Dei sentrale forskingsprosjekta våre
ATLAS4Dependence
ATLAS4Dependence er ein nasjonal studie som går føre seg ved fleire sjukehus i Noreg. Studien undersøkjer om deksamfetamin er ei trygg og effektiv behandling for vaksne som er avhengige av amfetamin eller metamfetamin.
BMX-BAR
BMX-BAR er ein nasjonal studie som går føre seg ved fleire sjukehus. Studien omfattar pasientar som får legemiddelassistert rehabilitering, LAR, og som også er avhengige av benzodiazepin.
Studien samanliknar to behandlingsmåtar:
- stabil behandling med benzodiazepin på resept
- gradvis nedtrapping av benzodiazepin
Forskarane undersøkjer mellom anna om behandlinga reduserer bruken av benzodiazepin som ikkje er skrive ut av lege, og om behandlinga er trygg.
Målet er å få meir kunnskap om behandling av personar som er avhengige av både opioid og benzodiazepin.
Delstudiar og forskarutdanning
Hovudprosjekta omfattar fleire doktorgradsprosjekt og andre delstudiar. Desse undersøkjer mellom anna:
- livskvalitet
- erfaringane til pasientane
- bruk av helsetenester
- kostnader og andre samfunnsøkonomiske forhold
Samarbeid og brukarmedverknad
God forsking blir utvikla saman med dei forskinga gjeld. Pasientar og brukarrepresentantar er derfor med på å:
- utforme prosjekta
- gjennomføre forskinga
- formidle resultata
Vi samarbeider også med fagmiljø og forskingsinstitusjonar i Noreg og andre land.
Forskingsseksjonen ønskjer kontakt med pasientar, fagpersonar, forskarar og andre samarbeidspartnarar som vil bidra til betre behandling av rusmiddelavhengigheit.
