

Samarbeid

Samarbeid med Høgskolen i Bergen (HIB)

Finansiering

Helse Vest innovasjonsmidlar 2016.

Kontakt

Einingsleiar Heidi S. Brevik, Akuttmottak, Mottaksklinikken

e-post: heidi.brevik@helse-bergen.no

Rådgivar Inderjit Kaur Daphu, Seksjon for e-helse, Fou avdelingen. 

e-post: derjit.kaur.daphu@helse-bergen.no

Yngvar Skar, Innovatør Helse Vest. 
Yngvar.sigmund.skar@helse-vest-ikt.no




Har du ein god idé?

lyspærer i papirfly på vei til idemottaket
Klikk for å sende idéer til idémottaket



Sist oppdatert 07.05.2018