Ros og ris - tilbakemelding til sjukehuset

Har du noko på hjartet etter sjukehusbesøket? Dine erfaringar som pasient eller pårørande er viktige for oss som jobbar ved sjukehuset.

To kvinner som ser på en bærbar datamaskin og en mobiltelefon

Eg vil gi ei skriftleg tilbakemelding

Vi ønsker at du nyttar eDialog for å gi tilbakemeldingar til sjukehuset. Då kan vi handtere di tilbakemelding på ein trygg og god måte.

Sensitiv informasjon

Tilbakemeldingar som inneheld sensitiv informasjon kan sendast via eDialog utan at dei kjem på avvegar. Då er det viktig at du kryssar av for sensitiv informasjon inne i løysinga. 

Eg vil gi ei munnleg tilbakemelding

Kontaktsenteret i Helse Bergen har ope døgnet rundt og har telefon: 


Dei som svarer deg her har god kjennskap til sjukeuset, og kan svare deg på spørsmål, gi deg råd, eller setje deg i kontakt med riktig avdeling. Dei tar også imot kortare tilbakemeldingar med ris eller ros frå pasientar og pårørande. 

*Frå og med 1. februar 2024 erstattar Kontaktsenteret Lytteposten for munnlege tilbakemeldingar til sjukehuset.

SMS-undersøking etter konsultasjon

Som pasient ved Haukeland universitetssjukehus vil du motta ein SMS etter du har vore til konsultasjon eller opphald på sjukehuset.

I undersøkinga kan du anonymt  fortelje korleis besøket /opphaldet ditt var, og fortelje oss kva som var bra og kva vi kan bli betre på. Dette er derimot ikkje ein egna kanal for å sende sensitive personopplysningar. 

 

Sist oppdatert 07.02.2024