Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forsking på KK

Det er høg forskingsaktivitet på Kvinneklinikken. Nokre av satsingsområda våre er forsking innan fostermedisin og kreft, og registerforsking i samarbeid med Medisinsk fødselsregister og Kreftregisteret. Våre forskingsresultat vert publisert i nasjonale og internasjonale tidskrift og databasar.

Interiør forskingslab. Foto

Gynekologi

Kreftforsking innan gynekologi tar utgangspunkt i sjukdomsforløp og behandling. Gynekologisk kreft oppstår i livmor og eggstokkar. Ved Kvinneklinikken har vi fleire forskingsprosjekt som studerer endringar i blod, vev og andre kroppsvæskar frå pasientar med slike svulstar.  

Er du tidleg gravid i veke 4-5 og ønskjer abort før veke 6?  Då kan du delta i dette forskingsprosjektet om veldig tidleg medikamentell abort. ​

Les meir om veldig tidleg medikamentell abort-studien

FORECEE er eit forskingsprosjekt som har som mål å kartleggje kva risiko kvinner har for å utvikle kreft i bryst, eggstokkar, livmor og livmorhals.

​Prosjektet treng kvinner som er bærare av sjukdomsgena BRCA1 / BRCA2 (bryst- og eggstokkreft-gen ) og HPNCC (Lynch-syndrom/arvelig tarmkreft) for å kunne utvikle ein ny krefttest for kvinner.

Forskingsprosjektet er unikt i sitt slag ved at ein ser både på arvelege faktorar (mutasjonar i arvestoffet), faktorar som bakterie/virus in​feksjonar i tillegg til miljø og livsstils faktorar.

Vel 500 kvinner skal med- der omlag 200 skal vere friske kvinner frå befolkninga og 200 skal vere personar som nyleg har fått ein kreftdiagnose (eggstokk eller livmor), eller at dei har fått påvist arveleg genetisk feil som gjer at dei har auka risiko for å utvikle utvalde krefttypar. Prosjektet har rekruttert deltakarar sidan januar 2016, og mange er blitt inkluderte. Gruppa for friske kvinner er fylt opp, medan personar som nyleg har fått ein kreftdiagnose blir kontakta når dei kjem til samtale på Kvinneklinikken. 

Data vi samlar inn og informasjonen som vert registrert, blir oppbevart etter eigne retningslinjer og vil ikkje bli brukt til anna enn det som er hensikta med studien. Resultata blir anonymiserte og kan ikkje bli knytt til den enkelte deltakar etter studieslutt. Denne informasjonen skal brukast til å utvikla testar slik at ein kan sei kva risiko kvar enkelt kvinne har for å utvikla dei ulike kvinnelige kreftsjukdomane.

Alt helsepersonell involvert i FORECEE har teieplikt.

Vil du delta i studien? Ønskjer du å delta, eller har du spørsmål knytt til dette prosjektet, kan du ta kontakt med line.bjorge@helse-bergen.no

Les meir om FORECEE-prosjektet​​

 

 

 

 

En gruppe mennesker som poserer for et bilde

Bergen gynekologiske kreftforskingsgruppe har som mål å få betre kunnskap om korleis underlivskreft oppstår og utviklar seg, for å kunne gje ei betre og meir målretta behandling

 for kvar enkelt pasient. Gruppa vert leia av Professor Camilla Krakstad. Gruppa samarbeidar tett med ei rekkje partnarar frå Noreg og utlandet. Lokalt samaarbeidar vi tett med Bergen Cancer Imaging forskningsgruppe, leia av Ingfrid Haldorsen.  

Forskningsgruppa er eit tverrfagleg miljø, som omfattar leger, cellebiologar, molekulærbiologar, bioteknologar, fysikar, matematikar og studiesjukepleiarar.


​Bergen gynekologiske kreftforskingsgruppe si heimeside med oversikt over ulike kreftprosjekt

Ulike delprosjekt

Prøvar frå pasiantar behandla for (mistenkt) gynekologisk kreft inngår i ulike studiar:

The Ovarian Cancer Association Consortium (OCAC)

The Cancer Genome Atlas​

 

Oppslag i media

Har gjort viktige funn for bedre behandling av livmorhalskreft - Aftenposten 25.12.13

Melecular profiling of primary compared to metastatic lesion in gynaecologic cancers - Intervju med professor Helga Birgitte Salvesen, eCancerTV 31.10.13

Targeted treatments in endometrial cancer - Intervju med professor Helga Birgitte Salvesen, eCancerTV 14.10.13

Kreftforeningen støtter forsking på celleprøver for å forebygge gynekologisk kreft

Fødeavdelinga

Ved Kvinneklinikken har vi fleire forskingsprosjekt om graviditet.

Vil du delta i ein forskingsstudie for å identifisera risikofaktorar for fødselsskader? Vi ønskjer å finne ut kor mange som får fødselsskader, i tillegg til kva slags plager kvinner som har hatt behov for hjelp med anten tang eller sugekopp, opplever første året etter fødsel.​

Les meir om Bergen Birth study

 

Gravid mage med CTG-belte ved undersøkelse. Foto

Conimpreg (Conception-implantation interval in pregnancy) er ein studie der vi ønsker å finne fosterets nøyaktige alder, utvikling, lengda på svangerskapet, barnets vidare vekst etter fødsel og kva slags fakto​rar som påverkar dette.

Dette vil vi vite meir om fordi vi trur at viktige føresetnader for helseutviklinga til barnet seinare i livet, blir lagt allereie i den tidlegaste fasen av svangerskapet.

Les meir om Conimpreg-studien

 

Lege tar ultralyd på gravid kvinne. Foto

 

 

Vi ønsker å lære meir om diabetes og graviditet. Derfor har vi starta eit forskingsprosjekt som heiter DiaDoppler. I studien vil vi undersøke fosterutviklinga ved hjelp av ultralydteknikken Doppler.

Om du har diabetes og er gravid, er risikoen for komplikasjonar i svangerskapet og under fødsel større enn elles. Gjennom DiaDoppler-studien kan vi få ny innsikt i kvifor det er slik.

Gravid kvinne i profil. Foto
 

GRAVICLOT er ein studie der vi skal undersøke endringer i ulike blodprøvesvar utover i graviditeten og etter fødsel hos gravide. Dette er blodprøvesvar som har med risiko for blødning og blodpropp å gjøre, og markører som kan påverke nivået av desse.

Dette ønskjer vi å undersøke for å sjå om endring i ulike blodprøvesvar kan skille mellom grupper av gravide med og utan risikofaktorer for blodpropp. Vi ønskjer å finne ut om desse blodprøvesvara blir påvirka av anna sjukdom, betennelse eller hormoner. Vi ønskjer å følge blodprøvesvara utover i svangerskapet og etter fødsel for å betre kunne tolke prøvesvar ved graviditet.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Kvinneklinikken og Laboratorieklinikken på Haukeland.

Les meir om Graviclot-studien

Aktuell forsking

Innovasjon ved KK

Kvinneklinikken har ambisjonar om å vere eit fyrtårn for kvinnehelse i Noreg. Forsking og innovasjon speler er ein viktig rolle, og KK har for tida to spanande innovasjonsprosjekt: FetoCalc og Gravidia
Les meir om innovasjon ved KK
COLOURBOX27998497.jpg
Sist oppdatert 11.11.2024