Et par bamser på et bord

Habiliterings­tenesta for barn og unge (HABU)

Habiliteringstenesta for barn og unge (HABU) har ansvar for å tilby spesialisthelsetenester til barn og ungdom (0-18 år) som har behov for habilitering

Habiliteringstenesta for barn og unge (HABU) skal ta hand om tverrfagleg utgreiing/diagnostisering og funksjonskartlegging av barn med medfødd eller tidleg oppstått funksjonsnedsetjing. Målet med habilitering er å gjere barn med nedset funksjonsevne, og deira familiar, i stand til å meistre utfordringar i kvardagen. Kommunen har hovudansvar for habilitering av innbyggarane sine, og kan tilvisa til spesialistheilsetenesta ved problemstillingar som krev kompetanse ut over det ein kan forventa frå kommunen.

  • Medisinsk diagnostisering
  • Utgreiing av barnet sine ressursar og avgrensingar
  • Tidleg hjelp til foreldre som har fått eit barn med funksjonshemming
  • Langsiktig oppfølging ved komplekse og spesielle tilstander
  • Rådgiving og rettleiing til fagfolk i kommunen, eventuelt saman med foreldre
  • Kurs, undervisning og nettverksarbeid til barn, foreldre og fagfolk
  • Arrangering av møteplassar for foreldre og barn med fokus på meistring

  • Arbeidet skjer i tverrfaglege team rundt det enkelte barn / ungdom
  • Kvart barn / ungdom har ein hovudkontakt som er kontaktperson og koordinator i arbeidet
  • Vi yter tenester både i avdelinga og direkte ute i kommunane
  • Vi samarbeider med den enkelte kommune for å bidra til eit heilskapleg tilbod rundt barnet/ ungdommen

På HABU arbeider det personar med fleire ulike fagprofesjonar; psykologar, logopedar, spesialpedagogar, vernepleiarar, ergoterapeutar, fysioterapeutar, sosionom og legar.

Barnet vil som regel møta eit team samansett av fleire av desse fagprofesjonane.

  • Rettleiing til barnet/ ungdommen, foreldre og lokale fagpersonar.
  • Polikliniske tverrfaglege konsultasjonar på HABU.
    • Det tverrfaglege teamet blir ved første gong sett saman på grunnlag av opplysningar i tilvisinga. Deretter er det kjende utfordringar som er retninggivende.
    • Konsultasjonar kan vere i form av ein dags poliklinikk eller fleire dagars utgreiing.
  • Tilbod om gruppeopphald.
  • Tilbod om kurs / undervisning.
  • Tilbod om gruppebasert pasientopplæring.
  • Tilbod om deltaking i nettverksgrupper.

Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:00 - 14:00
  • Tysdag 08:00 - 14:00
  • Onsdag 08:00 - 14:00
  • Torsdag 08:00 - 14:00
  • Fredag 08:00 - 14:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Postadresse

Helse Bergen HF - Haukeland universitetssjukehus
Barne- og ungdomsklinikken
Habiliteringstenesta for barn og unge
Postboks 1400
5021 Bergen

Logg inn for å endre time

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vi held til i Glasblokkene i Haukelandsbakken 15. HABU A finner du i 3.etasje i blokk 3 og HABU B er i 2.etasje i blokk 8.

Hovudresepsjon i 1. etasje i blokk 5 er open alle kvardagar frå kl. 07.00 - 21.00.

Finn fram til Glasblokkene.

Flyfoto av Glasblokkene

Glasblokkene

Haukelandsbakken 1

5021 Bergen

Praktisk informasjon

Fleire og fleire avdelingar på sjukehuset får nå ny digital løysing for korleis du som pasient registrerer deg og betalar. Denne avdelinga har nå tatt i bruk denne nye løysinga. 

Du registrerer at du er komen til sjukehuset enten via tekstmeldinga du får frå oss eller på ein sjølvbeteningsautomat. Om du skal ta blodprøve kan du også registrere dette sjølv i dei avdelingane kor det er utplassert automater. Du kan framleis få hjelp i resepsjonen om du ønskjer det.


Skal du betale etter timen vil du få ei tekstmelding med betalingsinformasjon. Du kan velje å betale med Vipps eller få tilsendt faktura, gebyrfritt/utan ekstra kostnader for deg. Du kan òg betale med kort på ein sjølvbeteningsautomat eller i resepsjonen.

Les meir om innsjekk og betaling

I Glasblokkene 5-8 er det ein hovudresepsjon i 1. etasje som betener alle pasientar, pårørande og besøkande til Glasblokkene. Hovudresepsjonen er betent alle dagar frå kl. 07.00 - 21.00. Helg og heilagdager er resepsjonen betent frå 08.00 - 21.00. 


Her kan du få hjelp til innsjekk, å finne fram, bestille tolk, transport og mykje meir. 


I tillegg til hovudresepsjonen er det ein ekspedisjon i tilknyting til mottaket i U1. Denne har ope alle kvardagar kl. 07.00 - 22.30, og frå 08.00 til 22.30 i helg/heilagdagar


Resepsjonsarealet som finst i trinn 1 vil frå september 2023 bli gjort om til base for vektarar frå hospitaldrift, og bemannast med vektar 24/7. Her er vektar tilgjengeleg for pasientar og besøkande for enklare førespurnadar og spørsmål.

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Haukeland Hotell ligg like ved sjukehuset, ring: 55976800. Sjukehuset dekkjer ikkje utgifter til reise og opphald for pårørande til vaksne pasientar. Ta eventuelt kontakt med NAV. ​

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

​Behandlinga av pasientar er sjølvsagt fullt statleg fiansiert, men på førespurnad har Barne- og ungdomsklinikken oppretta ein konto for gåver og donasjonar frå privatpersonar, foreiningar, bedrifter og andre.

Pengane vil bli brukt til å gjere sjukehusopphaldet meir triveleg for pasientar og pårørande ved avdelinga, i form av trivselstiltak som for eksempel konsertar, turar, leikar og utstyr til barna.

Les meir om gåver og donasjonar

Kurs og møte

  • Starthjelp - Om familie og meistring
    Kurset gir kunnskap og råd gjennom dialog og erfaringsutveksling med erfarne foreldre, fagpersonar og de andre foreldrene som deltar.Målet med tilbudet er å bidra til å styrke foreldrenes og familiens meistring av det nye kvardagslivet – frå starten.
    Starthjelp - Om familie og meistring
    Dato kjem