Preanalytisk fagsenter

Korrekt prøvetaking og prøvehandtering før analyse er avgjerande for eit korrekt analyseresultat både når det gjeld prøver til klinisk kjemiske analysar, mikrobiologi, hormon, medisinsk genetikk, transfusjonsmedisin, immunologi og patologi.

Fagsenteret ønsker å samle, bygge opp, og synleggjere den preanalytiske fagkompetansen som er i Laboratorieklinikken ved Haukeland Universitetssjukehus, for ytterlegare å kunne kvalitetssikre analyseresultat og forbetre pasientsikkerheita.

  • Øke fokus på det preanalytiske fagområdet
  • Promotere det preanalytiske fagområdet
  • Være eit samlings- og kontaktpunkt for preanalytisk fagområde
  • Rådgje innanfor preanalytiske problemstillingar i forskingsprosjekt og biobank
  • Bidra til å målrette forsking innanfor preanalytisk fagområde
  • Etablere og gjennomføre små og store preanalytiske forsking- og kvalitetssikringssprosjekt
  • Tilby rettleiing av studentar på bachelor-, mastergrad- og doktorgradsnivå
  • Tilby kurs og foredrag innanfor emnet

Fagsenteret har eit bredt kontaktnett av fagpersonar som vi kan formidle kontakt med ved behov for råd både innanfor førbuing til prøvetaking, sjølve prøvetakingen, identifikasjon og merking av prøven, prøvetakingsutstyr, prøvebehandling m.m.

En gruppe mennesker iført hvite labfrakker
 

​Bildet er tatt i forbindelse med oppstart av fagsenteret i 2016. 

Fagsenteret er samansett av bioingeniørar med lang erfaring og som representerer alle fagområda i Laboratorieklinikken. En av bioingeniørane har forskingskompetanse og har ei PhD grad.

  • Marit Sverresdotter Sylte, overbioingeniør/Phd, Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi
  • Sofie Sande, fagbioingeniør, Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi
  • Astrid Torvestad, spesialbioingeniør, Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi
  • Lene Henriksen Holm, spesialbioingeniør, Mikrobiologisk avdeling
  • Linda Fjellstad, fagbioingeniør, Avdeling for medisinsk genetikk
  • Nina-Marie Namtvedt, seksjonsleder, bioingeniør I, Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi
  • Oda Teige Kalsås, spesialbioingeniør, Avdeling for patologi



Ressurser

    Sist oppdatert 03.10.2023