Innkjøring til Augebygget stengd 10.-23.juli
På grunn av vegarbeid er innkjøring til Augebygget stengd mellom 10.juli og 23.juli 2026.
Publisert 01.07.2026
Parkeringa ved Augebygget er òg stengd, og blir stengd til 5. august 2026. Vi oppmodar til å nytte dei andre parkeringsplassane på Haukelandsområdet.
Pasientar kan nytte gangtunnelen frå Haukeland hotell. Det vil vere merka rute gjennom tunnel frå hotellet til Augebygget.
Det er og mogleg å gå gangveg mellom Årstad Kirke og Augebygget. Vegen vil vere skilta.
Timen din går som planlagd, men rekn med ekstra tid for å finne fram.
Har du behov for hjelp, kan du kontakte personalet ved Haukeland Hotell eller Augeavdelinga.