Vurdering og prioritering av tilvisingar - svar og fristar:
Tilvisingar til rehabilitering i private rehabiliteringsinstitusjonar vert vurderte og prioriterte i tråd med pasientrettslova, prioriteringsforskrifta og prioriteringsrettleiaren.
Regional vurderingseining behandler berre tilvisingar til rehabilitering ved private rehabiliteringsinstitusjonar som har avtale med dei regionale helseføretaka. Vurderinga skal gjerast innan 10 virkedagar. Tilvisingar frå sengepost på sjukehus skal vurderast innan fire virkedagar.
Du som pasient og den som har tilvist deg vil få brev med resultatet av vurderinga.
Vurderinga får eitt av følgjande resultat:
-
Du har rett til nødvendig helsehjelp i spesialisthelsetenesta.
Du får oppgitt frist for når rehabiliteringstilbodet seinast skal starte, og du får samtidig informasjon om kva rehabiliteringsinstitusjon du får tilbod ved. Seinare vil du motta eit brev frå institusjonen med nærare opplysningar om opphaldet. -
Du har ikkje rett til nødvendig helsehjelp i spesialisthelsetenesta. Det kan vere ulike grunnar tilavslaget, og informasjon om dette vil du få i eit avslagsbrev. Det kan til dømes vere at det er vurdert at ditt behov for helsehjelp bør ivaretakast på kommunalt nivå eller i andre delar av helsetenesta. Du har rett til å klage på eit avslag.