C - Prøvar som blir avviste

Prøvar som ikkje tilfredsstiller dei preanalytiske krava, blir avviste.

Kriterium som fører til avvisning av blodprøver:

  • ​​Ufullstendig eller manglande pasientidentifikasjon
  • Manglande samsvar mellom rekvisisjon og merkinga av prøvetakingsrøyr
  • Feil prøvemateriale eller feil prøvetakingsrøyr
  • Manglande dato og tidspunkt for prøvetakinga
  • For gammalt prøvemateriale
  • Feil prøvevolum (til dømes feil blodmengd i citratrøyr)
  • Koagulerte prøvar (gjeld til dømes hematologi- og koagulasjonsanalysar)
  • Feil oppbevaring av prøvetakingsrøyr (lys og temperatur)

I tillegg blir det målt serumindeks på alle prøver til klinisk kjemi. Serumindeks undersøker hemolyse, ikterus og lipemi i prøven. Ein høg serumindeks vil ekskludere enkelte analysesvar.

Handbok prøvetaking

Sist oppdatert 15.09.2023