Tertnesveien 37

Her heldt blant anna Bjørgvin distriktpsykiatriske sjukehus (DPS) til. Bjørgvin DPS er er lokalsjukehus innan psykisk helse for vaksne (over 18 år), som bur i bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune og i kommunane Austrheim, Fedje, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy og Radøy.

I bygg C ligg sengepostane, dette bygget ligg like ved bygg B.
Hovudinngang til poliklinikkane i bygg B.

Slik finn du fram

Adresse

Tertnesveien 37

​​​Det er gratis parkering for pasientar, pårørande og tilsette like ved lokala våre på Tertnes. Parkeringsoblat må hentes i resepsjonen på Tertnes DPS.

Praktisk informasjon

​Alle er velkommen til kantina vår i Bygg B. 
Opningstider måndag - fredag klokken 10.30 til 13.00.

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.