Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Poliklinisk undersøking hos lege ved øyre-nase-hals, barn og unge

Velkommen til poliklinikken for Øyre-nase-hals Barn og Unge. Vi greier ut ei rekke tilstandar som forstørra mandlar, polyppar, nasetettleik og høyrsel. Her kan du møte lege, sjukepleiar, audiograf og audiopedagog.

Tilvising og vurdering

Du kan bli tilvist frå fastlege, sjukehuslege, helsestasjonslege eller annan lege.

Sjekkliste for tilvising

Tydelegare råd om tilvising av barn til øyre-nase-hals avdelinga ved Haukeland universitetssjukehus - Helse Bergen HF

Utgreiing

Nokon har god nytte av å øve heime på å bli undersøkte i øyre, nase og munn, gjerne som leik. Elles er det ikkje behov for å førebu seg til undersøkinga. Det er nyttig om føresette har oversikt over aktuelle problemstillingar. For eksempel  søvnvanar, hyppigheit av halsinfeksjonar, tidlegare prøvd behandling og anna.

Legen brukar av og til eit ark med illustrasjonar for å forklare barnet kva som skal skje under undersøkinga.

Når du kjem til sjukehuset

Undersøkinga

Oppfølging

Behov for kontrollar/oppfølging blir bestemt under timen. Ved behov for operasjon kan du besøke denne sida for meir informasjon.

Sist oppdatert 04.02.2026