Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
innkallingsbrev

Til deg som har fått time

Eit innkallingsbrev frå Haukeland universitetssjukehus er sendt til deg på helsenorge.no

I brevet frå Haukeland universitetssjukehus vil det stå om det er noko du må gjere (førebuingar) før du skal til timen. I så fall vil det stå tydeleg i brevet. Nokre førebuingar skal gjerast i god tid før timen. Det kan derfor vere lurt å lese brevet ein gong til. 

På denne nettsida vil vi svare på spørsmål vi ofte får om timen på sjukehuset, korleis du kjem deg hit og kva rettigheiter du har som pasient.

På sjukehuset er det både pasientar og helsepersonell som er allergisk mot parfyme.Vi ber deg derfor om ikkje ta på parfyme eller parfymerte produkt når du skal på sjukehuset. 

Sist oppdatert 31.08.2026