Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Poliklinisk undersøking hos lege ved øyre-nase-hals, barn og unge
Velkommen til poliklinikken for Øyre-nase-hals Barn og Unge. Vi greier ut ei rekke tilstandar som forstørra mandlar, polyppar, nasetettleik og høyrsel. Her kan du møte lege, sjukepleiar, audiograf og audiopedagog.
Tilvising og vurdering
Du kan bli tilvist frå fastlege, sjukehuslege, helsestasjonslege eller annan lege.
Nokon har god nytte av å øve heime på å bli undersøkte i øyre, nase og munn, gjerne som leik. Elles er det ikkje behov for å førebu seg til undersøkinga. Det er nyttig om føresette har oversikt over aktuelle problemstillingar. For eksempel søvnvanar, hyppigheit av halsinfeksjonar, tidlegare prøvd behandling og anna.
Legen brukar av og til eit ark med illustrasjonar for å forklare barnet kva som skal skje under undersøkinga.
Når du kjem til sjukehuset
Når du kjem til sjukehuset
Bilde 1/5
Framme på Haukeland går du til huset som heiter Glasblokkene.
Registrer deg på mobilen din eller på innsjekkingsautomaten ved resepsjonen.
Vi held til i 1.etasje i blokk 5. I ventesone C12 kan du vente til det er din tur.
Du kan også leike på leikerommet.
Det kjem opp på skjermen på venterommet når det er din tur. Du får også melding på telefonen. Av og til blir du henta av ein av oss som jobbar her.
Når du kjem til sjukehuset
Bilde 1/5
Bildegalleri fullskjermvisning
Framme på Haukeland går du til huset som heiter Glasblokkene.
Registrer deg på mobilen din eller på innsjekkingsautomaten ved resepsjonen.
Vi held til i 1.etasje i blokk 5. I ventesone C12 kan du vente til det er din tur.
Du kan også leike på leikerommet.
Det kjem opp på skjermen på venterommet når det er din tur. Du får også melding på telefonen. Av og til blir du henta av ein av oss som jobbar her.
Undersøkinga
Her finn du bildeserier for undersøkingar med høyselstestar og hos lege.