Kreftsenter for opplæring og rehabilitering KOR

Kreftsenter for opplæring og rehabilitering (KOR) tilhøyrer Kreftavdelinga, og er eit senter for kreftramma og deira pårørande. Pusterommet treningssenter er ein del av senteret. Senteret gir opplæring til pasientar og pårørande, og har rehabiliteringstilbod for kreftpasientar med gitte diagnosar. Tilbodet kan nyttast i forkant av, under og etter behandling. Alle kreftramma kan ta kontakt med Kreftsenter for opplæring og rehabilitering (KOR) dersom dei ynskjer time til sexologisk rådgjeving i forhold til verknad/biverknad av behandling, og kva ein kan gjera.

Pasientar som ønsker å delta i rehabiliteringstilbodet må ha tilvising frå ein lege på Kreftavdelinga, Kvinneklinikken eller Hematologisk seksjon.

Før ein kan ta del i rehabiliteringstilbodet må den enkelte ha ein samtale med ein tilsett ved KOR. Ta kontakt for å avtale tid.

KOR si verksemd skal gjera bruk av, og vere fundamentert på prinsipp som fremmar brukarmedverknad, likepersonsarbeid, eigenmobilisering, læring og meistring. Dette skal bidra til at kreftramma opplev størst mogleg meistring i kvardagslivet med eller etter kreftsjukdom og kreftbehandling.

Rehabilitering

Senteret gir opplæring til pasientar og pårørande, og har rehabiliteringstilbod for gitte  pasientgrupper. Tilbodet kan nyttast i forkant av, under og etter behandling. I rehabiliteringstilbodet inngår individuell rettleiing/samtalar, fysisk trening, foredrag, gruppesamtalar, sexologisk rettleiing, ernæringskurs, meistringskurs mm.

Opplæring

KOR har ulike typar opplærings- og oppfølgingstilbod til pasientar og pårørande, frå foredrag til kurs. Nokon av tilboda er for bestemte pasientgrupper med tilvising og påmelding, andre tilbod er opne. 
Tilboda går føre seg ved KOR, og blir som regel gitt som gruppeundervising. I enkelte tilbod oppfordras pårørande å delta, enten det gjeld kurs eller opplæring. 
Kursleiarar, forelesarar og rettleiarar som deltek i kurs og opplæring er tilsette ved Kreftavdelinga eller andre avdelingar ved Haukeland universitetssjukehus.


En persons ben med blå sko på et skrivebord

Kreftsenter for opplæring og rehabilitering (KOR) arbeidar med forsking og fagutvikling, og tek del i og driv ulike forskingsprosjekt.
Etter kvart som det føreligg publikasjonar og anna arbeid frå pågåande studiar vært det lagt ut her.
Sommaren 2011 starta forskningsprosjektet «Tidlig rehabilitering av kreftpasientar», som blir gjennomført og driven av KOR med midlar frå Grieg Foundation og Kreftforeningen.

Early rehabilitation of cancer patients - a randomized controlled intervention study - artikkel (Pdf), BMC Cancer 2013, 13:9


Early rehabilitation of cancer patients. An ongoing randomized controlled intervention trial (RCT) (Pdf)
Identifying variables associated with self-reported fatigue among cancer patients (Pdf) Identifying variables associated with self-reported emotional reactivity among cancer parients (Pdf)
Objectively Recorded Physical Activity And Perceived Distress At The Beginning Of Oncological Treatment (2017) (PDF)
Early rehabilitation of cancer patients—An individual randomized stepped‐care stress‐management intervention (2018)


Moderate-to-vigorous intensity physical activity is associated with modified fatigue during and after cancer treatment (2019)


Determinants of exercise adherence and maintenance for cancer survivors: Implementation of a community-based group exercise program. A qualitative feasibility study (2022)


 

KOR tar også del i ein internasjonal multisenterstudie -

«Fysisk trening og kreft (PHYS-CAN) - effekter og forståelse av mekanismer for å bedre livskvalitet og sykdomsutfall» (Pdf)

Prosjektbeskrivelse PHYS-CAN Bergen (Pdf)

The Phys-Can observational study : adjuvant chemotherapy is associated with a reduction whereas physical activity level before start of treatment is associated with maintenance of maximal oxygen uptake in patients with cancer | BMC Sports Science, Medicine and Rehabilitation | Full Text (biomedcentral.com)

«Aktiv mot kreft» gjev forskingsmidlar til den delen av studien som vært gjennomført ved KOR.

