Søke tilgang til data

NIPaR bidreg gjerne med data til ditt prosjekt. Enten det er eit PhD-prosjekt, mastergrad, forbetringsporsjekt, forskning eller anna. Medlemmer i NIR (intensivavdelingar) kan sjølve gjere eit datauttrekk på eigne data, også til forskning, med forutsetning om at alle godkjenningar er på plass.

Bilde av forskere i Helse Bergen

Under finn du kodebøkene våre og standard søknadsskjema for tilgang til våre data. Dersom du har søkt om datatilgang via helsedata.no i kombinasjon med tilgang til andre registre, er ikkje denne portalen tilkopla NIPaR, endå. Du må difor sende ein eigen søknad til NIPaR.

Dette treng vi:     

  • ​Standard søknadsskjema (skjema i lista under)
  • Protokoll
  • REK-vedtak (om dette er aktuelt)
  • DPIA eller DAC med fråsegn ved lokalt Personvernombod (om dette er aktuelt)
  • Variabelliste 
  • Koblingsskisse (dersom kobling med andre datakilder)
  • Annan relevant informasjon kring ditt prosjekt

Data frå Intensivregisteret og Pandemiregisteret let seg kombinere med kvarandre. Om du ynskjer dette må det gjerast greie for i søknaden til NIPaR.

Kodebok og informasjon kring data i Pandemiregisteret 

Søknaden sendast til: norskintensivregister@helse-bergen.no

For nærare rettleiing kan du ringje:  55 97 70 56

Søknad er fullstendig når NIPaR har mottatt all relevant dokumentasjon. NIPaR plikter å utlevere data innan 30 dagar etter søknaden er bekrefta mottatt. Dersom datautleveringa skal samstillast med andre register er fristen 60 dagar. Dette etter Helseregisterlova §19.  Ved særskilt grunn kan fristen overskridast, i så fall pliktar registeret å informere om årsaken til dette og gje opplysning om når utlevering kan ventast.

Pris på datautleveringar gjeldane for 2022/2023:

Prosjekt som krev arbeidstid på over 5 timar vert fakturert. Timepris: 700,- eks. mva.  

Om våre kodebøker:

Kodebok NIR: Her finn du standard datasett for intensivpasientane, med beskriving av variablar.  

Kodebok NIR beredskap: Her finn du datasettet for intensivpasientane med SARS-CoV-2, med beskriving av variablar.

Kodebok NIR influensa: Her finn du datasettet for intensivpasientane med sesonginfluensa, med beskriving av variablar.

Kodebok NIR pårørande: Her finn du datasett for spørjeskjema FS-ICU-24, Pårørandetilfredsheit. Med beskriving av variablar. 

Kodebok NIR EQ5D: Her finn du datasett for PROM-skjema EQ5D, med beskriving av variablar.

Liste over prosjekt der NIPaR har bidratt med data finn du under "Prosjekter og publikasjonar"

    Her finn du oversikt over prosjekt og publikasjoner registeret har bidrat til: Prosjekter og publikasjonar
    Sist oppdatert 30.09.2024