Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kreft sengepost 2

Posten har flytta til Marie Joys' hus. Her finn du oss i 2. og 3. etasje. Pasientane vert delt inn i 4 team (rødt, gult, blått og grønt) ut i frå kva diagnose dei har. Kvart team består av sjukepleiar, hjelpepleiar / helsefagarbeidarar og legar som har ansvar for pleie og behandlinga under opphaldet i avdelinga.

Post 2 har buffét med eige personale. Det blir lagt stor vekt på at maten skal sjå fin ut, ha rett temperatur og vere innbydande.


  • Frukost kl. 08.00-09.00
  • Lunsj kl. 12.00-13.00
  • Middag kl. 15.30-16.30
  • Kveld kl. 19.30-20.30
Det er også mogleg å få enklare rettar utanom desse tidene. 

Post 2 har ein daglegstove i vestfløya. Her er det TV og litt leiker for barn som er på besøk. I tillegg har me fleire sittegruppar i korridoren. 

Sjukehuset si kantine i 3. etasje, samt kafé og sittegrupper i 0. etasje i Sentralblokka kan nyttast.

Det er variabel trådlaus dekning på posten. 

Våre hovudoppgåver er knytt til utgreiing, behandling og pleie av pasientar frå Helse Vest. For dei fleste pasientane har vi ein regional funksjon, i tillegg har vi ein lokalfunksjon for nokon av pasientgruppene.

Behandlinga vi yter er hovudsakleg medikamentell kreftbehandling og strålebehandling.


Vi er eit nasjonalt sarkomsenter, som medfører at vi har ansvaret for den pre- og postoperative behandlinga av pasientar med denne kreftforma.


Vi har óg ansvaret for alle pasientane som får autolog stamcellehøsting (HMAS). 


Symptomlindring og oppfølging under- og etter behandling er sentrale oppgåver. Dei fleste kurane vi gir, påverkar pasienten  sin beinmarg, slik at dei er meir utsette for infeksjonar. Difor vert nokre av pasientane innlagt mellom kurane.


Vi har fokus på barn som pårørande, og barn er velkommen hos oss. Vi tilbyr familiesamtalar, rettleiing og hjelp til foreldra ved behov.

Det faste personalet omfattar spesialsjukepleiarar, sjukepleiarar, hjelpepleiarar / helsefagarbeidarar, legar og postsekretær.

Det er eit nært samarbeid med fysioterapeutar, ergoterapeutar, sosionomar, klinisk ernæringsfysiolog og sjukehusprest. Avdelinga har jamnleg studentar i praksis. 

Vi arbeider tett med palliativt team og andre spesialeiningar på sjukehuset. Det blir lagt mykje arbeid i å koordinere og planlegge utskrivingar. Vi har også eit nært samarbeid med lokalsjukehusa og pleie- og omsorgstenesta. Vi formidlar også kontakt med palliativ sengepost på Haukeland universitetssjukehus, Røde Kors palliativ avdeling, Kreftforeninga og andre aktuelle instansar. 

Visittida på sjukehuset er frå kl. 17.00-20.00. 

På fleirsengsrom kan det vere behov for å avgrense besøka inne på rommet. 

Det er ein fordel om ein kan nytte fellesareal til å ta imot besøk.

Mange av pasientane våre har eit lågt immunforsvar. Vi oppmodar til besøkande å vise omsyn til dette.

Barn er velkommen på besøk. Vi har ein liten leikekrok på daglegstova og det er mogleg å låne spel, bøker, leiker, teiknesaker m.m.


  • Vaktskifte kl. 07.00
  • Frukost kl. 08.00-09.00
  • Legevisitt ca. kl. 09.00-11.00
  • Lunsj kl. 12.00-13.00
  • Vaktskifte kl. 14.30-15.30
  • Middag kl.15.30-16.30
  • Kvelds kl. 19.30–20.30
  • Vaktskifte kl. 21.30–22.00

Postane er tilknytt buffétservering i eigne lokale. Vi prøver å gje eit variert og appetittvekkande tilbod, med stor grad av individuell tilpassing. 

Pasientane er utsett for infeksjonar. Det er derfor nødvendig å ta nokon førehandsreglar i avdelinga. Berre avskorne blomstrar kan bli tatt med til pasientane. Er pasienten isolert på rommet pga. infeksjonsfare, er det ikkje høve til å ha blomstrar på rommet.

Vi ber om at ein ved bruk av mobiltelefon viser omsyn til medpasientar. Vi ber også om at det ikkje blir tatt bilde som kan vise andre pasientar.

Det er tilgang til TV på dei fleste rom. På fleirsengsstovar må ein vise omsyn til andre pasientar. Vi har også nokon Nintendo Switch til utlån.

Det blir tilrådd å ikkje oppbevare verdisaker/pengar på rommet. Postane har ingen deponeringsmoglegheit for verdisaker.

Etter avtale med personalet kan ein reise på permisjon. Reiseutgifter må ein dekkje sjølv. Det er eigne reglar for pasientar frå andre kommunar utanom Bergen. Ta kontakt med personalet.

