B - Prøvebehandling

Hovedtyngda av laboratoriekomponentane blir analysert i serum, men nokre komponentar krev plasma eller fullblod. For å fremstille serum og plasma må prøvetakingsrøyra sentrifugerast.

​​​​​​​​Serum og plasma skal som hovudregel* separerast frå blodcellene innan to timar etter prøvetaking. *Nokre komponentar krev speialbehandling. Sjå Analyseoversiken.no​ for korrekt behandling av enkeltkomponentar.

Sentrifugering og framstilling av serum

  1. Prøvetakingsrøyra skal stå og koagulere. Vanleg koagulasjonstid er 30-60 minutt, men nokre komponentar krev spesialbehandling. Sjå Analyseoversiken.no
  2. Etter koagulering skal prøvetakingsrøyra sentrifugerast. Følg anbefalingar og retningslinjer frå røyrprodusent og laboratorium for riktig sentrifugeinstilling. Sjå også informasjon om sentrifugefart. Nokre komponentar krev spesialbehandling. Sjå Analyseoversiken.no
  3. Gelrøyr: Hugs å kontrollere at silikongelen legg seg som ein barriere mellom blodlekamane og serum. Heile prøvetakingsrøyret skal sendast til laboratoriet.
  4. Røyr utan gel: Serum skal overførast til eit transportrøyr like etter sentrifugering. Pass på at blodlekamane ikkje blir overførte til det nye røyret.
  5. Unngå å resentrifugere gelrøyr.

Sentrifugering og framstilling av plasma

  1. Prøvetakingsrøyr tilsett antikoagulasjonsmiddel (EDTA, heparin, citrat) for framstilling av plasma kan sentrifugerast like etter prøvetaking. 
  2. Røyr med gel: Hugs å kontrollera at silikongelen legg seg som ein barriere mellom blodlekamane og plasma. Heile prøvetakingsrøyret skal sendast til laboratoriet. 
  3. Røyr utan gel: Plasma overførast til eit transportrøyr like etter sentrifugering. Pass på at blodlekamane ikkje vert overført til det nye røyret. Merk røyret med riktig type plasma (EDTA-plasma, citrat-plasma, heparinplasma).

Haldbarheit

Alt prøvemateriale har avgrensa haldbarheit, sjå Analyseoversiken.no​. Ver merksam på haldbarheita ved sending over helga.

Merking og sending av prøvar

  • Prøvematerialet skal merkjast, emballerast og transporterast forsvarleg​ til laboratoriet etter gjeldande retningslinjer.
  • Prøvar som ikkje tilfredsstiller krava til pasientidentifikasjon og merking, oppbevaring eller haldbarheit, blir avviste av laboratoriet.

Handbok prøvetaking

Sist oppdatert 15.09.2023