Sandviksleitet 1

Sjukehuset i Sandviken

Sjukehuset i Sandviken ligg like nord for Fløyfjellstunnelen. Her finn du mellom anna Psykiatrisk klinikk og Klinikk for sikkerheitspsykiatri, og fleire av våre psykiatriske einingar lokalisert i forskjellige bygg. Vinterdalen barnehage, ein av fire sjukehusbarnehagar, er også lokalisert i Sandviken.

Kontakt

Sentralbord Haukeland

55 97 50 00

Sentralbord Sandviken

55 95 84 00
Eksteriør sjukehusbygg og parkeringsplass. Foto
Innkøyrsel til sjukehusbygga og parkeringsplassen i Sandviken.
Inngangsparti sjukehusbygg. Foto
Hovudinngang Psykiatrisk klinikk.

Slik finn du fram

Adresse

Sandviksleitet 1
5036 Bergen

​Samtlege nordgåande rutebussar går forbi sjukehuset i Sandviken. Busstoppet heiter ​Gamle Bergen.

Reiseplanleggar på Skyss si nettside

​​Parkering for pasientar og pårørande i Sandviken er den store parkeringsplassen foran sjukehusbygningane.  

Prisar
Kl. 08.00-17.00 Kr 10,- per påbegynte 20 minutt. Maks kr 210,- per døgn
Kl. 17.00-21.00 Kr 10,- per påbegynte 30 minutt
Kl. 21.00-08.00 Kr 5,- per påbegynte time. Maks kr 40,- per natt

Dr. Martens
Besøkande til avdelingar som held til i bygget Dr. Martens kan få parkeringsoblat for den tida de skal besøke nokon. Ta kontakt med tilsette på avdelinga de skal besøke for å få dette.


 

Praktisk informasjon

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Til deg som pårørande

Kven er nærmaste pårørande? Kan du komme på besøk? Kva informasjon har du rett på?
Her finn du svara
Veggkunst Sandviken