Kontakt

Postadresse

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk Kreft post 2 Postboks 1400 5021 Bergen

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Kreft post 2 har flytta frå Sentralblokka til Marie Joys' hus. her finn du oss i 2. og 3. etasje. 

En moderne murbygning

Marie Joys' hus

Jonas Lies vei 81

5021 Bergen

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Dei næraste parkeringsområda for besøkande til Marie Joys' Hus er Parken og Sentralblokka. Innkøyringa er ved Haukeland Hotell.

I Parken kan ein parkere i parkeringshuset (tre etasjar), under Haukeland Hotell eller på utandørs parkeringsplassar som ligg lenger inn på området. Det er òg fleire parkeringsplassar utanfor Marie Joys' Hus. I Parken er det om lag 180 parkeringsplassar.

I Sentralblokka er det over 300 innandørs parkeringsplassar. Dersom ein parkerer i Sentralblokka, kan ein gå innandørs gjennom tunnelsystemet til MJH. Det er òg mogleg å gå utandørs gjennom sjukehusparken.

Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmodar vi derfor dei som kan, om å nytte offentleg transport. Det er òg mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss eller bybane den siste strekninga opp til Haukeland.

For dei som av ulike årsaker må bruke bil, finst det parkeringsplassar på ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. 

På plassen framfor Marie Joys’ Hus er det mogleg å køyre inn for å sleppe av og/eller hente pasientar. Innkøyringa til Parken er ved Haukeland Hotell. Parkering er ikkje tillaten på plassen framfor bygget.

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Meir informasjon om sjukehusapoteket i Sentralblokka

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-17.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

 

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

På grunn av mellom anna liten plass, allergiar, nyopererte pasientar og fare for oppvekst av bakterier i blomsterjord og blomstervann er det ikkje lov med avskorne blomstrar eller potteplantar til inneliggande pasientar.  

Frisørsalongen på Haukeland er open for både pasientar, pårørande, tilsette og andre. Les meir om frisørsalongen her. 

Haukeland Hotell ligg like ved sjukehuset, ring: 55976800.

Les meir om Haukeland hotell her.

Takk for at du ikkje bruker parfyme. Parfymelukt kan gi pasientar problem med pusten, hudirritasjonar og forverra sjukdomssymptom. Tusen takk for at du tar omsyn og unngår å bruke parfyme og parfymerte produkt på sjukehuset.  

​Pasientar og pårørande ved Kreftavdelinga kan låne bil.

​Ønskjer du å låne ein bil?

​Vi ønsker at sjukehusområdet vårt skal vere røykfritt. Dei aller fleste pasientar og pårørande trivst best i eit røykfritt miljø. Mange blir også direkte plaga om dei blir utsette for passiv røyking.

Det er ei utfordring at mange røyker utanfor inngangspartia på sjukehuset.
Om du skal røyke når du oppheld deg på sjukehusområdet, ber vi deg om å gjere dette på dei stadene vi har sett av til dette. Dette gjeld også bruk av e-sigarettar.
 
​Vi har lagt til rette for røyking følgande stader:​
  • ​Røykerom ved inngangen frå parkeringsdekket på austsida av Foajéen i Sentralblokka, utgang til høgre for Deli de Luca​
  • Røykeskur framfor Gamle hovudbygg
  • Røykeskur framfor Augebygget
​Vi håpar du respekterer røykeforbodet vårt av omsyn til andre pasientar.​
Tilsette har ikkje lov til å røyke på sjukehusområdet.

Daglegvarebutikkar i nærområdet:

Rema1000 Haukelandsveien
Omlag 10 min gange frå Sentralblokka
Måndag - fredag: kl. 06.30 - 23.00
Laurdag: kl. 06.30 - 23.00 

Kiwi Kronstad
Omlag 10 minutts gange frå Sentralblokka
Måndag - fredag: 06.30 - 23.00
Laurdag: kl. 08.00 - 23.00

Bunnpris Møllendalsbakken
Omlag 15 minutts gange frå Sentralblokka. Søndagsåpen
Måndag - fredag: kl. 08.00 - 23.00
Laurdag: kl. 08.00 - 22.00
Søndag: kl.  08.00 - 23​.00 

I 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland ligger det to stillerom. På dei to stilleromma kan du vere for deg sjølv med tankane og bønene dine. Romma​ er alltid ope, og er opne for alle. ​

Les meir om stilleromma

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

​​Vardesenteret er ein fristad for deg som er kreftramma og dine pårørande. Her kan du ta ein pause, utveksle erfaringar med andre, og få råd og hjelp. 

Senteret er eit samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus og Kreftforeningen, og du finn senteret i Ibsens gate 118, i ein gamal trevilla like nedanfor Pasienthotellet på Haukeland.

Les meir om Vardesenteret

Vi råder deg til å la verdisakane ligge att heime då sjukehuset ikkje har forsikringsordningar som dekker tap av personlege ting. Fleire pasientar blir sendt direkte til sjukehuset og vi bruker verdiposar til oppbevaring av kontantar, bankkort og mobiltelefon for dei som har behov for det.