Elektronisk rekvirering

Rekvirentar utanfor sjukehus som sender prøver til analysering ved sjukehuslaboratoria i Helse Vest, har tilbod om å rekvirere elektronisk frå eige journalsystem. Elektronisk rekvireringsløysing bidrar til raskere og meir sikker informasjonsflyt og samhandling.

Elektronisk rekvireringsløysing er intuitiv, lett å lære og enkel å bruke. ​

​Rekvireringsløysinga kan brukast av rekvirentar som har journalsystema CGM Allmenn, CGM Vision, Infodoc Plenario, Hove Total, System X, Webmed og Extensor.  

Kvart sjukehus i helseregionen har laga ei elektronisk tenestekatalog for laboratorieanalysar til sjukehuslaboratoria. Etikettar til merking av prøverøyr og -behaldarar skrivast ut på etikettskrivar som høyrer til løysinga. 
Løysinga vert installert i legekontoret sitt journalsystem (sjå over for kven som kan nytte løysinga).

Rekvirentar og anna prøvetakingspersonell har tilgang til opplysingar om kva for prøvemateriale som skal takast, rettleiing for rekkjefølgje på prøverør ved blodprøvetaking og informasjon om prøvebehandling for dei ulike analysane. 

Det er og mogleg å etterrekvirere analysar på prøvemateriell som allereie er sendt inn. 

Med den elektroniske rekvireringsløysinga kan ein rekvirere til fleire fagspesialitetar samtidig (medisinsk biokjemi, klinisk farmakologi, mikrobiologi og patologi). 

Elektronisk rekvirering nyttast av dei aller fleste legekontora på vestlandet. 

Løysinga er intuitiv, lett å lære og enkel å bruke.

  • ​Raskere og meir sikker informasjonsflyt og samhandling 
  • Rettleiing til riktig prøvetaking, antal prøvebehaldarar og korleis prøvematerialet skal handterast
  • Oppdatert oversikt over rekvirerte prøve​r
  • Elektronisk etterbestilling av innsendte prøver
  • Kontinuerleg oppdatert tenestetilbod​
  • INGEN papirskjema

Ta kontakt med: 
Marknadskonsulent for primærhelsetenesta, Kristin Haagensen
E-post: kristin.haagensen@helse-bergen.no 
Telefon: 55 97 78 81/ 954 22 394. 

Vi bestillar installasjon og etikettskrivarar vil bli installert ved opplæring. Medarbeidar ved sjukehuslaboratoria vil sørgje for opplæring ved legekontoret.
Det er vanlegvis tilstrekkelig med ca. ein times opplæring for legane, og litt utvida opplæring i etterkant for prøvetakingspersonale.

Installasjon av programmet, etikettskrivarar og opplæring er kostnadsfritt.

Rekvirentar som sender prøver til Haukeland universitetssjukehus eller Voss sjukehus, ta kontakt med:
Marknadskonsulent for primærhelsetene​sta, Kristin Haagensen
E-post: kristin.haagensen@helse-bergen.no 
Telefon: 55 97 78 81/ 954 22 394

Sist oppdatert 26.08.2023