Registerdagen i SOReg-N 2017
SOReg-dagen vart avvikla 30 mars på Clarion hotell, Flesland. Det var godt frammøte frå alle kantar av landet med 47 påmeldte.
![folk på soreg-møte](/4aa749/contentassets/ac2051e28327475eaf50537b1469933d/soregdagen-2017.jpg?format=webp&width=900&height=600&quality=80)
Dagen starta med ein gjennomgang av vanlege spørsmål ved plotting av data i SOReg. Det er viktig at variablane er forståelege og at alle brukarane har ei felles forståing av dei enkelte variablane.
Hovudtema for registerdelen av SOReg-dagen var ein presentasjon av Rapporteket ved Ketil Holden frå Helse Nord IKT. Rapporteket består av to hovuddelar: faste rapportar og datauttrekk.
I dei faste rapportane er der eit utval standardrapportar, med oversikt over tal pasientforløp, kjønn, alder og liknande. Det er også utvikla spesialrapportar for SOReg-N som viser kvalitetsindikatorane for behandlinga; liggedøgn, komplikasjonar, vekttap og del pasientar som har utfylte kontrollskjema.
Det blir mogleg å hente ut eigne data frå Rapporteket, enten ved å lage sine eigne «Ad hoc»-rapportar for det ein vil undersøke, eller ved å ta ut ein avidentifisert datadump.
Den faglege delen av programmet hadde «Korleis unngå vektauke i åra etter fedmekirurgi» som tema. Det vart presentert ulike kirurgiske tilnærmingar for å hindre vektauke og litt om pasientens perspektiv.
Til slutt heldt Jane Ogden, professor i psykologi ved University of Surrey, UK, innlegg om potensiell nytte av psykologisk oppfølging etter fedmekirurgi.
Potensiell nytte av psykologisk oppfølging etter fedmekirurgi (PP)