Zander Kaaes gate 7

Vår poliklinikk for blodprøvetaking i Zander Kaaes gate 7 er eit tilbod til pasientar som får poliklinisk behandling ved sjukehuset. I tillegg kan pasientar bli tilvist frå fastlegen. Blodprøvetakinga krev ein rekvisisjon – enten elektronisk eller på papir. Frå og med veke 42 vil det vere mogleg å bestille time for blodprøvetaking av barn i Zander Kaaes gate 7. Barn under 6 år må ha timebestilling. Det vil også vere mogleg for drop-in i Glasblokkene. Barn bør vere informerte om korleis blodprøvetakinga skjer.

Kontakt

Prøvetakingsstasjon i Zander Kaaes gate 7:

55 97 52 95

Bestill time til barn

Bestill time til barn
eksteriør Zander Ks gate. foto
Bygget og inngang på gateplan mot Bergen Jernbanestasjon.

Slik finn du fram

Adresse

Zander Kaaes gate 7, inngang på gateplan mot Bergen Jernbanestasjon / Grand Hotel Terminus. Nærmaste parkering er ByGarasjen. Bybane, buss og tog er like ved.
Opningstider Poliklinikk for blodprøvetaking
  • Måndag 07:30 - 16:00
  • Tysdag 07:30 - 14:30
  • Onsdag 07:30 - 14:30
  • Torsdag 07:30 - 16:00
  • Fredag 07:30 - 14:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Praktisk informasjon

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.

Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. Les meir om kva du kan gjere her