Koordinerande eining i kommunen

Koordinerande eining i kommunen skal bidra til å sikre heilskaplege tilbod til pasientar og brukarar.

strektegning.foto
Foto: Colourbox.com

​Kvar kommune har ein synskontakt, som skal bistå personar med synsvanskar med vurdering av tilretteleggingsbehov og til dømes søknad om synshjelpemiddel eller andre tenester.

I tidlegare Hordaland fylke er dette organisert i ein interkommunal teneste: Syns- og audiopedagogisk teneste (SAPT) der synspedagoger utgreier og rettleier brukarar med synsvanskar.

Koordinerande eining skal ha oversikt over kven som er synskontakt i kommunen, og tilvise brukaren dit ved behov. Tilmelding til synskontakt gjerast ved å kontakte koordinerande eining.

Tilvising frå Augeavdelinga

Når augelege i sjukehuset tilviser ein person til synsrehabilitering, nyttast eige tilvisingsskjema for synsrehabilitering. Det går også melding til Koordinerande eining der ein ber om at pasienten settast i kontakt med synskontakt i bustadskommunen, for vidare vurdering og kartlegging av tilretteleggingsbehov i forbindelse med synsvanskar.

 


Koordinerande eining i kommunen sine ansvarsområde:


  • Motta melding om mulig behov for habilitering og rehabilitering
  • Ha oversikt over tilbod innan habilitering og rehabilitering
  • Motta melding om behov for individuell plan (IP) og koordinator fra helsepersonell, både internt i kommunen og frå helseføretak
  • Har overordna ansvar for individuell plan og koordinator, og samarbeider med spesialisthelsetenesta når brukare mottek tenester frå både kommune og sjukehus som krev koordinering

Sist oppdatert 25.10.2022