Relaterte lenker

Pusterommets venner er ein venneforening som har blitt oppretta av engasjerte og fornøgde pasientar. Medlemskapet er gratis og alle som ynskjer kan bli ein del av Pusterommets venner. 
Foreininga er danna for å bidra til utvikling av tilbodet, drift, forsking og økt kompetanse ved Kreftsenter for opplæring og rehabilitering (KOR) på Haukeland Universitetssjukehus.

Les meir om pusterommets venner og om korleis du kan bli medlem

Kreftsenter for opplæring og rehabilitering (KOR) tek i mot studentar for omvisning, undervisning, praksis og rettleiing i oppgåveskriving.

KOR samarbeidar med ulike utdanningsinstitusjonar rundtom i landet. Senteret tek i mot praksisstudentar på bachelornivå samt rettleiar studentar på masterstudium i idrettsvitenskap bl.a frå Høgskulen i Sogn og Fjordane og Norges Idrettshøgskole.

Kontakt

Telefon

Telefonen vert ikkje besvart måndag mellom kl. 08.20-09.45.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Gå inn via Parkbygget og følg fotspora til venstre. 

Parkbygget

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta


Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

I 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland ligger det to stillerom. På dei to stilleromma kan du vere for deg sjølv med tankane og bønene dine. Romma​ er alltid ope, og er opne for alle. ​

Les meir om stilleromma

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.

Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. Les meir om kva du kan gjere her

​​Vardesenteret er ein fristad for deg som er kreftramma og dine pårørande. Her kan du ta ein pause, utveksle erfaringar med andre, og få råd og hjelp. 

Senteret er eit samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus og Kreftforeningen, og du finn senteret i Ibsens gate 118, i ein gamal trevilla like nedanfor Pasienthotellet på Haukeland.

Les meir om Vardesenteret

Rehabiliteringstilbod

  • Kvinnelig helsepersonell kledd i hvitt smiler og ser gjennom ct trommel. Foto
    Kurs: Førebuing til strålebehandling for prostatakreft

    Pasientar som er tilvist til strålebehandling for prostatakreft får tilbod om digital opplæring og informasjon som ein del av behandlinga.

  • Kvinne og mann i kontorklær snakker med hverandre  via blikkbokser med tråd mellom. Illustrasjon
    Avstandsoppfølging ved KOR

    KOR tilbyr avstandsoppfølging til dei som ikkje har moglegheit til å komma til sjukehuset for å delta i delar av rehabiliteringstilbodet.

  • Trening. Foto.
    Treningsprogram

    Å få ein kreftdiagnose og gjennomgå behandling kan vera ei stor påkjenning på fysisk, psykisk og sosial helse. Fysisk aktivitet er generelt viktig for god helse, og kan også vere nyttig for deg som har fått ein kreftdiagnose.

  • Gruppesamtale. Seks kvinner sitter rundt møtebord med kaffe og frukt. Foto.
    Samtalar og samvær

    KOR tilbyr gruppesamtaler og individuelle samtaler som ein del av rehabiliteringstilbodet.

  • Kursholder foreleser med presentasjon på lerret i lokale med flere kursdeltakere i klasseromsetting. Foto
    Opplæring

    Å meistra kvardagen kan væra krevande både under og etter kreftbehandling.

  • Smilende kvinne i treningsklær  holder opp ulike vekter mot kamera. Foto
    Pusterommet

    Pusterommet treningssenter er ein del av Kreftsenter for opplæring og rehabilitering (KOR) ved Kreftavdelinga. Rehabiliteringstilbodet er for kreftpasientar med gitte diagnosar, og all fysisk aktivitet inngår i tilbodet.

Aktuelle saker

  • 9. oktober 2017
    Feiring høgt og lågt

    Aktiv mot kreft feira sin 10-årsdag i ti ulike Høyt & lavt-klatreparkar rundt om i landet. Pusterommet på Haukeland var det første Pusterommet som blei starta av Aktiv mot kreft, og dei deltok sjølvsagt i feiringa i Bergen lørdag 23. september.

  • 30. august 2017
    Takk til dei som forstår ein uforståeleg kvardag

    - De gjer ein utruleg viktig jobb. De gir oss kreftpasientar eit liv midt oppi kaoset, frykta og sorga som følgjer med diagnosen.