Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Øyre- nase -halsavdelinga, barn og unge
Barne - og ungdomsklinikken i Glasblokkene tar imot barn og unge for poliklinisk og operativ behandling. Dei som kjem til oss kan til dømes ha nedsett høyrsel, kul på halsen, plagar i nase og bihuler, vanskar med stemmen, eller andre obstruktive plagar. Her møter pasienten helsepersonell som til dagleg behandlar barn og unge, og som er opptatt av å trygge kvar enkelt så godt som mogleg.
Poliklinikk
På poliklinikken vil barn og unge bli undersøkt og behandla av lege, sjukepleiar, audiograf og/eller audiopedagog. Høyrselstestar blir også utført her.
Nokre spesialundersøkingar går føre seg andre stader. Dette vil da komme fram tydeleg i innkallingsbrevet.
Operasjon
Dei fleste barn og unge som bli operert kjem til planlagd kirurgi. Nokon kan også bli opererte som akutthjelp.
Ved dagkirurgiske inngrep reiser barnet/ungdommen heim same dag. Ved innlegging vil barnet/ungdommen ligge på Barnekirurgisk sengepost
Barn og unge som kjem til operasjon møter i Kirurgisk mottak i U1 i Glasblokkene. Her møtar du helsepersonell før operasjonen.
Nokre barn og unge vil bli operert ved Dagkirurgisk eining i Sentralblokka, og skal difor møte der. Dette vil i så fall stå tydelig i innkallingsbrevet.