Helsepersonell i laboratorium og prøveglass. Fotomontasje

Laboratorietenester

Haukeland universitetssjukehus er ein av dei største tilbydarane av laboratorieanalysar i Noreg. Laboratorieklinikken tilbyr eit breitt spekter av analysar innan ulike fagområde. I tillegg til analytisk verksemd, tilbyr laboratoria tenester  for blodprøvetaking, rådgiving for bruk av analysar og tolking av analysesvar, samt forskings- og prosjektverksemd.

Blodgiving finn stad ved Blodbanken i Helse Bergen. Du kan gi blod ved Haukeland universitetssjukehus, Voss sjukehus og Blodbussen. Ønskjer du å bli blodgivar kan du melde deg her. Her vil du og finne meir informasjon om blodgiving, Blodbussen, tappestader.

Laboratorieklinikken bidrar med rettleiing, prøvetaking, prøvebehandling og analysearbeid for kliniske forskingsprosjekt. 

Søknadsskjema for prosjektsamarbeid fyllast ut elektronisk og sendast på e-post til: prosjekter.laboratorieklinikken@helse-bergen.no 

​Les meir om laboratorieservice til kliniske forskingsprosjekt her.​

Marknadskonsulenten vår formidlar informasjon og kontakt mellom primærhelsetenesta og laboratoria ved sjukehuset.  

Ta kontakt med marknadskonsulenten




 

    Sist oppdatert 17.04.2024