7. NOVEMBER 2023

Webinar: Blodberedskap i fred, krise og krig

Webinaret for blodberedskap i fred, krise og krig blei arrangert 7/11-23 med godt over 100 deltakarar frå heile landet. På denne sida vil me leggja ut materiell som er releveant til webinaret og til beredskapsplanane som skal utformast i blodbankane i Noreg.

Kart

Ressursar:

Spørsmål 1:

Når ein snakkar om å ha tilstrekkelege forsyningar som skal tilsvara 6 månader bruk, snakkar ein om forbruk tilsvarande fred eller krigstid? Reknar med at ein bruker meir forsyningar i krigstid/ katastrofetid.

Svar:

Anbefalinga frå dei regionale helseføretaka er at lager av kritisk utstyr skal vera på 6 månader. Utstyr til tapping og transfusjon av blod må reknast som kritisk utstyr. Ein prosess på regionalt nivå med meir konkrete anbefalingar til lager er i gang. Vi kan forventa at bruk av blod er ulik i krig samanlikna med fredstid, blant anna vil behovet for fullblod og prehospital transfusjon vera større i krig samanlikna med fredstid. Dette må ein ta høgde for i planlegging av lager.

 

Spørsmål 2:

Finnast det eit nasjonalt beredskapslager for forbruksmateriell (eks tappesett for framstilling av LTOWB og tappesett for fraksjonering)? 

Svar:

Kvart enkelt sjukehus og kvar blodbank har ansvar for å ha sitt eige beredskapslager, inkludert tappesett for framstilling av blodkomponentar og fullblod. Regionale prosessar for å kartlegge kva som skal reknast som kritisk utstyr for tapping og transfusjon av blod er i gang. Det er inngått ein kontrakt om nasjonalt innkjøp av 20.000 CPDA-1 fullblodsposar utan leukocyttfilter fordelt på de fire helseregionane. Beredskapsleiinga i de fire regionane har ansvar for innkjøp. Disse fullblodsposane kan brukast til å tappe fullblod av alle blodtypar ved en krisesituasjon. Innkjøp av tilhøyrande transfusjonssett/infusjonssett er det ikkje avtale på.

 

Spørsmål 3:

Det er vel fornuftig å ha ein nasjonal standard om heile kjeda om tidleg blødingskontroll, hypotensiv rescusitering, ikkje gi klare væsker som væskestøt, TXA, frysetørka plasma og LTOWB både militært og sivilt, samt både inhospitalt og prehospitalt på plass i denne beredskapsplanen? Det er no litt varierande rutinar på dette rundt i landet.

Svar:

Det er etablert nasjonale standardar for behandling av pasientar med alvorleg traumatisk bløding som er publisert i Nasjonal traumeplan (traumeplan.no)

 

Spørsmål 4:

Det er veldig fint at det blir talfesta krav til beredskapslager lokalt, men nye sjukehus blir planlagt og bygd utan tilstrekkeleg lagerplass, er dette noko som blir diskutert?

Svar:

Det er diverre ein utfordring at nye sjukehus ikkje blir bygd med tilstrekkeleg lagerplass, men det blir jobba i nokon helseregionar med sentrale regionale lager. Nokblod anbefaler at lager er lokalisert i beskytta anlegg.

 

Spørsmål 5:

Moglegheita for produksjon av frysetørka plasma saman med Sverige og Finland?

Svar:

Det er eit pågåande nordisk samarbeid om oppstart av produksjon av frysetørka plasma, sjå eiga sak på Nokblod si nettside.

 

Spørsmål 6:

Seleksjon av blodgivarar og forenkla blodgivarutveljing ved kriser. Blir det jobba med dette overordna, ev kor tid forventar ein å ha dette ferdigstilt? Eller bør kvar enkelt blodbank lage unntakskriterier? Pr i dag er de generelle vurderingane rundt blodgivarutveljing noko ulik mellom blodbankane.

Svar:

Nokblod jobbar med fraviksreglar og skal sende sine tilrådingar til Helsedirektoratet i 2024.

