Syns- og audiopedagogisk teneste i tidlegare Hordaland

Syns- og audiopedagogisk teneste (SAPT) er ei interkommunal teneste for innbyggare i tidlegare Hordaland. Dei kan tilby råd, rettleiing og oppfølging i forhold til utfordringar ved synstap.

Lupe over tekst. Foto.
Foto: Haukeland universitetssjukehus

​​​​Ved SAPT gjennomførast kartlegging av dine behov av synspedagog, og dei tilbyr råd og oppfølging i forhold til dine utfordringar knytta til synstap. 

Dei kan og bistå ved søknad om synshjelpemiddel til bruk i kvardagslivet, og innføring i bruken av desse. Ved behov for synshjelpemiddel knytta til arbeidslivet vert du tilvist til synsavdelinga ved NAV hjelpemiddelsentralen.

Inntakskriterier SAPT

Alle som har eit reelt høyrsels- eller synsproblem kan få bistand frå tenesta. I utgangspunktet blir det ikkje stilt noko krav til kven som kan søkje. Det betyr at alle - også brukaren sjølv - kan ta kontakt med tenesta for å få vurdert bistand.

SAPT har ikkje tilbod for personar med hjernerelaterte eller funksjonelle synsvanskar (f.eks. slagpasientar). Desse må kontakte Koordinerande eining (KE) i bustadskommunen sin. 

Tilbod for personer bosatt utanfor tidlegare Hordaland:

Kvar kommune har ein synskontakt, denne kjem du i kontakt med via Koordinerande eining i din kommune. Synskontakten kan bistå med vidare oppfølging og til dømes søknad om synshjelpemiddel, eller sette deg i kontakt med til dømes Voksenopplæringa eller andre aktuelle tilbod i kommunen.

Kontaktinformasjon
Sist oppdatert 25.10.2022