To kvinnelige sykepleiere med pasient på sengepost. Foto

Lungeavdelinga post 3

Lunge post 3 er ein sengepost med 20 sengeplassar. Avdelinga utreder og behandlar i hovedsak pasientar med lungekreft, lungeinfeksjoner, KOLS og pasientar med cystisk fibrose. I tillegg har avdelinga eige luftsmitteisolat til pasientar med tuberkulose.

Kl. 17.00-20.00 alle dagar, i tillegg til kl 1400-1500 laurdag og søndag. 

Vi har eige samtalerom til bruk ved informasjonssamtaler med pasient og familie

Der er legevisitt alle kvardagar mellom kl. 09.00 - 11.00.
I helga er det ikkje rutine med legevisitt til alle pasientar. Har du spørsmål til vakthavande lege, kan du ta kontakt med sjukepleiar. Dersom du ønskjer at pårørande skal vere med på legevisitten, må
det avtalast dagen før. Ta kontakt med sjukepleiar dersom dette er aktuelt.
Den dagen du skal skrivast ut er det ikkje vanleg legevisitt, men legen vil gi deg utskrivingspapir og informasjon før du reiser.

• Trening med fysioterapeut. Du må ha tilvising frå lege.
• Samtale med sosionom. Lege eller sjukepleiar kan formidle kontakt.
• Samtale med sjukehusprest. Presten er tilgjengeleg for pasient og pårørande. Personalet kan formidle kontakt.

Blodprøver blir vanlegvis tatt klokka 08.00, 12.00, 15.30 og 19.30.
Om du veit det er bestilt blodprøver på deg, er det ein fordel om du oppheld deg på rommet på desse tidspunkta. Er du i tvil om du skal ta blodprøve kan du spørje sjukepleiar. Du må rekne med å vente litt både til blodprøvetaking og undersøkingar.

Helsepersonell har teieplikt. Det inneber at vi ikkje kan gi informasjon om din helsetilstand til pårørande utan at du har gitt ditt samtykke.
• Når helsetilstanden din gjer deg i stand til det, ønskjer vi at du sjølv informerer pårørande om helsa di.
• Kvar pasient bør ha ein pårørande som er hovudkontakt for helsepersonell. Vi treng namn og telefonnummer.
• Det er mogleg å avtale ein informasjonssamtale med legen, saman med ein eller fleire pårørande, dersom pasienten ønskjer det.

Avdelinga kan hjelpe til med informasjon og oppfølging av barn som er pårørande til alvorleg sjuke. Vi kan gi råd og rettleiing til føresette/besteforeldre, samt hjelpe til med å informere skule/barnehage og
helsesøster.

07.00 - 08.45 Vaktskifte og rapport. Blodtrykk-, puls- og temperatur-måling, og morgonstell
08.45 - 09.30 Frukost og medisinar
09.00 - 11.00 Legevisitt
12.00 - 13.00 Lunsj og medisinar
14.30 - 15.30 Rapport og vaktskifte
16.00 - 16.30 Middag
17.00 - 20.00 Visittid / besøkstid
19.30 - 20.30 Kveldsmat
21.00 - 22.00 Medisinar
21.30 - 22.00 Vaktskifte og rapport

Som pasient er du sjølv ansvarleg for verdisakene dine, så ta med minst mogleg til sjukehuset. Ved behov kan vi låse vedisakene dine inne. Da får du ei kvittering på det vi har tatt vare på.

Dersom du har lyst til å gå ein tur, er det fint om du gir beskjed til personalet før du går.

Vi har eit røykfritt miljø på Haukeland universitetssjukehus. Bruk anvist røykeplass. Næraste røykeskur er i 0. etasje.

Ønske om permisjon vil som regel bli innvilga etter avtale med lege. Vi gjer merksam på at reiseutgifter i samband med permisjon ikkje blir dekka av NAV eller sjukehuset.

Den dagen du skal skrivast ut vil det vanlegvis skje mellom kl. 13.00 og 16.00.

08.00-09.00 Frukost
12.00-13.00 Lunch
15:30-16.30 Middag
19.30-20.30 Kvelds
Sengeposten har eigen spisesal med kokk og buffet servering. Vi legg stor vekt på å tilby pasientar tilpasset og næringsrik kost. Spisestua er berre for pasientar. Pårørande og besøkande må kjøpe mat i kiosk, kafeteria eller på automat. Det er også to daglegvarebutikkar i nærleiken av sjukehuset. 

Det er besøkstid (visitt) i tidsrommet 17.00-20.00 alle dagar.

Besøk kan vere ei god avveksling når ein er pasient. Vi set stor pris på at pårørande og venner respekterer våre besøkstider. Vi har ansvar for å legge til rette for god pasientbehandling og arbeidsflyt i
avdelinga.

Ta ikkje på deg parfyme eller ta med blomster når du skal til Lungeavdelinga. Dersom pasienten ligg på einerom kan du høyre med personalet om han/ho kan ta imot blomster. Har pasienten einerom er det mogleg å ha besøk utanom vanleg besøkstid, og kanskje ta med blomster. Snakk først med personalet om kva som er best.

God handhygiene er viktig på sjukehus. Vi ønskjer at både pasientar og besøkande skal ha god handhygiene. Det heng fleire spritdispensarar i avdelinga som alle kan bruke.

Kontakt

Telefon

Føretrekt ringetid er mellom kl 12.00 - 14.00 og mellom kl 17.00 - 18.00.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

5. etasje i Sentralblokka på Haukeland.
Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta

Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.