Pasientkurs

Matallergi kurs

Målet med kurset er å gi deg kunnskap, samt faglege og praktiske råd om å leva med matallergi.

27.
mai
2024
  1. 27. mai 2024, 09:00 - 15:00

Tid og stad

Når

  1. 27. mai 2024, 09:00 - 15:00

Arrangør

Kurset er eit samarbeid mellom Yrkesmedisinsk avdeling og Lærings- og meistringssenteret.

Kvar

Lærings- og meistringssenteret, Ulriksdal helsepark, 4.etg
Ulriksdal 2
5021 Bergen

Påmelding 

Det er behov for tilvisning frå lege for å delta

Denne kan sendast elektronisk til Yrkesmedisinsk avdeling.

Meld frå om spesielle behov.

Merk tilvisningen med pasientopplæring.

Målgruppe

For deg som:
- Har matallergi eller er føresatt til barn med matallergi
- Ønskjer å læra meir om matallergi
- Ønskjer å treffa fagfolk.
- Møte andre i same situasjon og dela erfaringar.

Kursinnhold

· Kva er matallergi, utgreiing og behandling

· Korleis erstatta viktige næringsmiddel ved diett

· Allergimerking og spormengder av matvarer

· Korleis er det å ha matallergi/ ha barn med matallergi

· Avgrensinger og sosiale konsekvenser av matallergi

· Allergihygiene

· Beredskap og forholdsreglar i barnehage og skular

· Behandling av alvorleg allergisk reaksjon

· Det vil og bli god moglegheit til å utveksla erfaringar og stilla spørsmål

 

Innlegg ved

Lege, sjukepleiar, ernæringsfysiolog og brukarmedvirke. 

 

Kostnader

Eigendel etter gjeldande takstar. Gratis ved frikort, og gratis for pårørande. Avbestilling seinast 24 timar før kurs. Dersom du ikkje møter til avtalt kurs, vil sjukehuset krevje eigendel etter gjeldande takstar. Dette gjeld også om du har frikort.

Servering 

Kaffe, te og ein enkel lunsj er inkludert.

Påmelding 

Du må ha tilvising frå eigen lege. Hugs å melde frå om spesielle behov. Påmeldingsfrist er 14 dager før kursstart. Du får skriftlig bekreftelse om plass.

 

Kontakt