Dokumentasjons­avdelinga

Dokumentasjonsavdelinga har samla dokumentasjonsoppgåver for Helse Bergen HF. Avdelinga leverer tenester til sjukehuset sine klinikkar og avdelingar, pasientar, primærhelsetenesta og andre som etterspør dokumentasjonstenester, og medverkar til at pasientane sine informasjonsrettigheiter blir ivareteke, og til at føretaket si dokumentasjonsplikt blir oppfylt. Avdelinga leverer ulike teneste innen lege- og pasientdokumentasjon. og vi har ansvar for utlevering av pasientjournal til pasientane. Vi driv sentralt postmottak for Helse Bergen HF og Sjukehusapoteka Vest HF, og vi har ansvar for internpost for Helse Bergen HF. Vi har systemeigaransvar for det elektroniske sak- og arkivsystemet, i tillegg til drift- og vedlikehaldsansvar for historisk arkiv med pasientjournalar datert heilt tilbake til 1890. Dokumentasjonsavdelinga leverer og merkantile tenester og helsesekretærtenester til Mottaksklinikken.

Dokumentasjonsavdelinga består av fire seksjonar, som utfører ulike støttetenester for Helse Bergen. Vi er organisert under Drift/teknisk divisjon, og betener nærare 30 avdelingar og klinikkar i føretaket. 
 

Tilsette

Eit sjukehus i dag er avhengig av rask tilgang til oppdatert informasjon. Våre tilsette sørgjer for at legar, sjukepleiarar og anna helsepersonell til ei kvar tid har dei pasientopplysningane dei treng. Vi er ansvarlege for at all post til føretaket finn vegen gjennom dei rette systema, som DIPS og Elements. I tillegg til dette har vi samla 50 tonn papirjournalar i eit felles depot, noko som er viktig for pasienttryggleik, rettstryggleik og forsking. 

Leiinga

  • Avdelingssjef: Kjersti Merkesvik Raum-Johansen
  • Seksjonsleiar for Seksjon for medisinsk dokumentasjon: Jeanette Rasmussen
  • Seksjonsleiar for Seksjon for fag og utvikling: Elisabeth Gudmestad
  • Seksjonsleiar for Fagseksjon for arkiv og saksdokumentasjon: Rejoice Evelyn Tandstad
  • Seksjonsleiar for: Fagseksjon for papirforvaltning og depot: Irene Valvik Vågen 

Førespurnadar sendast til postmottak@helse-bergen.no


 
Våre seksjonar

Hovudoppgåvene er skriving og skanning i pasientjournalsystemet DIPS, både for somatikk og psykiatri. I tillegg registrerer og skannar vi eksterne tilvisingar, dokument generert i løpet av sjukehusopphaldet og anna DIPS post.
Seksjonen har ansvar for føretaket si posthandsaming. Dette inneber mottak, sortering, levering, innhenting og utsending av post.
Vi har og sekretærteneste i Mottaksklinikken som er dei einaste tilsette i avdelinga med direkte pasientkontakt. 

Arkivansvaret i Helse Bergen HF er delegert fra administrerende direktør til arkivleder i Fagseksjon for arkiv og saksdokumentasjon. Seksjonen har dermed det daglige ansvaret for å påse at foretaket oppfyller kravene som er stilt til offentlige virksomheter i arkivloven med tilhørende forskrifter. Sentralt postmottak (digitalt og ikke-digitalt) driftes av seksjonen. Seksjon har ansvar for brukerstøtte for sakarkivsystemet Elements.

Gjennom sakarkivsystemet Elements drifter seksjonen flere arkiver som er i daglig bruk: 

  • Sakarkiv
  • Personalarkiv 
  • Barnehagearkiv
  • Arkiv for Eining for utenlandsbehandling i Helse Vest 

Seksjonen leverer også arkivtjenester til Sjukehusapoteka Vest HF. 

Seksjon for fag og utvikling skal fremje fagutvikling og heilskapelege dokumentasjonstenester. Det vil seie at seksjonen skal drive med blant anna internopplæring i DIPS, rutinebeskrivelser, samt beslutningsstøtte ved å utarbeide rapportar og statistikk for avdelinga. Seksjonen har også hovudansvar for prosjektgjennomføring og avdelinga styringsdokument i Elektronisk kvalitetshandbok.

I tillegg handsamar dei førespurnadar om innsyn i pasientjournal.

Seksjonen har ansvar for Depotet. Her blir sjukehuset sitt historiske arkiv oppbevara, mellom anna pasientjournalane i papir, administrativt arkiv og forskningsmateriale. Seksjonen tar og vare på pasientjournalane til Haraldsplass og ein del arkivmateriale til Sjukehusapoteka i Vest.

Seksjonen samarbeider med Arkivverket og Norsk Helsearkiv om avlevering av morsjournalar i hht. helsearkivforskrifta.

 

Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Valg 1 for utskrift av journal

Telefaks

55 97 72 30

Postadresse

Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus Dokumentasjonsavdelinga Postboks 1400 5021 Bergen

Slik finn du fram

Møllendalsbakken 7

Møllendalsbakken 7

5021 Bergen

Tenestetilbodet vårt

Dokumentasjonsavdelinga sine tenester er tilgjengelege for heile føretaket.
Les meir om tenestetilbodet vårt
Helsesekretær i Akuttmottak. foto

Vil du jobbe hos Dokumentasjonsavdelinga?

Haukeland universitetssjukehus har samla hovudtyngda av dei merkantile oppgåvene i Dokumentasjonsavdelinga i Møllendalsbakken 7. Her jobbar rundt 140 tilsette fordelt på fire seksjonar.

Les meir om oss
En gruppe mennesker som poserer for et bilde