Førespurnad om frivillig akutt psykiatrisk hjelp
På kvardagar mellom kl. 08.00 og 17.00:
Distriktspsykiatrisk senter (DPS) tek imot alle akutte førespurnader frå sitt opptaksområde på kvardagar frå kl. 08.00 til 17.00. Det DPS-et pasienten høyrer til, skal kontaktast, og ein ber om å bli sett over til akuttfunksjon/akutttelefon.
Dersom det er behov for innlegging i DPS, må pasienten vere fysisk til stades innan kl. 15.30.
Kontaktinformasjon DPS
Bjørgvin DPS 55 95 70 00
Arna og Åsane bydelar i Bergen kommune og kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Osterøy, Masfjorden, Modalen og Gulen
Kronstad DPS 55 95 61 00
Bydelane Bergenhus, Årstad og Ytrebygda i Bergen kommune
Øyane DPS 56 32 66 00
Kommunane Øygarden og Askøy
Voss DPS 56 51 40 00
Kommunane Voss herad, Vaksdal, Kvam, Eidfjord og Ulvik
Betanien DPS 55 50 73 94
Bydelane Fyllingsdalen og Laksevåg i Bergen kommune
Solli DPS 55 61 82 00
Fana bydel i Bergen kommune og kommunane Austevoll, Bjørnafjorden og Samnanger
Alle dagar etter kl. 17.00, i helgar og på høgtidsdagar:
Psykiatrisk akuttmottak (PAM) blir kontakta på telefon 55 95 84 85.
Dersom tilvisar og bakvakt i PAM vurderer at akutt innlegging ikkje er nødvendig, og at rask poliklinisk akuttvurdering ved DPS er eit alternativ, kan bakvakt ved PAM førehandsbestille dette ved DPS-et som høyrer til sektoren, første påfølgjande arbeidsdag. (Gjeld ikkje Solli DPS.)
Førespurnad om akutt psykiatrisk hjelp etter psykisk helsevernlova § 3-1
Psykiatrisk akuttmottak (PAM) tek imot alle akutte førespurnader der det er behov for tvungent psykisk helsevern eller observasjon etter § 3-1 i psykisk helsevernlova.
Ved utagering og/eller alvorleg risiko for sjølvmord, eller andre tilstandar som krev lukka post, skal Psykiatrisk akuttmottak (PAM) kontaktast på telefon 55 95 84 85.