 

Spørsmål 7:

Bør alle blodbankane ha 6 månader lager av materiell eller skal vi tenke meir føretaksnivå?

Svar:

Alle blodbankar har ansvar for eige beredskapslager. I kva grad dette skal bli organisert på føretaksnivå eller for den enkelte blodbank må avgjerast internt. Men det er nødvendig at lager er lokalisert slik at det er sikker tilgang til materiale i krise og krig.

 

Spørsmål 8:

De har laga gode beredskapsplanar på papiret, men beredskap er noko ein må trene på. Beredskap er noko som sit i fingrane og ein skal ikkje berre veta, ein skal KUNNA om krig/krise rammer. Er det planlagt å øve/trene beredskap på blodbankar/sjukehus?

Svar:

Våre tilrådingar, nasjonale tilrådingar og overordna forskrifter seier at vi skal samvirke om beredskapsplanar. Dette krev og at vi øver og evaluerer planar saman på alle nivå. 

 

Spørsmål 9:

Kven bestemmer evt. at små-blodbankar og skal tappe fullblod og ha på lager? Beredskap på fullblodsposar i kvart helseføretak/helseregion? Bør alle blodbankar ha metode for fullblodstapping ferdig validert "in case"? Kva med ei nasjonal retningslinje for framstilling/oppbevaring av fullblod? Slik vi har forstått er det ulik praksis på dette i dag.

Svar:

Blodbankane blir eigd av helseføretaka. Alle blodbankar tappar i dag fullblod for produksjon av blodkomponentar, men nokon har og utstyr og prosedyrar for å tappa fullblod til transfusjon. Type blod og mengd einingar på lager varierer mellom sjukehusa. 40% av sjukehusa våre har ikkje blodplatehaldige blodkomponentar på lager, og kan difor ikkje gi tidleg balansert transfusjon som anbefala i dei nasjonale traumeplanane med erytrocyttar, plasma og blodplater.

Nokblod anbefaler at alle blodbankar har etablert prosedyre og har tilgang til utstyr for tapping av fullblod. Nødtapping av fullblod kan vera et livreddande tiltak for å skaffe blod til pasientar med livstruande blødingar i de tilfella der ein er i ferd med å tømme blodlager eller manglar eit blodplatehaldig produkt. Nokblod anbefaler at alle blodbankar er forberedt på å omstille produksjon til å levere ut fullblod i krisesituasjonar. Det er god beredskap å ha alternative planar klare.

Jamfør nasjonal traumeplan skal alle sjukehus i traumesystemet ha plan for å skaffe blod i forbindelse med masseskade.

Nokblod kan hjelpa i arbeid med prosedyrar og validering av innføring av fullblodprogram. Ta kontakt med oss ved behov. 

 

Spørsmål 10:

Er sivilforsvaret med i den jobben som blir gjort no, eller er det berre konsentrert til Forsvaret og blodbankane?

Svar:

Nokblod ønskjer kontakt med og samarbeid med frivillige organisasjonar og andre beredskapsorganisasjonar. Vi har tatt initiativ til dette og har starta samarbeid blant anna med Sivilforsvaret og Røde Kors.  

 

Spørsmål 11:

Kvar ligg ansvaret for beredskap? Er det Helseføretaka som bør dra denne prosessen i gang, eller er det heilt ned på blodbanknivå?

Svar:

I den nasjonale helseberedskapsplanen står det at «Den som har ansvar for eit fagområde eller ei teneste, har og ansvaret for nødvendige beredskapsførebuingar og handtering av ekstraordinære hendingar. Ansvarsprinsippet er nedfelt i lov av 23. juni 2000 nr. 56 om helsemessig og sosial beredskap (helseberedskapsloven) § 2-1.». Dette betyr at den enkelte blodbank har ansvar for at det blir etablert ein blodberedskapsplan som er gyldig for seg. Det skal vera beredskapsplanar på alle nivå, lokalt, regionalt og nasjonalt.

Sist oppdatert 05.06.2024